Gripsrud med æresprofessorat

Publisert:5. januar 2011Oppdatert:9. september 2013, 16:52

Professor Jostein Grisprud skal tilbringe vårsemesteret i Brussel. Han har som den første medie- og kommunikasjonsforskaren fått prisen International Franqui Chair.

Professor Jostein Grisprud skal tilbringe vårsemesteret i Brussel. Han har som den første medie- og kommunikasjonsforskaren fått prisen International Franqui Chair.

Æresprofessoratet vert delt ut av den belgiske Franqui-stiftinga som vart oppretta i 1932 av Emile Franqui og Herbert Hoover. Tildelinga vert gjeven til ein til fem leiande internasjonale forskarar etter framlegg frå belgiske forskingsinstitusjonar. I år er den andre internasjonale Franqui-professoren John King frå North Carolina State University. Blant dei tidlegare innehavarne av æresprofessoratet er mellom anna Michel Foucalt og Paul Ricoeur.

Æresprofessoratet er knytta til Vrije Universiteit Brussel, Universiteit Gent og Université Libre de Bruxelles. Som æresprofessor skal Gripsrud gje ei offentleg tiltredingsførelesning, gje spesialisert undervisning til belgiske PhD-studentar og leie eit internasjonalt symposium på sitt felt. Gripsrud er den første norske forskaren som får tildelt International Franqui Chair, ifølge Institutt for informasjons- og medievitskap sine nettsider.

Franqui-stiftinga deler også kvart år ut ein årleg ærespris på 150 000 euro til framståande belgiske forskarar.

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed