Har ikkje kontroll på vitskapleg tilsette når terroren råkar

Publisert:17. november 2015Oppdatert:23. november 2015, 10:37
Bestiller ein tenestereiser via Berg-Hansen, reisebyrået UiB har avtale med, vil UiB få beskjed om det oppstår spesielle situasjonar i landet ein har reist til. Bestiller ein på eigen hand, er det litt meir tilfeldig om arbeidsgjevar veit kvar ein er. Foto: Colourbox

I kraft av si særleg uavhengige stilling, kan vitskapleg tilsette vere kvar som helst. Det gjer det vanskeleg å nå dei når terroristane slår til, krigen bryt ut eller elvene renn over. No varslar Universitetsdirketør Kjell Bernstrøm ein gjennomgang av rutinane.

– Vi har ein generell reisepolicy, der teknisk-administrativt tilsette er pålagte å følgje andre rutinar enn dei vitskapleg tilsette, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Universitetsdirektøren fortel at teknisk-administrativt tilsette skal bestille tenestereiser via reisebyrået Berg-Hansen. Dermed vil reisebyrået ha oversikt over kven som er i områder som vert råka av terror eller naturkatastrofar.

– Frå Berg-Hansen får vi automatisk lister over tilsette som har reist til dei aktuelle områda, seier Kjell Bernstrøm (biletet).

Teknisk-administrativt tilsette skal også fortelje nærmaste overordna kvar dei reiser og kvar dei skal vere. Leiinga har også god kontroll på kvar i verda UiB-studentar er til ei kvar tid.

Ingen overordna kontroll med dei vitskapleg tilsette
Den øvste leiinga har derimot ingen overordna oversikt over kvar dei vitskapleg tilsette er til ei kvar tid.

– Det er ei politisk avgjerd at dei skal ha ei særleg fri og uavhengig stilling, seier Kjell Bernstrøm

På institutt der dei vitskapleg tilsette reiser mykje, finst det i følge Bernstrøm eigne rutinar.

Varslar endring
Vitskapleg tilsette er ikkje pålagte å bestille reiser via Berg-Hansen. Men sjølv ei bestilling via reisebyrået vil  berre gje informasjon om kva flyplass ein reiste frå og kva flyplass ein landa på, ikkje kvar ein oppheld seg.

– Etter all denne uroa som har vore, har eg bedt HR-avdelinga starte eit arbeid med å sjå på rutinane for vitskapleg tilsette sine reiser. Eg nemnte dette også for dekanane i går. Gitt at uroa i verda held fram med å auke, må vi diskutere korleis vi prinsipielt skal handtere reisepolicyen vår, seier Kjell Bernstrøm.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed