Er dobbeltkompetent fleire år før skjema

Publisert:3. juni 2016Oppdatert:3. juni 2016, 13:46
31 år gamle Audun Havnen kom til Bergen for å gjennomføra eit dobbeltkompetanseløp i psykologi: Doktorgrad og spesialisering. Han vert ferdig to år før skjema.

Audun Havnen disputerer neste veke ved Det psykologiske fakultetet. I løpet av fire år er han nesten ferdig med både doktorgrad og spesialisering i psykologi.

Sju år skal det eigentleg ta å verta både psykologspesialist og ta doktorgrad. Audun Havnen kjem til å klara det på fem. Neste veke disputerer han med avhandlinga «Treatment of Obsessive-Compulsive Disorder and the Importance of Assessing Clinical Effectiveness». Han har eitt år att før han i tillegg kan kalla seg psykologspesialist i vaksenpsykologi.

– Når ein er i eit dobbeltkompetansesløp står ein fritt til å velja om ein vil gjera ein ting om gangen. Eg har heile tida hatt delt stilling mellom klinikken og UiB, seier Havnen.

Sju publikasjonar
Klinikken han snakkar om er OCD-teamet i Helse Bergen. OCD står for Obsessive Compulsive Disorder, på norsk tvangsliding.

– Eg har vore i eit fagmiljø der det vert lagt til rette for både forsking og klinisk arbeid. Rettleiarane mine har lagt til rette slik at eg har fått vera med på andre prosjekt som OCD-teamet driv, og eg har fått vera med og publisera andre arbeid enn artiklane som utgjer sjølve doktorgrada, seier Havnen.

I løpet av stipendiatperioden har han vore med på totalt sju publikasjonar; seks artiklar og eit bokkapittel. Tre av artiklane inngår i avhandlinga. Han har òg sendt inn ein fjerde artikkel som førebels ikkje er publisert.

Utgangspunktet for Havnen sitt doktorgradsprosjekt er at ein såg at gruppebehandling av tvangslidingar gir dårlegare effekt enn individuell behandling. Kunne ein kombinera dei to behandlingsformene? Det vart difor gjort forsøk med ein dags forbehandling før gruppebehandlinga.

– Det viste seg at mange av pasientane hadde stor effekt berre av forbehandlinga, seier Havnen.

Det var det som var tema då han vann Forskar Grand Prix i 2014: Kan ei tvangsliding behandlast i løpet av berre ein dag?

Kva er ein redd for?
Fire dagar er det vanlege når ein kjem til OCD-teamet. Dei nyttar eksponeringsterapi.

– Det første ein må finna ut, er kva den einskilde pasienten er redd for. Deretter kva han gjer av tvangshandlingar for å halda ubehaget vekke, forklarar Havnen.

Redsla kan vera knytt til daglegdagse hendingar som er sjølvsagte for dei aller fleste. Men for dei som lir av ei tvangsliding, kan lidinga vera heilt lammande for både arbeidsliv og privatliv.

– Nokre er til dømes redde for at det skjer noko gale dersom dei går på feil måte. Andre vert redde for at dei har gløymt å skru av kaffitraktaren. Dei tek gjerne bilete av traktaren, som er slått av, men kan så verta redde for at det har skjedd noko med biletet, sånn at det ikkje er sikkert at traktaren er slått av likevel, seier Havnen.

Det som skjer med dei som er råka av ei tvangsliding, er at angstsystemet vert aktivert, på same måte som dersom ein til dømes går på gata og nesten vert påkjørt.

– Mange av dei som har ei tvangsliding veit at tankane dei har er galne, men dei kjenner på eit ubehag og vert usikre likevel. Det er mykje skam knytt til ei slik liding, det er nokre som ikkje ein gong fortel om det til dei næraste. Korleis skal ein til dømes forklara at ein er redd for at ein kan koma til å skada sine eigne barn? Dei som har denne redsla, er redde for å verta misforstått, seier psykologen.

Vil både forska og vera klinikar
OCD-teamet vart starta av professor Gerd Kvale i 2012, og har vore ein stor suksess. I dag tek dei i mot pasientar frå heile Helse Bergen sitt nedslagsfelt. Pasientane kjem via fastlegane og deretter sitt lokale distriktpsykiatriske senter (DPS). Havnen seier at mange av dei har tilleggslidingar som til dømes depresjonar. Nokre er i jobb, men oppgir sjølv at dei fungerer dårleg. Andre er sjukmelde.

– Før OCD-temaet i Bergen vart danna var det ikkje noko særleg pågang av pasientar med tvangslidingar. Det skuldast neppe at det ikkje fanst pasientar, seier Havnen.

Han jobba på Østmarka, som er ein del av St. Olavs hospital og i hovudsak rommar Divisjon Psykisk helsevern, både då han var psykologstudent ved NTNU og etterpå. Her trefte han mellom andre Bjarne Hansen, som no er førsteamanuensis ved Institutt for klinisk psykologi og har vore Havnen sin birettleiar. Gerd Kvale har vore hovudrettleiar.

– Eg vart tidleg interessert i kunnskapsbasert behandling, og eg valte å søka jobb ved Østmarka heilt medvite, fordi eg visste at dei der hadde ein post for pasientar med etevegring og angstlidingar, seier Havnen.

6. juni disputerer han. Målet etterpå er å kunne både forska og vera klinikar.

– Eg er stolt over å ha vore ein del av det teamet som har vorte bygd opp i Bergen. Det er viktig å seia at det står eit heilt fagmiljø som står bak, eg har ikkje site åleine på eit kontor og skrive ei avhandling. No vert eg ein klinikar med forskingskompetanse, og er godt rusta for å jobba i spennpunktet der klinikk møter universitet. Eg er oppteken av at ein bør ha både god kvalitetssikring, òg god forsking i vanleg klinikkarbeid, seier Havnen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed