Vil slå saman Nifes og havforskinga

Publisert:11. mai 2017Oppdatert:11. mai 2017, 21:32
Fiskeriminister Per Sandberg ønskjer å slå saman Nifes og Havforskingsinstituttet.

I vinter blei det foreslått å samle Nifes og Havforskingsinstituttet under same tak. No vil fiskermininsteren slå dei saman. 

Havforskingsinstituttet har sendt ut pressemelding om saka, og inviterer til pressekonferanse kl. 1330 i dag. 

Framlegget frå Sandberg kjem i revidert nasjonalbudsjett, som blei lagt fram i dag. 

– Det er venta sterk vekst i marin sektor i åra framover. Det aukar behovet for meir kunnskap og fagleg samspel. Med det nye instituttet etablerer vi eit breiare og meir konurransekraftig institutt, òg internasjonalt, seier fiskeriminister Per Sandberg i pressemeldinga. 

– Fusjonen gir oss større breidde og betre mulegheiter til å jobbe meir heilskapleg med å forvalte ressursane i havet og langs kysten, seier Sissel Rogne, som er havforskingsdirektør. 

I konseptvalutgreiinga for det marine forskingsmiljøet i Bergen blei det foreslått å samle både Havforskingsinstuttet, Nifes (Nasjonalt institutt for ernæring og sjømat) og Fiskerdirektoratet under same tak

Nifes-direktør Ole Arve Misund skal uansett slutte for å byrje som direktør for Polarinstituttet 1. september 2017. 

– Samanslåinga av Havforskingsinstituttet og Nifes gir grunnlag for ein betre og meir relevant frambringing av kunnskap, og ein meir heilskapleg rådgiving, seier Misund.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed