Lønsvinnarar på Muséplass

Publisert:26. oktober 2017Oppdatert:26. oktober 2017, 06:00
Tore Tungodden, Kjell Bernstrøm og Ingar Myking tener alle omlag ein million kroner i året.

Dei fire nye stillingane på Muséplass har ei snittløn på 894 475 kroner.

Vitskapeleg tilsette sakkar akterut lønsmessig, seier Steinar Vagstad i Forskerforbundet. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien
Ei løn slik dei har på Muséplass, kan mange UiB-tilsette berre drøyma om, seier Randi Heimvik i Parat. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

– Det er mange professorar som kunne ønska seg den løna, seier Steinar Vagstad – sjølv professor – tørt.

På Høyden har bede om innsyn i løna til fleire av dei tilsette ved universitetsdirektøren sitt kontor. Sidan hausten har det vorte tilsett i 2,6 stilling som har ansvar for kontakt med styresmaktene og i ei stilling som har ansvar for universitetspolitikk og strategi. Ei av stillingane er rett nok berre 60 prosent. Men reknar ein snittløna ut frå dei lønstrinna stillingane er plasserte i, vert denne 894 475 kroner.

– Teknisk-administrativt tilsette er òg medlemmer hos oss, og det er ikkje slik at eg ikkje unnar dei sikkeleg betaling. Men dette viser at løna til vitskapeleg tilsette ikkje held tritt med lønsveksten – og leiinga har ikkje lagt to pinnar i kross for å gjera noko med det, seier Vagstad.

– For ikkje mange år sidan måtte ein administrativt tilsett minst vera avdelingsdirektør for å få like god løn som ein professor. No er det veldig få professorar som tener som ein fakultetsdirektør.

For ordens skuld: Som økonomiprofessor høyrer Vagstad til professorgruppa som har blant dei høgaste lønningane.

Fem lag

– Ei slik løn kan dei fleste UiB-tilsette berre drøyma om, seier Randi Heimvik, hovudtilllitsvalt i Parat.

Heimvik seier at UiB kan delast i fem lag: Rektor og hans stab, universitetsdirektøren sitt kontor, sentraladministrasjonen, fakulteta og institutta.

– Me ser at det til dømes vert større og større lønsgap mellom dei tilsette på fakultets- og instituttnivå. Jo nærare leiinga ein sit, jo betre tener ein, seier Heimvik, og legg til:

– I lønsforhandlingane måtte me kjempa for å få eitt ekstra lønstrinn til tannhelsesekretærane. For dei utgjer det mellom 4 000 og 6 000 kroner i året.

For dei som er plassert i stilling med høgt lønstrinn, kan eitt ekstra lønstrinn gi ein lønsauke på om lag 15 000 kroner.

Fleire rundt 900 000

Rune Indrøy kom med solid røynsle – og løn – frå TV 2 til UiB hausten 2015. Han har no ei løn på 1 078 000 kroner. Ingar Myking tener 988 600 kroner i året. Gyrd Steen og Jon Håkon Øen, som begge er tilsett for å ha kontakt med styresmaktene, tener 837 900 og 673 400 kroner. I tillegg har assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden ei årsløn på 1 100 400 kroner og avdelingsdirektør Kari Fuglseth ei løn på 938 600 kroner.

– Det er klart det er viktig å stilla spørsmål ved kor høgt lønsnivået bør vera i offentleg sektor, skriv universitetsdirektør Kjell Bernstrøm i ein e-post til På Høyden.

Sjølv er han omfatta av det statlege leiarlønssystemet. I førre universitetstyremøte drøfta styret ei sak som handla om direktøren si oppnåing av mål. Deretter er det Kunnskapsdepartementet som bestemmer løn.

– Me har rekruttert inn til nokre spesialiserte nøkkelstillingar der dei som vart tilsett hadde relativt høg løn frå før. Me ønskjer å vera konkurransedyktige i forhold til kompetanse, det kostar. Samstundes kan me ikkje konkurrera på løn med mange av organisasjonane i privat sektor, seier Bernstrøm.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed