Organisasjonen veks på toppen

Publisert:25. oktober 2017Oppdatert:25. oktober 2017, 15:09
Dei siste åra har det vorte fleire tilsette ved Muséplass 1. Nokre av stillingane er nyoppretta.

Dei siste to åra har det vorte fleire tilsette ved universitetsdirektøren sitt kontor. Samstundes skal administrasjonen kutta årsverk.

Per oktober har 17 personar, rett nok ikkje alle i full stilling, universitetsdirektøren sitt kontor som kontoradresse. Det er fleire enn for berre eit par år sidan. Sidan hausten 2015 har det vorte tilsett tre personar i til saman 2,6 stilling som har ansvar for kontakt med styresmaktene. I tillegg er Ingar Myking tilsett som avdelingsdirektør med ansvar for universitetspolitikk, strategi og leiarstøtte. Den gamle stillinga hans, kommunikasjonsdirektør, er lyst ut.

– Me i Parat synest ikkje noko om denne utviklinga. Kvar omstilling ved UiB har gjort at ein har fått fleire leiarar. Då eg vart tilsett for ti år sidan, hadde ein til dømes ikkje seksjonsleiarar, seier Randi Heimvik.

Ho er hovudtillitsvalt i Parat.

Ikkje garantert vikar

UiB-rektor Dag Rune Olsen er blant leiarane i sektoren som har vore kritisk til regjeringa sine såkalla effektiviseringskutt. Tre år på rad har offentleg sektor fått eit samla krav om effektiviseringskutt. Universitetsstyret ved UiB har vedteke å kutta til saman seksti stillingar i administrasjonen. I budsjettsaka, som universitetsstyret skal handsama torsdag, ligg det inne at administrasjonen skal kutta to prosent i effektiviseringstiltak. Fakulteta skal kutta 1,2 prosent til strategiformål og 0,53 prosent i effektivisering.

– Kutta kjem nederst i organisasjonen, der oppgåvene vert utført. Me ser at det ikkje er sjølvsagt å få inn vikar dersom tilsette er vekke i lengre permisjonar, i mange tilfelle får då kollegaene som er att fleire oppgåver, seier Heimvik.

– Samstundes ser me at det er ein stor vekst i talet på tilsette på Muséplass.

– Haug med direktørar

– Me er skeptiske til denne utviklinga. Men det er eit klassisk kutt – leiinga kuttar lengst unna seg sjølve. Bernstrøm har no ein haug med direktørar og tilsette som skal samordna kommunikasjonen. Men det er òg andre oppgåver ved UiB, seier Jørgen Melve.

Han er hovudtillitsvalt for NTL.

Også Steinar Vagstad, hovudtillitsvalt i Forskerforbundet, har lagt merke til at det flyttar fleire tilsette inn på Muséplass 1.

– Dersom ein samanliknar 2012 og 2017, så ser ein at det både har vore større vekst i årsverk og i løn i dei teknisk-administrative stillingane enn i dei vitskaplege. Ein får altså fleire årsverk, og ein får ein sterkare lønsvekst her enn for andre grupper, seier Vagstad.

Fem under Elvbakken

Då Kari Tove Elvbakken slutta som universitetsdirektør vinteren 2014, var det berre fem personar som stod med universitetsdirektørens kontor som kontoradresse. Sidan den gong har det vore nokre administrative endringar, mellom anna er no kollegiesekretariatet plassert under Bernstrøm. Der er det seks tilsette – men dei kjem i tillegg til dei 17 namna på oktober-lista.

Kjell Bernstrøm skriv i ein e-post til På Høyden at noko av veksten skuldast omorganisering og intern flytting.

– Samstundes er det slik at noko skuldast at universitetet har satsa spesielt på kontakt med styresmaktene og på universitetspolitikk, strategi og leiarstøtte.

– Kva oppgåver har dei med rådgivar eller seniorrådgivar-tittel?

– I tillegg til dei nemnde satsingane har kontoret ansvaret for arrangementsdrifta av universitetsaulaen, for ein rekke komitear og nemnder og for dagleg drift og leiarstøtte. Universteitet har òg styrka den juridiske kapasiteten vår, seier Bernstrøm.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed