Vil forstå kva menneska tenkte for 100 000 år sidan

Publisert:30. oktober 2017Oppdatert:31. oktober 2017, 08:57
Rektor Dag Rune Olsen fekk klippe snora mens direktør for SapienCE og assisterande direktør Eystein Jansen (til høgre) heldt snora. Dermed er jakta på opphavet til det innovative mennesket i gang. Foto: Tor Farstad

Homo sapiens var ferdig utvikla for over 200 000 år sidan. Men det er først dei siste 100 000 år det moderne mennesket byrja å lage avanserte reiskap, risse inn mønster og bruke symbol. Christopher Henshilwood vil finne ut korfor. 

Måndag opna det siste senteret for framifrå forsking ved Universitetet i Bergen, Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE). Prosjektet er tverrfagleg, og sjeldan ambisiøst: Når og korleis oppsto det moderne mennesket, med reiskapar, språk, samfunn og kultur? Og korfor skjedde det då? Var klimaet ein faktor? Maten? Endringar i menneskehjernen?

Utgravingar Henshilwood og kollegaene allereie har gjort i området viser bruk av symbol på objekt om lag 100 000 år tilbake i tid. Tidlegare trudde ein at det først var då homo sapiens kom til Europa at dei byrja å lage teikningar og symbol.

Henshilwood og kollegaene prøver på eit vis å løyse mysteriet ved når menneskearten homo sapiens gjekk frå å vere ein av mange artar på jorda, til å bli ein art med eit heilt eige utviklingsnivå og ei evne til innovasjon som er heilt unik.

Mykje å analysere

Blombos-hola i Sør-Afrika, om lag 250 kilometer aust for Cape Town, er heilt sentral i arbeidet. Ved denne hola sprang Henshilwood rundt som gut, og fann pilspissar. Det var ein av grunnane til at han blei arkeolog.

No har han jobba med tidvise utgravingar i hola i 25 år, og har store mengder materiale som kan analyserast.

– Vi grev ut veldig sakte i Blombos-hola. Kvar gjenstand som blir tatt ut blir registrert, og lagt inn i et 3D-system, slik at vi kan gjenskape heile hola. Det største problemet er faktisk at vi har alt for mykje materiale, og det vi bruker mest tid på er å finne ut kven som skal analysere alt som er funne, fortel professoren.

Dei har eigne laboratorium, og har dessutan ei rekke samarbeidspartnerar med sofistikerte analysemoglegheiter.  

Dedikert gruppe

Den vitskaplege interessa for tidleg steinalder - den paleolittiske perioden – i Afrika har auka sterkt.

– Tidlegare var det ingen interesse for denne perioden i Afrika. Men no er dei interesserte og har prosjekt alle saman: Amerikanarane, franskmennene og tyskarane. Men vi har dei beste utgravingsstadene, og det beste laget, seier Henshilwood, som sjølv er sørafrikanar.

– Det er og ein fordel, for eg kjenner området ekstremt godt, seier han.

Og laget han har samla er sett saman av fagfolk frå ei rekke ulike disiplinar:

– Det er ei veldig samansett gruppe, og dei er alle 100 prosent dedikerte til dette prosjektet.

Dette er nokre av dei som skal jobbe med prosjektet. Foto: Tor Farstad

SapienCE vil bli delt inn i seks forskingstema, som blir leia av framståande forskarar på kvart sitt felt. Dette er verktøya dei vil bruke og dei vitskaplege spørsmåla dei vil stille for å forstå korleis menneska som levde for 100 000 år sia:

1 Arkeologiske utgravingar i Sør-Afrika

Kva val og teknikkar bruker vi på utgravingsstadane for å ta best vare på materialet? Tradisjonelt har ein fokusert på funn av gjenstandar større enn 20 millimeter i utgravingar. SapienCE vil utvikle metodar for å ta vare på materiale heilt ned på mikronivå, og registrere dette i 3D.

2 Analyse av kulturelt materiale

Det viktigaste forståinga av symbol kjem frå gjenstandar. Kva er dei teknikkar må ein bruke for å få den beste analysen og tolkinga? Prosjektet vil bruke dei mest avanserte, moderne teknikkar som tilgjengelege.

3 Analyse av fauna-materiale

Kva metodar vil gi mest informasjon frå prøver av fauna frå sjø og land? Forskarane vil bruke data frå geomorfologi (vitskapen om landformer og prosessane som dannar dei), isotopar, fauna og skjell for å danne seg eit bilete av kva habitat menneska har levd i. Bruken av skjell som ein påliteleg matkjelde kan til dømes ha hatt ei kraftig effekt på overleving, mobilitetsmønster og sosial organisering for dei tidlege menneska.

Prosjektet vil òg gjere DNA-analyser av tenner som er funne på utgravingsstadane.

4 Rekonstruksjon av klima

Hadde klima og miljø innverknad på den tidlege utviklinga av oss om art? Regionen er særleg utsett for klimaendringar, som til dømes variasjonar i havnivå. Prosjektet vil difor freiste å rekonstruere klimaet i området for 50 til 100 000 år sidan.

Prosjektet vil òg sjå på tempoet og takten på innovasjon i menneskeleg oppførsel, i høve til dei arkeologiske funna. Skjer endringar i evne til innovasjon og fauna samtidig med klimaendringar? Dei vil og utvikle dateringsmetodar basert på ei rekke avanserte metodar. Karbondatering kan berre brukast om lag 50 000 år tilbake i tid.

5 Geoarkeologi og mikromorfologi

Kva kan ulike typar mikroanalysar fortelje om utgravingsstadene og livet folk levde? Slike metodar blir ofte kalla geoarkeologi, der ein studerer kjemi og mikroskopiske partiklar i jordsmonnet. I mikromorfologi studerer ein sjølve danninga av jord.

6 Den symbolske hjernen, kognisjon og sosial organisering

Kva er dei nevrobiologiske, kognitive og sosiale prosessane involvert i utviklinga av kreativitet og bruk av symbol? Korleis oppsto evna til nyskaping i vår art? Delprosjektet vil undersøke kva kognitive funksjonar som har vore naudsynte for å produsere ulike reiskap, og i kor stor grad dei tidlege homo sapiens var i stand til å tenke abstrakt.

På det siste temaet vil mellom andre hjerneforsker Kenneth Hugdahl bidra ved å bruke teknikkar frå funksjonell magnetresonanstomografi (fMRI). Teknikken gjer det muleg å sjå kva område i hjernen som blir aktivisert ved ulike tankar eller aktivitetar. Ved å vite kva reiskap eller andre gjenstandar steinaldermenneska har laga, kan ein sjå på hjernefunksjonane som blir brukt når moderne menneske lagar dei same tinga.

–  Ved å bruke fMRI kan du faktisk sjå kva område i hjernen som blir brukt når ein lagar slike steinalderverktøy, forklarer Henshilwood.

Sjølv om det ikkje er muleg å vite akkurat kva dei har tenkt, så kan metodane vise kva dei var i stand til å tenke.

Byrjinga av all teknologi

Den nye SFF-en er verkeleg tverrfagleg, og tek i bruk nyskapande metodar på mange felt. Og når Henshilwood har spurt folk om å bli med på prosjektet hans, har han berre møtt begeistring.

– Kva spørsmål håper de å få svar på i løpet av dei neste ti åra?

– Eg trur vi finn ut av om desse folka faktisk er våre felles forfedrar. Svaret er truleg ja. Vi veit allereie at alle menneske på jorda har afrikansk opphav.

Henshilwood er sikker på at prosjektet vil produsere store mengder ny kunnskap, i form av vitskaplege artiklar.

– Og det andre store spørsmålet vi vil prøve å forstå er korfor homo sapiens for 100 000 år sidan gikk over frå veldig enkel teknologi til meir avansert. Dei byrja å bruke symbol, rissa inn mønster og lagde vakre reiskap. Kanskje brukte dei dei til sosial funksjonar. Vi trur at den menneskelege hjernen var klar, men ikkje utvald på grunnlag av slike faktorar.

Under opninga mandag understreka han at det kanskje ser heilt annleis ut når prosjektet skal evaluerast i framtida.  

– Om fem år og ti år kan det vere vi har ei heilt anna historie å fortelje dykk. Men uansett kva som skjer er eg heilt sikker på at vi får ei heilt anna forståing for tidlege menneske. Det vi utforskar er byrjinga av all teknologi, av all kunst, seier Henshilwood. 

Dekan Jørgen Sejersted utførte eit gamalt ritual ved å gi blomar til senterleiar Christopher Henshilwood. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed