- Eg sit på akademisk death row

Publisert:12. januar 2018Oppdatert:12. januar 2018, 09:35
Nils Rune Langeland jobbar som vanleg, sjølv om han har fått avskjed frå Universitetet i Stavanger. Han meiner at arbeidsgivaren har ønska å kvitte seg med han heilt sidan saka sprakk i media, av frykt for omdømmet sitt. Foto: Marie von Krogh

Nils Rune Langeland har fått avskjed frå Universitetet i Stavanger. Likevel går han på jobb kvar dag.

I går, torsdag, kom tilsettingsutvalet til styret ved Universitetet i Stavanger til same resultat som før: Nils Rune Langeland får avskjed, og må ut. Men Langeland klagar saka til Kunnskapsdepartementet. Mens klagesaka pågår, jobbar han som før. 

Det siste halvåret har vore tøft for historieprofessor Langeland ved Universitetet i Stavanger. Mens han var på ein fjelltur i byrjinga av juli fekk han spørsmål frå Khrono om grove, seksualiserte meldingar han hadde sendt til unge kvinner. Han skjønte i byrjinga ikkje kva det var snakk om, men fekk sjokk då oppslaga byrja å poppe opp på skjermane: Sidan den gongen har Langeland blitt omtalt i 288 artiklar i norske medium, viser mediedatabasen Atekst.

Klagar på avskjed

Sidan har saka rulla vidare, og 24. november vedtok tilsettingsutvalet ved Universitetet i Stavanger (UiS) å gi Langeland avskjed etter statsansatteloven § 26. Denne veka skal Langeland si klage handsamast av UiS.

Forfattaren Maria Kjos Fonn hadde lagt ut meldingar som Facebook-vennen Langeland hadde sendt til henne. Han spurde om å få kjøpe trusene hennar, og om ho likte «rimming». Reaksjonane kom raskt, og fleire aktive brukarar av sosiale medium spreidde historia om den middelaldrande professoren som sende slibrige meldingar til unge kvinner.

Har det i kjeften

– Eg er på same måte som andre tilhengar av god folkeskikk, seier Langeland, som innrømmer at meldingane han sendte var langt utanfor, og at han aldri skulle ha send ei einaste. Han har bede om orsaking med brei pensel.

Eg er på same måte som andre tilhengar av god folkeskikk

– Eg har beklaga, til og med på Dagsrevyen. Dette var nokre stunt-meldingar, sendt i fylla. Eg er ikkje så dum at eg trur slike meldingar er ei form for flørt eller sjekking. Men eg har det i kjeften, og likar spissformuleringar. Eg har eit litt stunt-litterært gen.

Men han understrekar at genet berre sit i kjeften, og at han ikkje er fysisk:

– Eg er av natur ikkje ein som klengar meg inn på folk.

Pinleg og upassande

Langeland har reflektert over korfor nokre ufine meldingar frå han får så store konsekvensar.

– Kor mange upassande meldingar blir ikkje sende frå ein bardisk ein laurdagskveld?

– Men kor mange damer har du sendt grisete meldingar til?

– Eg kjem ikkje på nokon andre. Eg driv ikkje og teppebombar damer med slike meldingar. Det kan sjølvsagt vere ting eg har gløymt. Og no skal ein jo alltid leite etter elektroniske spor. Eg er sikker på at eg kunne ringt Maria Kjos Fonn dagen etterpå og beklaga, så kunne heile saka vore avklara på ti minutt. Vi menneske går jo ikkje rundt og loggfører alt vi seier, og syter for at alt er kvalitetssikra og politisk korrekt. Meldingane eg sende var pinlege og upassande, men det må vere rom for ei menneskeleg fjøringsmekanisme, synest Langeland.

Før kunne ein gjere dumme ting i fylla, og det meste ville vere gløymt dagen derpå. No blir alt arkivert elektronisk. Det har fått store konsekvensar for han. 

– Men eg har vore sleivete, naiv og dum.

Og han har sjølv trekt konklusjonen av det:

– No er eg heilt ute av sosiale medium, seier han.

Ikkje retta mot kollegaer eller studentar

Sjølv om han har fått hard medfart i sosiale og tradisjonelle medium, er Langeland likevel mest svimeslått av måten arbeidsgivaren har oppført seg på.

I eit brev 5. januar i år skuldar UiS han for å ha brote likestillingslova, utan at dei har forklart kva som er grunnlaget for skuldingane. Advokaten til Langeland, Kjell M. Brygfjeld, skriv at «Både det å lansere «Langelandsaken» som den utløsende faktor for kampen mot seksuell trakassering ved UiS, for deretter å beskylde professor Langeland for lovbrudd, kan vanskelig bedømmes på annen måte enn at man ser det som nødvendig å vedlikehold og å fremme uriktige og ærekrenkende påstander mot professor Langeland for å opprettholde et skinn, eller en fiksjon av at han skal ha begått lovstridig seksuell trakassering.»

Både Langeland og advokaten understrekar at avskjedssaka ikkje gjeld trakassering av kollegaer eller studentar ved UiS. Ei kvinne som var student hos Langeland våren 2017 har fortalt til Khrono at ho føler seg trakassert. Men sjølv om studenten følte seg trakassert, var meldingane likevel ikkje av ein slik art at UiS tok dette med i saka mot Langeland, ifølgje advokaten.

Vil ikkje dementere

– Heilt sidan i sommar har vi prøvd å få UiS til å dementere den falske oppfatninga av at eg har trakassert studentar ved UiS og kollegaer. Det finst ikkje ei einaste klage på meg på grunn av konflikt med kollegaer, og mange av dei er veldig sjokkert over måten eg blir handsama på. Dette er ikkje ei arbeidskonflikt, og det har ingenting med måten eg har vore lærar eller rettleiar på. Kort sagt har saka ingenting med jobben min å gjere, seier Langeland.

Dette er ikkje ei arbeidskonflikt, og det har ingenting med måten eg har vore lærar eller rettleiar på

Han viser til at han ikkje har fått klager på måten han har utført jobben sin som forskar og undervisar, verken frå kollegaer eller studentar.

Blei full på institutt-tur

Men alkohol har noko med saka å gjere.

Gjennom advokaten sin har Langeland sjølv fortald at han har eit alkoholproblem, at han har skrive dumme ting i sosiale medium i fylla.

På ein sosial tur til Krakow med Institutt for kultur- og språkvitenskap i april fjor blei Langeland nok ein gong full.

– Vi hadde denne turen til Krakow, der alle drakk alkohol, fortel Langeland.

Instituttet skjenka, hevdar han, og Langeland blei ufin i fylla.

– For sikkerheits skuld gjekk eg rundt og banka på dørene og ba alle om orsaking etterpå.

Denne turen er ein del av grunnlaget for avskjedssaka, men Langeland nektar for at det har skjedd noko seksuell trakassering.

Blåste promille på kontoret

I august i fjor inngikk Langeland ein Akan-avtale med UiS. Han skulle vere på kontoret mellom 0900 og 1430, og ikkje undervise i haustsemesteret. Det er vanleg at tilsette med alkoholproblem sprekk fleire gonger, og møter berusa på jobb. Difor inneheld slike avtaler ein gradert reaksjonsmåte, der ein til dømes går til avskjedssak tredje gong ein møter full på jobb.

Måndag 2. oktober kom Nils Rune Langeland på jobb, etter å ha drukke med ein kamerat natta før. Instituttleiaren fatta mistanke, og Langeland måtte alkotestast på sitt eige kontor. Han hadde ei promille på over 1. Etter det fekk han varsel om avskjedssak, og deretter avskjed.

Tabbe å gå med på undervisningsstopp

Advokat Brygfjeld har protestert mot avskjeden, og mykje av grunnen er at UiS ikkje følgde den avtalte opptrappinga med åtvaringar, før ein eventuell avskjed.

– Eg gjorde ei tabbe då eg gjekk med på å ikkje undervise i haust. Eg burde heller forklart til desse 20-åringane at eg har drite meg ut på nettet, dei ville sikkert forstått.

For Langeland blei det lansert som ein slags mediestrategi at han blei tatt ut av undervisninga, noko som vanlegvis blir sett på som eit gode av akademikarar som gjerne vil ha meir forskingstid. Strategien var uansett ikkje vellukka, for mange spurde korfor Langeland fekk sleppe å undervise etter det han hadde gjort.

Det viste seg at det var ei felle, eigentleg

– Eg fekk heller ikkje delta på faggruppemøtene til mi eiga faggruppe, fortel han.

Gjekk i felle

I ettertid trur han at UiS heile tida hadde planar om å gi han avskjed.

– Det viste seg at det var ei felle, eigentleg. Det var til dømes ingen rasjonell grunn til at eg ikkje skulle møte på faggruppemøte. Eg veit ikkje riktig korfor dei har gjort det slik, men eg trur det koker ned til mediemerksemda, til frykta for omdømet deira.

I det delvis sladda vedtaket om avskjed som På Høyden har fått tilgang til etter å ha klaga på manglande innsyn hos UiS, går det fram at omdømme er ei viktig del av vurderinga til UiS: «Langelands adferd er belastende for arbeidsmiljøet ved Institutt for kultur- og språkvitenskap, og for universitetets omdømme.»

– Men du har ikkje handla så smart ved å møte berusa på jobb etter fleire åtvaringar?

– Nei, det var sjølvsagt ikkje så klokt. Men det viser og at opplegget UiS hadde laga ikkje var fylt av velvilje, ettersom dei brukar første og beste høve til å gi meg avskjed. Og dette er ikkje ein avskjed om handlar om jobben eg har utført. Eg meiner at det botnar i irrasjonelt raseri. Og så er byråkratiet slik at det berre vil strø sand på vedtaket.

Under Akan-regime

Langeland har fått oppfølging av bedriftshelsetenesta under Akan-regimet. Men han opplevde at kontakten med sjukepleiaren som skulle følgje han opp og blei brukt mot han:

– Vi hadde ei veldig hyggeleg tone, og eg sendte ho eit par spøkefulle meldingar i samband med at ho skulle passe på at eg ikkje drakk.

«Jeg skulle ønske du var min domina..» skreiv han, men følgde rett etterpå opp med at det sjølvsagt var ein spøk, fortel Langeland.

Det han såg på som ein spøk er no blitt ein del av grunnlaget for å gi han avskjed.

– Det meiner eg er eit brot på teieplikta for helsepersonell, og eg ser heller ikkje korleis det bryt med tenesteplikta mi som professor. Men det viser kor ivrige UiS har vore i deira jakt på noko dei kan ta meg for.

Les kva UiS-rektoren svarer på påstandane her.

Må bli kvitt fylla

– Korleis ser du på alkoholproblemet ditt?

– Eg tek det veldig alvorleg, og vil bli kvitt fylla. Eg er heilt innforstått med at eg må bli kvitt slike fyllekuler. Men eg har aldri hatt noko problem med å vere avhaldsmann i lange periodar. Det er særleg alkoholrelaterte episodar kombinert med sosiale medium som har skapt problem for meg.

Mens klagen på avskjedsvedtaket blir handsama, arbeider Langeland som før, med full løn.

Eg har funne ut at den bester terapien er å leve litt rutinemessig

– Eg er full av ambisjonar, og har masse ting eg vil ha gjort.

Nett no gjer han ferdig ein stor artikkel om aksjeloven av 1910.

– Eg har funne ut at den bester terapien er å leve litt rutinemessig. Eg jobbar, og trenar. Og så har eg gode vener som har støtta meg heile vegen.

Predator-avatar

Langeland fekk si sak eksponert før #metoo-kampanjen byrja. Men han trur ikkje det har vore gunstig for reaksjonen på hans handlingar at seksuell trakassering har vore særleg aktuelt.

– #metoo blandar saman nattlege meldingar på Facebook med alvorlege overgrep. Det er somme tider den totale uproporsjonalitet, og lynsjelogikkens vesen. Ein kan spørje seg om det er eit sivilisatorisk framsteg å gi etter for folkedomstolar. Det er ein grunn til at vi dei siste 2-300 åra har etablert eit uavhengig rettsvesen.

Langeland saknar òg eit offentleg rom som er litt meir hjartevarmt og romsleg, og som ikkje konkluderer alt for bombastisk.

– Mine kritikarar ser for seg ein teikneseriefigur, ein avatar av professor Langeland, som går rundt i gangane på universitetet som ein predator og antastar kvinner.

Yrkesforbod eller erstatning

Difor ser han fram til det dersom klagen hans ikkje blir tatt til følgje, men kjem opp i rettsvesenet. Rettspraksisen på feltet er samansett: Det er ikkje slik at ein automatisk kan få avskjed om ein har drukke alkohol på jobb, til dømes blir det på mange arbeidsplassar servert alkohol ved nokre høve.

Når det gjelder seksuell trakassering er det endå mindre rettspraksis. Ein UiB-professor fekk i 1997 avskjed frå Universitetet i Bergen etter grov seksuell trakassering av kvinnelege kollegaer, inkludert å ha pressa seg til sex med ei kvinneleg underordna.

I andre tilfelle skal det mykje meir til før arbeidsgivar vel å gi folk avskjed. Ein vitskapleg tilsett ved UiB slapp til dømes unna med skriftleg åtvaring etter å ha blitt tatt med metamfetamin, slik at han måtte sone i fengsel og ikkje kunne møte på jobb. 

Men for Langeland valde altså UiS å gå for avskjed: 

– Eg sit på akademisk death row. Dersom UiS eller Kunnskapsdepartementet ikkje omgjer vedtaket, så reiser saka såpass mange prinsipielle spørsmål at ho kan gå heilt til Høgsterett. Då får eg avklart om eg i realiteten har fått yrkesforbod i Norge, eller om eg får oppreising og millionerstatning.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed