Skipsvrak gav mediabølger for Athen-institutt

Publisert:30. januar 2018Oppdatert:30. januar 2018, 06:00
Dei maritime arkeologane Angelos Tzompanides og Ekaterini Tagonidou under registrering av amforaer, langhalsa keramikkvasar. Foto: Frode Kvalo

Ei samling gamle skipsvrak og fleire ankerstader frå romersk og bysantisk tid er oppdaga utanfor øya Naxos i Hellas. Oppdagingane vart gjort av ei norsk-gresk forskargruppe knytt til Det norske institutt i Athen.

Arkeologane leitte etter den sørlege hamna på Naxos, historisk knytt til den bysantinske busetjinga Kastro Apalirou, ein festningsby plassert på ein fjelltopp. Ein lokal dykkar, Manolis Bardanis, tok dei med til to rev. Der fann arkeologane ikkje berre fleire keramikkvasar, men også anker, eit teikn på at dei hadde kome over eitt eller fleire skipsvrak.

På det eine revet var det funne last frå det vestlege Vesleasia, og frå den tidlege romartida (frå 100 f.v.t til 300 e.v.t.). På det andre identifiserte ein snart tre skipsvrak frå høvesvis den hellenistiske perioda (321 – 31 f.v.t.), frå keisartida (27 f.v.t. – 284 e.v.t.) og frå seinromartida (100 – 300 e.v.t.). Ved vidare utforsking med sonar er det funne fire ytterlegare skip, som enno ikkje er vitja av dykkarar, og difor ikkje datert.

Konsentrasjonane av skipsvrak og innhaldet i vraka stadfester teoriane om at Naxos hadde ein knutepunktfunksjon i romerske og middelalderske handelsruter og handelsnettverk.

– Ruta fulgte nokre av Dodekanesane og heldt fram gjennom dei egeiske øyane, fortel arkeolog Sven Ahrens, som er knytt til prosjektet, til den israelske avisa Ha’aretz.

– Fordelen med ei slik sjørute nær land var at den baud på mange hamner og ankerplassar der ein kunne søkja ly. På lesida beskytta øyene noko mot vind og bølgjer. Difor kan me anta at mykje av aust-vest-trafikken gjekk gjennom sundet sør for Naxos, i det minste i keisartida.

Internasjonal medieblest

Nettopp ein omfattande artikkel i Ha’aretz, som er ei av Israel sine mest kjende aviser, vart startskotet for internasjonal merksemd rundt funna. Etter at Ha’aretz skreiv om skipsvraka har ei rekkje medier gjort det, blant andre både Daily Mail og Newsweek.

Merksemda kan vera gull verdt for Det norske institutt i Athen, som har eit uavklara tilvære frametter.

– Me har meir undervisning enn nokonsinne, og svært gode resultat med våre utgravningsprosjekt, seier bestyrar Jorunn Økland, som fortel at aktivitetsnivået også elles er høgt.

– Likevel er instituttet sin situasjon så uviss at me ikkje veit om me eksisterer ved utgangen av neste år. Grunnen er at Universitetet i Tromsø har trukke seg frå samarbeidet om instituttet, og at NTNU er i ferd med å gjera det same. Dermed står berre Oslo og Bergen igjen som eigarar, og sjølv om det har vore kjend ei stund, veit me framleis ikkje kva dei kjem til å gjera.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed