UiS endrar ikkje vedtak om avskjed

Publisert:11. januar 2018Oppdatert:11. januar 2018, 16:08
Universitetet i Stavanger vil framleis gi historieprofessor Nils Rune Langeland avskjed. Det avgjorde tilsettingsutvalet til styret torsdag. Foto: Marie von Krogh

Tilsettingsutvalet kom ikkje uventa til den same konklusjonen som sist, og vil gi den omstridde professoren avskjed.

Rektor og tre andre styremedlem sit i tilsettingsutvalet. Protokollen frå møtet i dag viser at dei framleis meiner at det ikkje er nokon annan råd enn å gi Langeland avskjed: 

<<Styrets ansettelsesutvalg konkluderte med at klagen fra Langeland ikke gir grunnlag for å omgjøre avskjedsvedtaket. I tråd med forvaltningsloven §33, oversendes klagen til Kunnskapsdepartementet, som rett klageinstans, jf universitets- og høgskoleloven § 11-3 (2)>>

Men som før røysta representanten for dei tilsette mot å gi Langeland avskjed. 

Professoren og advokaten har allereie varsla at dei vil ta saka så langt dei kan: No går klagen videre til Kunnskapsdepartementet, før det eventuelt blir rettssak. 

Avskjeden er grunngitt med at Langeland har møtt berusa på jobb, og at han har sendt grove meldingar til unge kvinner. Langeland sjølv peiker på at det ikkje har komme klager på arbeidet hans, og at ingen av tilfella av seksuell trakassering gjelder kollegaer eller studentar ved UiS. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed