Hjernemannen

Publisert:16. mars 2018Oppdatert:16. mars 2018, 06:00
Professor Kenneth Hugdahl har fylt sytti, men med ERC-stipend i lomma held han fram som professor ved UiB. 16. mars arrangerer Institutt for biologisk og medisinsk psykologi eit internasjonalt Hugdahl-symposium i Bergen.

Programstyrt forsking bremsar vitskapen, meiner hjerneforskar Kenneth Hugdahl. Han har meir tru på dei ville ideane.

Nej, det är inget exceptionelt med min hjerna, seier professoren i biologisk psykologi ved Universitetet i Bergen (UiB). Han stryk over frontallappen, riv halvdelane frå kvarandre og sprekk opp i eit sjarmerande, men litt skrudd glis. Den gulna versjonen av Hugdahls eiga hjerne er rett nok i plast, ein kopi frå 3D-printaren. Men for moro skuld la han halvdelane på vekta. Normalt skulle venstre hjernehalvdel vere litt tyngre enn høgre, for der sit språket.

– Men nei, så var det inte.

Det er visst ikkje vekta det kjem an på. Hugdahl er hjerneforskar i verdsklasse, mest kjent som tidlegare leiar for den såkalla fMRI-gruppa i Bergen, og som forskar på «stemmer i hovudet», hallusinasjonar hos menneske med schizofreni. Hugdahl har meir enn 350 fagfellevurderte publikasjonar og standardverk i mursteinsklassen bak seg, i ein karriere som spenner over 40 år. No kunne det ha vore slutt. Som statstilsett er sytti fylte år grenseposten. Han har prestisjetunge prisar nok til å kvile på laurbær livet ut.

 Ein uuthaldeleg tanke for professoren.

Utanfor boksen

Redninga vart tjuefem millionar kroner frå det prestisjetunge ERC Advanced Grant, som Hugdahl har fått for andre gong. Her i landet er det berre nobelprisvinnar Edvard Moser som har klart det før han. Dette var nok til at Kunnskapsdepartementet let Hugdahl bli i jobben.

Så her er han som før, på kontoret i BB-bygget. Nokre tidsskrift strødd utover bordet er det einaste som bryt symmetrien: Science, Nature, Laterality. Og ein fersk bunke Scandinavian Journal of Psychology, som Hugdahl sjølv var redaktør for i ei årrekkje, og som denne gongen kjem med spesialnummer om UiBs hjernestjerne.

– Om eg likevel skal seie noko om hjernen min, må det vere at eg har ei evne til å tenke utanfor faste mønster, utanfor boksen. Der ligg utfordringa for ein vitskapsmann. Det gjeld å ikkje sitje fast i det vi kan og har lært frå før. Det vi alt veit, er ikkje eit vitskapeleg problem, seier Hugdahl, og sirklar inn ein kjepphest:

Forsking og vitskap går hand i hand – men forsking er ikkje det same som vitskap.

– Forsking er kvantitative forbetringar av eksisterande kunnskap og struktur. Vitskap er kvalitativt nye idear, definerer Hugdahl.

Hugdahl illustrerer poenget med historia om ein svensk skihoppar han har interessert seg for.

Vitskapeleg V-stil

Den umeritterte og litt klossete hopparen var uheldig og skia glei ut for han. Livredd sigla han gjennom lufta med skituppane sprikande til kvar sin kant. Då han redda seg inn, hadde han hoppa 20 meter lenger enn alle andre. Ikkje lenge etter hoppa alle på same måte.

– Nordmennene hadde lenge testa og undersøkt ut korleis ein burde vinkle kroppen, halde hendene og så vidare for å hoppe langt. Det var forsking. Så kom denne ukjente fyren frå Sverige, Jan Boklöv, og gjorde ein feil. Etterpå begynte han å reflektere over kva han eigentleg gjorde. Jau, kroppen hamna mellom skia, som eit segl. Det oppstod ein kvalitativt ny ide, basert på eit mistak. Og det skapte eit gjennombrot og ei gjennomgripande endring, seier Hugdahl.

Men i forskingsverda, meiner Hugdahl, blir rommet for å utforske ideane stadig trongare.

– Dessverre blir løyvingane stadig oftare låste i såkalla program. Vitskapelege mål blir forveksla med politiske mål. Ein bestemmer på førehand kva det skal forskast på. Men ein kan ikkje vedta vitskap i møte hos Forskningsrådet. For å bli nyttig, må du først få lov til å vere unyttig. Ingen har nokon gong bestemt seg for eit vitskapeleg gjennombrot, kanskje med unntak av atombomba.

Sjølv får Hugdahl idear på joggeturane sine, som han med fanatisk disiplin har gjennomført dagleg like lenge som han har vore forskar, ja, og vitskapsmann. Ein halv time uti turen, ein stad mellom Nattlandsveien og Tveitevannet, får han fyr på synapsane, dei små kontaktane mellom hjernecellene. Eit innfall kan for eksempel føre til at han slepp å pensjonere seg.

Det siste stipendet frå ERC fekk han etter ein søknad som bygger på ein i prinsippet enkel ide.

Mot ny behandling

I lang tid hadde Hugdahl forska på korleis hallusinatoriske stemmer dukkar opp i hovudet på schizofrene. Men stemmene er ikkje konstant til stades i hovudet på pasientane. Dei kjem og går, dei fluktuerer.

– Alle har fokusert på kva som hender når stemmene oppstår. Men så begynte eg å tenke, kva hender når dei blir borte? Kunne det ha med ubalanse mellom signalstoff i hjernen å gjere? Kort sagt, kva får stemmene til å fluktuere? Det var ideen, seier Hugdahl.

Om Hugdahl og kollegaene hans finn svaret, vil det vere eit vitskapeleg gjennombrot – og på sikt skape nye måtar å behandle schizofreni-pasientar med hallusinasjonar på.

­– Så får eg håpe eg lever lenge nok og at universitetet vil ha meg!

Fødd til rett tid

Ein januardag i 1984 fekk Hugdahl eit brev frå UiB. Dei tilbydde 36-åringen eit professorat. Kenneth nølte. Framtida var planlagt tett på Universitetet i Uppsala. Den yngste dottera var begynt på skule. Dei hadde kjøpt leilegheit. Men kona Märit var klar for å prøve regnbyen.

– Eg har aldri angra, seier Hugdahl.

Han er fødd i Östersund, i Jämtland. Om vi trekker det litt langt, noko Hugdahl ikkje har noko imot, kan vi seie at han kom heim. Jämtland var norsk fram til 1645. Etternamnet kjem frå ein utvandra trønder. Rett nok er ikkje trøndaren biologisk i slekt. Kenneth vart fødd Karlsson etter faren som han aldri har møtt. Fem månader gammal kom Kenneth i fosterheim hos ekteparet Hugdahl, som adopterte han.

Det var på ingen måte eit springbrett til ei akademisk framtid.

– Eg hadde gode og omsorgsfulle foreldre, eg kunne ikkje hatt ein betre oppvekst. Økonomisk sett var det derimot tronge kår, fortel Hugdahl. Fram til han var tretten budde han og familien i eitt rom og kjøkken, utan bad og sentralvarme. Men han gjorde det bra på skulen. Og han voks opp i ei tid då utdanningssystemet vart opna opp og nye låne- og finansieringsordningar oppretta, slik det og vart i Noreg. 

– Hadde eg vore fødd ti år før, hadde eg aldri gått på universitetet, seier Hugdahl.

I 1967 gjekk han ut frå gymnaset i Östersund, rota litt rundt på juss, deretter sosiologi og økonomisk historie før han landa på psykologi og bestemte seg for å bli forskar.

Arbeidarklassebakgrunnen har han alltid hatt med seg. Han kallar seg sosialdemokrat, utan at det er partipolitisk. Han meiner dei som har skal dele med dei som ikkje har. Men i dag, etter det han kallar ei formidabel klassereise, høyrer Hugdahl til ein elite. Han held likevel ein knapp på breidde i forskings- og utdanningssystemet.

– Satsing på eliten har absolutt noko for seg. Men breidde er trass alt viktigast. Dess høgare utdanningsnivå i eit samfunn, dess betre fungerer samfunnet, seier Hugdahl.

Alt var (ikkje) betre før

Professoren set den gulna hjernen saman att, halvdelane heng fint saman. Men det er ikkje til å kome ifrå: Det minkar med tid, og hjernen jobbar ikkje akkurat raskare med åra.

– Problemet er at evna til å skape koplingar mellom nervecellene blir svekka med alderen. Erfaringa veks, men kreativiteten minkar. Det er derfor vi eldre blir litt meir rigide. Det derfor vi så lett seier at alt var betre før. Dette er ein tanke eg kjempar imot, seier Hugdahl.

For Kenneth Hugdahl skal vidare, alltid vidare, i vitskapen og i livet. Men det var vanskeleg, då Märit gjekk bort nyttårsaftan 2016.

– Eg kjende meg einsam. Eg var nøydd til å gjere noko dramatisk. Så då eg var på hyttetur med døtrene mine, leigde eg slalåmski. Det var femti år sidan sist hadde prøvd meg i bakken, i Östersund. Eg fekk validert at måten eg tok meg ned bakken ikkje var heilt på jordet, men heller ikkje meir, seier Hugdahl.

No har han ein ny partnar, og ser lysare på livet.

Hugdahl har også tatt opp ein gammal hobby, som begynte med ni hol i Åsane på midten av åttitalet.

Svingslaget

– Eg har alltid likt golf. Det er noko med koordinasjon, motorikk og syn. Å få til eit svingslag er ganske avansert sett frå ein hjerneforskars perspektiv. Men til mi store overrasking viste det seg den gongen at eg var håplaus, så eg la golf på hylla, seier Hugdahl.

Då han nærma seg sytti, tenkte han at tida var inne til å prøve igjen. No er han medlem i Fana golfklubb. Merkeleg nok går det betre med svingslaget.

Korleis har det gått til?

– Eg har lese og reflektert mykje, prøvd å finne ut korleis eit svingslag bør utførast. Sett på YouTube har eg også gjort. Det er ei forklaring. Den andre forklaringa er at eg er blitt eldre. Eg slappar meir av med eigne prestasjonskrav, seier Hugdahl.

Han fiklar litt med den gulna plasthjernen.

– Det er noko herk å bli gammal. Men nokon gonger kan det ha sine fortrinn.

16. mars arrangerer Institutt for biologisk og medisinsk psykologi eit symposium i samband med at Kenneth Hugdahl fyller 70 år. Fleire norske og utanlandske forskarar held innlegg relatert til Hugdahls forskingsfelt. «Hemisperhic asymmetry and beyond: Auditory neuroscience in language and psychiatry research».

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed