Døra på gløtt for IKT-samling på Marineholmen

Publisert:30. april 2018Oppdatert:2. mai 2018, 08:43
Ei arbeidsgruppe har tilrådd tettare samarbeid og mogleg samlokalisering av IKT-fag ved UiB. Informatikk held i dag til på Marineholmen. Foto: Sandra Jecmenica

Media City Bergen har truleg for knapt med areal. Marineholmen har døra på gløtt. Men det er høgst usikkert kor det kan bli plass til å samle IKT-faga ved UiB.

Eigedomsavdelinga ved UiB har ikkje kome i gang med noko utgreiing av eventuell lokalisering.

– Vi venter på at den formelle behandlinga av rapporten blir fullført og dei formelle avgjerslene frå universitetsleiinga, seier eigedomsdirektør Even Berge ved Universitetet i Bergen (UiB).

Rapporten frå «Arbeidsgruppe for sterkare satsing på IKT og digitalisering» går inn for tettare samarbeid og samling av IKT-fag ved UiB, som i dag er geografisk spreidd og plassert på ulike fakultet: Informatikk held til på Det matematisk-naturvitskapelege fakultet. Informasjonsvitskap har sidan 2004 vore ein del av Institutt for informasjons- og medievitskap på SV-fakultet. Digital kultur er knytt til HF.

– Ikkje fullt

Rapporten peikar på Media City Bergen (MCB) som ein ønskeleg stad å lokalisere eit samla IKT-miljø i framtida. Det har også andre gjort.

– Ei ideell plassering for vår del, sa professor i digital kultur, Jill Walker Rettberg til På Høyden.

– Det er ikkje fullt, og vi har ein dynamikk i huset som gjer at vi kan finne løysingar, seier utleigesjef i Entra, Christian Rustad. Det er Entra som leiger ut i MCB.

Det skal likevel godt gjerast at det skal blir mogleg å skaffe nok areal til alle IKT-forskarane og studentane der. Entra truleg kan tilby ein heil tårnetasje og ordne minst hundre arbeidsplassar, i tillegg til bruk av felles areal- og fasilitetar, men det er neppe nok. Berre Institutt for informatikk disponerer i dag 4700 kvadratmeter i Høyteknologisenteret på Marineholmen.

– Ut frå vår kunnskap om Media City er det ikkje ledig plass til ei så stor eining som dette kan bli, seier eigedomsdirektøren på UiB.

– Vi veit også at det ikkje er plass til alle i nokon av lokala der dei ulike IKT-faga held til i dag, seier Berge.

4000 kvm.

Ifølgje administrerande direktør i GC Rieber Eigedom, Tor Instanes, er det likevel ikkje utenkeleg at det kan bli husrom i Marineholmen Forskningspark, der 5000 arbeidstakarar og studentar er engasjert i forsking, utdanning og næringsliv.

I 2016 overtok UiB eigarskapet til det meste av bygningsmassen i Høyteknologisenteret, der Institutt for informatikk er i dag. Men Rieber har behalde ca. 4000 kvadratmeter, dei fire øvste etasjane, i Datablokken.

– Eg er ikkje kjent med planane om eventuell samlokalisering av IKT-fag på universitetet. Vi har ingen konkrete planar om å selje arealet i Datablokken, men vi har ved fleire høve leigd ut areal til UiB. Å frigjere deler av Datablokken for at IKT-faga kan samlast vil vere mogleg. Å legge til rette for tettare kobling av UiBs IKT fag og legge til rette for gode møteplasser mellom IKT-faga og resten av det marine miljøet på Marineholmen, er ein svært spennande tanke. Vi har ein god dialog med UiB om korleis Marineholmen skal utviklast vidare. Er det eit ønskje om å samlokalisere IKT faga på Marineholmen, vil vi gjere det vi kan for å få det til, seier Instanes.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed