Fryktar fleire lukka dører på UiB

Publisert:10. april 2018Oppdatert:14. mai 2018, 19:59
- Som mange andre trudde eg det var ein aprilspøk. Eg blei mildt sagt overraska då eg forstod at det ikkje var det, seier Synnøve Fluge om universitetsleiinga sine planar om å legge ned På Høyden. Foto: Tor H. Monsen

– Ytringsrommet krympar dersom På Høyden blir lagt ned, meiner tidlegare representant i UiB-styret, Synnøve Fluge.

– Eg ser dette som eit forsøk på å disiplinere og sentralisere, og trur nedlegging av På Høyden vil innebere ei innskrenking av den lokale dekninga og debatten, seier Fluge.

Fluge sat i UiB-styret frå 2015 til februar 2018 som representant for dei mellombels tilsette.

UH-sektoren er under press frå mange kantar, og med ei sentralisering er eg uroleg for kor det skal bli rom for dei viktige diskusjonane.  På universitetet er det mange maktprosessar bak lukka dører. Utifrå eit demokratisk perspektiv er eg veldig glad for at På Høyden bankar på desse dørene. Når nålauget for sakene skal bli nasjonalt, fryktar eg endå fleire dører blir verande lukka.

Fluge synest framlegget frå universitetsleiinga er underleg, særleg med tanke på rundane universitetsstyret tidlegare har gått om universitetsdemokrati.

– Som mange andre trudde eg det var ein aprilspøk. Eg blei mildt sagt overraska då eg forstod at det ikkje var det, seier Fluge.

Ønsker større nasjonalt ansvar

Planane om å legge ned På Høyden til fordel for opprettinga av ein lokalredaksjon av Khrono skal opp i Universitetsstyret førstkomande torsdag. UiB-leiinga, med rektor Dag Rune Olsen i spissen, ønskjer å ta større ansvar nasjonalt og fokusere meir på studentar.

Men etter at planane vart kjent rett etter påske, har fleire både på og utanfor universitetet stilt seg kritiske til forslaget om å legge ned UiBs uavhengige avis. Blant desse er Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås og politisk redaktør i Bergens Tidende, Frøy Gudbrandsen. Også styreleiar i På Høyden, Jan Heiret, har gått ut mot planane.

– Eg kan ikkje sjå fordelane ved å etablere eit samarbeid med ein tidlegare høgskule i Oslo, særleg ikkje viss redaktøransvaret blir flytta til Oslo, seier Heiret til Bergens Tidende.

Den første styreleiaren i På Høyden, etter at avisa vart redaksjonelt uavhengig i 2011, var professor i samanliknande politikk, Stein Kuhnle. Han meiner Khrono-initiativet er poenglaust etter at NTNU og UiO takka nei til å bli med.

– Merkeleg om UiB går inn

– Det ville vere merkeleg om UiB skulle gå inn i dette. Det blir jo ikkje eit felles nasjonalt organ, slik den opphavlege ideen var. Heile poenget fell bort. Eit nasjonalt organ kunne hatt noko for seg, men når dette uansett ikkje ligg an til å vere eit samlande alternativ, ser eg ikkje kva UiB vinn på å gå inn i OsloMet med sin publikasjon. Då bør ein heller tenke nytt. Kanskje kunne eit utvida lokalt eller regionalt organ vore eit alternativ. UiB er tent med å ha eit uavhengig På Høyden med eit eige styre.

I saksframlegget til UiB-styremøtet 12. april går det fram at det har vore jobba med ein avtale med OsloMet sidan i fjor sommar. På Høydens styre og redaksjon vart først informert om planane rett før påske i år. Rammerverket for avtalen er ifølgje sakspapira alt klart.

– Det er rart at styret i På Høyden ikkje er trekt inn i drøftingane, og det hadde vore naturleg å trekke avisa med i framtidsdiskusjonen, seier Kuhnle.

­– Bør tenkast gjennom

Professor i medievitskap ved UiB, Jostein Gripsrud, meiner det er forståeleg at UiB-leiinga interesserer seg for Khrono. Han åtvarar likevel mot å legge ned på Høyden.

– Det er behov for eit organ som dekker sektoren nasjonalt og tar tak i store forskings- og utdanningspolitiske spørsmål, sidan resten av pressa ikkje gjer jobben. Khrono har tatt den posisjonen, og det er forståeleg at ein tenker i den retninga ein gjer. Men løysingane bør tenkast grundigare gjennom. Løysinga er ikkje å legge ned På Høyden. Eg kan ikkje sjå at verken UiB, NTNU eller UiO har noko plikt og ansvar til å bygge opp eit nasjonalt organ med base i OsloMet. Eg er imot filialisering av redaksjonen. UiB må kunne støtte Khrono utan å legge ned si eiga avis, seier Gripsrud.

Han ønskjer at På Høyden sjølv i større grad tar tak i viktige, nasjonale saker i UH-sektoren.

– På Høyden gjer ein viktig jobb med å grave i saker lokalt, men det er for lite dekning av dei overordna forskingspolitiske sakene, seier Gripsrud.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed