Khrono-redaktør: Ønskjer ikkje å legge ned På Høyden

Publisert:11. april 2018Oppdatert:14. mai 2018, 20:03
Khrono-redaktør Tove Lie eller OsloMet-rektor Curt Rice står saman om å ville utvikle Khrono til eit nasjonalt organ. Men ingen av dei ønskjer å leggje ned På Høyden.

Verken Khrono-redaktør Tove Lie eller rektor ved OsloMet, Curt Rice, har sett for seg at På Høyden skulle leggast ned.

– Eg har aldri gått inn for eller sagt at På Høyden bør leggast ned, og så vidt eg veit har heller ikkje OsloMet gjort det, seier redaktør i Khrono, Tove Lie, til På Høyden. Curt Rice er rektor ved OsloMet, som gir ut Khrono.

Rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen, har tidlegare stadfesta at dette er ein del av planen om å kjøpe seg inn på eigarsida til Khrono. 

– Eg tenker at det er bra med fleire stemmer, det er ikkje noko mål i seg sjølv å ha éin publikasjon, seier Lie. Ho seier ho aldri har blitt informert eller høyrt noko om nedlegging utanom det ho har lese i På Høyden og andre media.

Treng pengar

Styret ved dåverande Høgskolen i Oslo og Akershus, no Oslo Metropolitan University (OsloMet), endra formålsparagrafen til Khrono i 2015. Målet var «å dekke universitets- og høgskolesektorens virksomhet og relaterte temaer lokalt, nasjonalt og internasjonalt».

– Det trengst pengar for å nå dette målet om å ta det nasjonale rommet. Eit år seinare viste det seg at høgskolen ikkje ville gå inn med meir pengar. Det var det som førte til ideen om å invitere andre institusjonar inn på eigarsida, seier Lie.

I november 2016 lansert Curt Rice tanken på eit seminar i Fagpressen.

– Eg var ikkje orientert om dette på førehand. Men eg syntest det var ein spennande tanke, og vi var samde om å gå vidare, etter ein prosess i Khrono-styret, seier Lie.

Lokalt som nasjonalt

– Dersom utfallet blir at UiB og OsloMet blir einige om felles eigarskap av Khrono – kor tenker du at redaktøren skal sitje?

– Korleis dette skal fungere veit eg ingenting om, det er ingen som har sagt noko til meg om dette enno. Eg har derfor ikkje gjort noko vurdering av dette. Eg ventar og vil sjå på ei endeleg avtale om framtidig eigarskap i Khrono.

– Kva tenker du om det lokale stoffet i ein publikasjon med nasjonale nyheitskriterier?

– Dette er redaksjonelle vurderingar vi må gjere og få til ei løysing på. Khrono lagar kritisk journalistikk lokalt frå ulike stader, som kan og skal vere interessant for resten av landet.

– Er du open for andre samarbeidsmodellar, dersom den noverande planen ikkje blir realisert?

– Ja, det er eg. Då Khrono starta opp i 2013 hadde vi møte med dei andre sektoravisene, blant dei På Høyden. Då fekk vi vere med på samarbeidet og stoffutvekslinga dei hadde frå før. Men så avslutta Universitetsavisa og Uniforum samarbeidet med oss. Då må vi sjå på andre måtar å samarbeide på.

Khrono-redaktøren seier at målsetjinga står fast uavhengig av utfallet i forhandlingane med UiB – å vere ei nasjonal og kritisk avis i UH-sektoren.

– Då er punkt ein å skaffe ressursar for å realisere det målet, seier Lie. Det er i dag berre UiB-leiinga som offentleg har uttrykt ønske om å bli medeigar i Khrono. Ifølgje Khrono-redaktøren skal også Universitetet i Tromsø vere interessert. 

Ikkje nødvendig konklusjon

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm ved UiB seier til På Høyden at det er «ikkje nødvendigvis ein konklusjon at På Høyden vert lagt ned».

– Det står i sakspapira. Og sidan OsloMet og Khrono seier at det ikkje kjem frå dei, kor kjem forslaget frå då?

– Det står at På Høyden skal avviklast i si noverande form. Men dette er noko som må greiast meir ut om. Vi legg fram ei løypemelding for styret, og dersom styret går med på saka slik ho ligg føre er dette noko som må utgreiast før 31. mai. Styret skal i morgon seie noko om den vidare retningen, seier Bernstrøm.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed