Sjå bileta frå doktorpromosjonen

Publisert:30. april 2018Oppdatert:30. april 2018, 10:00

Nye doctores vart feira i universitetsaulaen den siste fredagen i april.

Isbre, oljeutvinning, helseplager etter Sløvåg-ulukka og sosiale medium og alkoholbruk.

Dette er berre nokre av temaa som UiB-stipendiatar har disputert over dei første månadane i 2018. Fredag feira UiB 53 nye doctores og ein kandidat som har bestått det treårige programmet for kunstnarleg utviklingsarbeid. Promosjonen gjekk som vanleg føre seg i aulaen, der rektor Dag Rune Olsen helsa dei nye doctores.

Jutta Saima Schloon hadde tale på vegne av dei nye doctores. Ho høyrer til ved Institutt for framandspåk og disputerte med ei avhandling om den tyske diktaren Stefan Georges.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed