– Bygg nytt universitet i Bergen

Publisert:8. mai 2018Oppdatert:8. mai 2018, 09:54
Bergen taper terreng i konkurransen om å bli flinkast i IKT-klassen, meiner professor Kai A. Olsen.

UiB taper i konkurransen med Trondheim og Oslo, meiner informatikkprofessor Kai A. Olsen. Lag eit IKT-universitet i Bergen, foreslår han.

Universitetet i Bergen (UiB) skal «styrke og konsentrere» IKT-satsinga, og ei arbeidsgruppe har tilrådd at dei eksisterande IKT-faga blir samla under same tak. I dag er informatikk, informasjonsvitskap og digital kultur spreidde geografisk og på ulike fakultet.

Kai A. Olsen er redd det går for tregt og for smått.

Eit eige universitet

– Det som trengst i Bergen, er eit eige IKT-universitet, seier Olsen, som er professor ved Høgskolen i Molde og professor II i informatikk ved UiB.

Mange har i årevis tatt til orde for å slå saman inoformasjonsvitskap og informatikk. Men Olsen trur motstanden mot ei samanslåing av IKT-faga ved UiB fortsatt er stor i delar av universitetet, og at frykt for å miste studentar og inntekter til andre fakultet ligg bak.

– Både i Oslo og Trondheim har ein i dag sterke, samla miljø. Eg var ein av dei første uteksaminerte frå datalinja på NTH i Trondheim i 1974, då hadde UiB alt halde på i mange år og låg langt framme. Men sidan har UiB tapt terreng. Det har samanheng med at ein i Bergen aldri har greidd å samle IKT-faga, meiner Olsen.

– Ikkje vente på Oslo

Ideen til eit nytt universitet vart først lansert i eit debattinnlegg i Bergens Tidende. «I gamle dager kom de nye ideene frå kontinentet, via København og etter hvert til Oslo, langt senere utover i landet», skriv Olsen.  

– Det er ingen grunn til at det skal vere slik i våre dagar. Vi treng ikkje sitje å vente på Oslo, vi har det som skal til i Bergen. Med forskinga på UiB, finansteknologi frå NHH og dei meir praktisk orienterte faga frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) vil det bli ein kraftpakke av eit vestlandsk IKT-universitet. På denne måten vil vi ta forspranget på både Trondheim og Oslo, seier Olsen til På Høyden.

Han ser for seg at UiB, NHH og HVL saman skal eige eit nytt IKT-universitet.

– Det vil gi eit tungt og slagkraftig miljø både for forsking og undervisning. Det vil også bety mykje for å tiltrekke seg ressursar både frå Noreg og EU, studentar og gode forskarar. I tillegg vil IKT-universitet i Bergen bety svært mykje for næringslivet i regionen, seier Olsen.

Inspirert av København

– Men er det realistisk?

– Det er gjerne ei radikal tanke, men det var også ideen om å opprette NTH i 1900. Sikkert er det at NTH og NTNU har betydd enormt mykje for Trondheim.

Olsen viser til København, som fekk sit IT-universitet i 1999, og som i dag har 2000 studentar og utdannar på alle nivå.

– Vi kan la oss inspirere av det, men om vi startar eit universitet i Bergen må det byggast på samarbeid mellom miljøa som finst. I København vart institusjonen etablert i konkurranse med andre.

Sjølv om Olsen i prinsippet støttar den planlagde samlinga av IKT-fag under UiB-paraplyen, er han skeptisk til framdrifta.

– For meg ser det ut som det ikkje finst nok trykk og vilje til å drive dette fram.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed