Diskuterer nasjonal avis med NTNU og UiO

Publisert:11. mai 2018Oppdatert:11. mai 2018, 06:00
Gunnar Bovim (til høgre), rektor ved NTNU, og UiB-rektor Dag Rune Olsen skal i samtalar for å finne ut om det er grunnlag for tettare samarbeid om ei nasjonal avis for universitetssektoren. Foto: Ida Bergstrøm

Etter at UiB-styret sa nei til å legge ned På Høyden, jobbar leiinga med fleire nye modellar for samarbeid.

Rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen, skal samtale om universitetsaviser med både NTNU og UiO. NTNU er utgivar av Universitetsavisa, medan Uniforum er UiOs uavhengige avis.

Både UiO og NTNU er opne for tettare samarbeid og nasjonale løysingar, men har vore negative til å gå inn som eigar i Khrono, etter at OsloMet inviterte til dette i fjor.

UiB-styret gav i møtet i april universitetsleiinga i oppdrag å utgreie fleire modellar «for å posisjonere UiB og Bergen i videre utvikling av en nasjonal offentlig arena for vår sektor». I dette låg eit krav om å involvere fleire aktørar enn Khrono. Forslaget frå rektor om å legge ned På Høyden og samstundes kjøpe seg inn i Khrono møtte kraftig motbør på møtet.

«NRK-modellen»

Særleg to variantar av eit utvida samarbeid ser ut til å peike seg ut frå UiB-hald: Det som er blitt omtalt som «Schibsted-modellen», og ein utvida versjon av denne, omtalt som «NRK-modellen». Begge er tenkt som plattform for å samle universitetsaviser i Noreg under same paraply.

Schibsted-modellen legg opp til forpliktande samarbeid med stoffutveksling, redaksjonell samhandling, men med vidareføring av eksisterande titlar og merkevarer. NRK-modellen er meir integrert, med felles namn og ein sentral fellesdesk for dei regionale redaksjonane.

Begge modellane har som utgangspunkt at fleire enn På Høyden og Khrono kan bli med, som Universitetsavisa, Uniforum, og kanskje også forskning.no.

– I utgangspunktet har eg mest sans for «NRK-modellen». «Schibsted-modellen» legg primært opp til stoffsamarbeid, men vi ønskjer ei meir integrert og overordna løysing, seier Dag Rune Olsen.

– Kva skal til for at du vil gå inn for ein slik modell?

– Det avgjerande er at vi får til eit nasjonalt løft, at vi greier å løfte den nasjonale debatten og får til ei slagkraftig avis. I tillegg er det viktig å ta vare på det redaksjonelle behovet lokalt. Men det er ikkje sikkert vi greier å finne ein modell som kan ta inn alt.

Dersom NTNU eller UiO skulle gå inn for eit tettare samarbeid – korleis vil du stille deg til det?

– Det vil vere uhyre interessant for meg å kunne legge fram på møtet i UiB-styret 31. mai.

NTNU: Tenker om igjen

Organisasjonsdirektør ved NTNU, Ida Munkeby, seier til På Høyden at dei vil ta opp spørsmålet om samarbeid på nytt.

– Det er fornya kraft i diskusjonen, og derfor er det naturleg å sjå på dette med friske auge. Modellane som UiB jobbar med er blant det vi skal ta stilling til. Vi er opptekne av verdiane som ligg i Universitetsavisa og ønskjer å ha ei avis tett på. Men vi har ikkje gjort oss opp noko meining enno, seier Munkeby.

Styreleiar i På Høyden, Jan Heiret, seier at styret no har ein tett og god dialog med UiB-leiinga.

– Vi er samde om målet, å oppretthalde ein uavhengig redaksjon i Bergen og styrke den nasjonale dekninga av forskings- og utdanningspolitikk. Eg er veldig fornøgd med at UiB-leiinga vil styrke den kritiske journalistikken, seier Heiret.

Heiret deler synet til UiB-rektoren på «NRK-modellen».

– Den er mest offensiv og gir ei redaktørstyrt, nasjonal plattform med sjølvstendige redaksjonar intakt. Det er mange detaljar som må avklarast i ei slik løysing, blant anna korleis redaktøransvaret skal handterast. Ei mogleg løysing er å rotere dette ansvaret mellom redaksjonar. Eg er uansett glad for at UiB ønskjer å legge fleire journaliststillingar inn i ein slik modell, seier Heiret.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed