Doktorgrad, bachelorgrad, mastergrad, Celsius.

Publisert:31. mai 2018Oppdatert:31. mai 2018, 16:22
- Eg brukte nokre år på å knekke koden: Eg er mest produktiv utandørs, seier Lars Petter Klem, som snart, veldig snart skal ha mastergrad i boks. Foto: Njord V. Svendsen

Langt fleire enn vanleg stig i gradane ved universitetet.

Det er ikkje berre berre å få tenkt og gjort det ein skal.

Han ligg på rundt 30 grader. Det hjelper liksom ikkje gå ut. Hjelper ikkje gå inn. Vindauge står på sine vidaste gap. Folk er nesten nakne for kvarandre.

Rektor Olsens twitterkonto distribuerer rett nok kortbukseforbod. Men rosa skjorte har han, kanskje i respekt for dei vakre solnedgangane for tida, då han drar i gang UiBs styremøte, med dei siste viftene frå lageret på Clas Ohlson durande i bakgrunnen. Det er skogbrannfare ute, og er ikkje vitsane hans endå eit hakk tørrare ein normalt?

Institutt for administrasjon- og organisasjonsvitskap er pakka inn i presenningar. Berre i tilfelle det skulle regne, slik at målarjobben skal gå etter planen. Men alle planar sprekk, skylaget har sprokke.

Sprekk, sprakk, har sprokke.

Det går mest i presens. Ein må ta det som det kjem. Fram til neste sprekk.

Men altså, ut frå presenningen og Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, kjem Tor Halvorsen i kule solbriller, han har forska ikkje så reint lite på det afrikanske kontinentet, han veit kva det går i. No er det så mange grader inn på kontoret at det berre er å gå heim. Eller sykle, sakte.

Som sagt, folk er nesten nakne for kvarandre, og ein av dei er Lars Petter Klem. Han sit utanfor SV-bygget og gir seg over til denne gasskula på himmelen, som det no nesten går an å forstå at er så stor, at ho kan romme ein million jordklodar (kjelde: Store norske leksikon).

– Eg har to veker igjen, seier Klem.

Til graden er i boks. Forhåpentleg i boks.

– Det er faktisk mykje lettare å sitje ute enn inne, eg blir meir produktiv, seier Klem, og hevdar han har empiri.

Han ser ut til å nyte det så lenge det varer. Om to veker skal mastergraden i samfunnsgeografi vere i boks.

– Eg klarer ikkje ta dette vêret som eit dårleg teikn, men den gjennomsnittlege temperaturauken over mange år, ja, det er eit dårleg teikn, seier han.

Nei, vi er glade i godt vêr i Bergen. Det e’kje det.

Og om det så blir for godt, for lenge, og folk til slutt er så nakne for kvarandre at rektor Olsen stiller i shorts, ja, så må the show go on. På lesesalane, og på benkar utanfor, på kontor og toalett. Styret må halde sine styremøte. Filosofar må tenke sine tankar, om enn hakket varmare enn vanleg.

Administrasjonen must go on.

– Vi har så mykje regn og kulde at eg tar dette med godt humør. Med litt goodwill går det fint. Men eg er sikkert ikkje den rette å snakke med for eg berre elskar varme og fint vêr, seier Alice Grenasberg på Seksjon for dokumentasjonsforvaltning.

Rett skal verre rett, også ho har sikra seg ei av dei siste viftene, men det gjer det berre litt mindre heitt.

Inne på lunsjrommet er det litt svalare. Ein av medarbeidarane har rigga seg med storskjerm og tastatur, ho er ikkje typen som liker å bli kokt, eller som forventar effektivitet med solstikk. Men ho er glad i godt vêr, det er ikkje det.

I ein av glasbollane på bordet ligg Toblerone-sjokolade som er like varm som menneska rundt, men har ein annan konsistens, inntil vidare. Han er rundt tretti grader no, minst. I den andre glasbollen bur ein liten tropisk karpefisk.

Han er i Bergen. Der har han det som fisken i vatnet.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed