NHH om IKT-universitet: – Ein interessant ide

Publisert:14. mai 2018Oppdatert:14. mai 2018, 13:19
Prorektor for utdanning ved NHH, Linda Nøstbakken. Foto: Eivind Senneset

Lag eit nytt IKT-universitet i Bergen, foreslo informatikkprofessor Kai. A. Olsen. NHH er ikkje avvisande til ideen.

– Dette er ein heilt ny ide som verkar interessant. NHH er generelt interessert i samarbeid, og særlig dersom dette kan auke kvaliteten på det vi gjer eller hjelpe oss til å drive meir effektivt, seier prorektor ved NHH, Linda Nøstbakken.

Ho understrekar at NHH ikkje har diskutert eller tatt stilling til forslaget.

Det var Kai A. Olsen, professor II i informatikk ved UiB, som lanserte ideen om å lage eit eige IKT-universitet i Bergen, bygd på samarbeid mellom UiB, NHH og HVL. Bakgrunnen var prosessen ved UiB for å samle og samordne IKT-faga der. Olsen meiner arbeidet går for sakte, og at UiB taper terreng til miljøa i Trondheim og Oslo.

Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, har ikkje tru på ideen.

– Det høyrest veldig framoverlent og ekspansivt ut. Men det er ikkje sikkert at å bygge store organisatoriske strukturar er det viktigaste for å få til samhandling. Universitet» er jo avleidd av det latinske universitas, eit ord som viser til at noko skal ha den heile og fulle breidda. Ideen om eit IT-universitet er det motsette, seier han.

Dag Rune Olsen avviser Kai A. Olsens påstand om at det går for tregt og smått med å samle IKT-faga ved UiB.

– Vi har eit godt grunnlag for dialog om ei samling av IKT-faga ved universitetet.

Ei samling av IKT-fag ved UiB har vore debattert i mange år. I oktober 2017 avleverte ei arbeidsgruppe ein rapport som går inn for dette. Gruppa med instituttleiarar skal også gå gjennom utdanningstilbodet innan IKT og foreslå felles kurs og program som skal vere for alle studentar – med sikte på sikre brei digital kompetanse på universitetet.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed