– Ny studentvilla er essensielt for heile student-Bergen

Publisert:30. mai 2018Oppdatert:30. mai 2018, 16:11
Nikolai Klæboe skal leia Studentparlamentet det neste året. Han skal ha jamnlege møte med både rektoratet og med studentane som sit i universitetsstyret. – Problemet med å vera studentpolitikar er at det ikkje er me som sit på pengane, seier han.

– Ein ny studentvilla er lova, så dette er ei prinsippsak, seier nyvalt Studentparlamentsleiar Nikolai Klæboe.

Det vert ikkje noko av studentvillaen som var tenkt oppført bak Kvarteret i Olav Kyrres gate. Bergen kommune seier nei. Hovudårsaka er at bygningen som er planlagt er sett på som for stor, heiter det i sakspapira til universitetsstyret. Dei skal handsama ei sak om masterplan for areal i møtet torsdag.

– Det er utruleg at denne saka har teke så lang tid. Mange av studentorganisasjonane manglar skikkelege kontorplassar. Å få på plass eit nytt bygg for studentane er essensielt for heile student-Bergen.

Det seier Nikolai Klæboe. Måndag vart han valt som leiar for Studentparlamentet ved UiB. Det betyr at han skal vera studentpolitikar på heiltid det neste året. Studentvilla er ei av sakene han vil ta tak i.

– Studentane har vorte lova ein ny villa, så dette er ei prinsippsak, seier han.

I sakspapira vert det skildra ei løysing der ein byggjer eit mindre bygg som kan romma aktivitetane som i dag har hus i Fosswinkels gate 7. Men Nygårdsgaten 1B, som skulle seljast, må vera som det er.

Bakgrunn frå AUF

– Det er utruleg givande og gøy, seier Klæbo om kvifor han vel å engasjera seg, og no på heiltid, i studentpolitikken.

Han har ein bachelorgrad i administrasjons- og organisasjonsvitskap, og i tillegg bakgrunn frå AUF. I Studentparlamentet representerer han Sosialdemokratisk liste.

Sjølv om kalenderen straks viser juni, og semesteret går mot slutten, er det no arbeidet byrjar for ein fersk studentleiar. Juni er spekka med møte mellom den gamle og nye studentparlamentsleiinga, både for å få overført saker, men òg kompetanse om den daglege drifta. Når studentparlamentet tidleg i haust vedtek arbeidsprogrammet sitt, veit Klæboe og Maren Voldsnes Iversen (Liberal liste), Andreas Trohjell (Realistlista) og Eira Vilde Garrido (Vensteralliansen). Dei fire er til saman arbeidsutvalet, og er hundre prosent frikjøpt det neste studieåret.

– Det Studentparlamentet vil, er det me skal jobba for, seier Klæboe.

Vil ha obligatorisk digitalisering

Men nokre saker veit han allereie at vil verta viktige det komande året: Vidareføring av klimamåla som er vedtekne og vidareføring av Aldri OK, som er ein studentdriven kampanje mot trakassering. I tillegg nemner Klæboe to saker som han vil fokusera mykje på. Den første er digitalisering.

– Eg synest ikkje UiB nyttar dei moglegheitene som finst godt nok, seier Klæboe.

– Meiner du at godt vaksne undervisarar skal ta i bruk hjelpemiddel som snapchat og kahoot?

– Eg trur mykje handlar om opplæring og å visa kva som finst av digitale verktøy. Eg meiner ein bør ha obligatoriske kurs for vitskapeleg tilsette. Det er ikkje sikkert det er meir enn to seminar som skal til.

Den andre saka er foretaksmodellen. Klæbo peikar på den saka som den viktigaste i sektoren.

– Ein foretaksmodell kan velta heile sektoren slik me kjenner han i dag. Det kan verta innført skulepengar, studentmedverknaden vert mindre og ein kan i teorien oppleva av universitet går konkurs.

– Men er det fleire enn Venstre som meiner at dette er ein god idé?

– Det er føreslege på Stortinget, av eit parti som har regjeringsmakt. Det vert viktig å følgja prosessen nøye, slik at me er førebudde dersom det kjem eit forslag.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed