Alle presidentens menn

Publisert:7. juni 2018Oppdatert:7. juni 2018, 22:01
Rektor handhelsar på president, kronprins helsar på ambassadør, TV2-sjef, politimeister og Lars Sponheim ser på. Foto: Tor Farstad

Sol, Sunstein, ein prins, Lars Sponheim og ein president på ein og same dag.

– Menneske er dyr, skal kunnskapsministeren seie, men først mykje seinare på dagen.

Det er dagen då «en av vårt tids viktigste intellektuelle», Cass Sunstein, skal få tildelt Holbergprisen. Det er dagen den slovakiske presidenten har valt å stikke innom universitetet. 

Leif Ove Larsen frå Institutt for informasjons- og medievitskap står i eit litt klamt rom i Media City Bergen og fortel om det fine som går føre seg der. Det er fint det han seier, om forskinga og journalistikken. Men instituttleiarar må finne seg å hamne litt i skuggen på slik dagar.

Ringside sit den slovakiske presidenten, Lars Sponheim, H.K.H. Kronprins Haakon og ein rektor frå Røros, ordføraren i Noregs tidlegare hovudstad og politimeisteren, ein fin liten gjeng.

Det har regna ein millimeter på fire veker i regnbyen.

Det er på alle måtar ein strålande dag ved Universitas Bergensis.

Det er Ludvig Holbergs dag, og det er den 270 år yngre amerikanske rettsforskaren og professoren Cass R. Sunsteins dag, det er han som får prisen til Holbergs ære.

Og så er det altså statsbesøk samstundes.

Det kan vere godt i skuggen på slike dagar.

Etter at instituttleiar Larsen med fleire er ferdige, blir pressa pressa inn i heisen og så møtest alle igjen i studio.

Did you get an interview, seier reportaren frå slovakisk fjernsyn.

No, seier reportaren frå norsk TV2, vi får berre sjå kva som skjer.

Det blir av ein eller annan grunn nesten umogleg å ikkje tenke på Majka, jenta frå verdsrommet, frå planeten Gurin, som ein dag landar midt i barneflokken i ein slovakisk landsby.

TV2-direktøren snakkar om sport.

Og sport.

Og sport.

Klokka 11.14 ser Lars Sponheim på klokka.

Bilde frå det uendeleg vakre, men akk så skandaliserte sykkel-VM rullar over ein stor skjerm som prominensane følgjer med på, først litt apatisk, kanskje tenker også dei på Majka. Men så kjem smila på plass. Den legendariske TV-augneblinken, ikkje då Majka kom til jorda i 1978, men då skjermane gjekk i svart rett før innspurten i 2017. Klippet med den slovakiske vinnaren som seier unnskyld for at han vann nok ein gong og slo nordmannen på målstreken.

We beat you last time in football, legg den slovakiske presidenten, Andrej Kisak til.

Den slovakiske presidenten har forresten skrive bok. Vezmi život do svojich rúk, heiter ho, “Ta livet i dine (eigne) hender”, ifølgje omsetjaren hos Google. Han er oppteken av at du kan velje sjølv.

Det er ein strålande dag, nesten for strålande, og kortesjen på eit titals bilar rullar opp til Bjerknessenteret for klimaforsking.

Ein rastamannklimaforskar med pumasko passerer i gangen.

Inne i møterommet er det varmt som i eit drivhus, det er kanskje eit billig poeng, men det er litt som ei eit drivhus og effekten den same. Kronprinsen, Lars Sponheim og presidenten følgjer med frå stolane sine. I kjøkkenkroken klirrar det i isbitar. Slovakisk security tar for seg av ein vassmugge som er blitt ståande igjen på benken.

Så reiser Andrej Kisak seg, han skal heim til meir innanrikspolitiske spørsmål. Kronprinsen gjer seg klare for neste runde.

For i aulaen venter Cass Sunstein. På banketten venter Cass Sunstein.

Han har skrive 48 bøker.

Han er kompis med Obama. Han har jobba fire år i Det kvite huset. 

Den strålande dagen for universitetet er enno ikkje over.

På banketten i Håkonshallen, etter at prinsen har reist heim, set Cass Sunstein først personleg rekord i handhelsing før maten. Til fanfarar går kunnskapsminister Iselin Nybø og prisvinnaren opp til bordet. Når dei er framme, kan alle setje seg ned, og stolane lagar eit bulder mot golvet som minner om torevêr.

Er det no det skal regne?

Det er no kunnskapsministeren held sin tale.

We are animals, seier ho, vi er dyr. Men forbanninga som kviler over oss, er at vi evner å reflektere over våre val, seier ho.

Eller, vi er litt usikre på om det er det ho faktisk seier, men vi vel å tru det, vi sit langt nede i salen, langt bak dekanar, instituttleiarar og alt som er. Uansett går det an å skulde på taleskrivaren.

Statsråden fortel at ho åt «a bucket of ice cream» her om dagen, noko ho karakteriserer som eit dårleg val, med eit nikk til Cass Sunstein og teoriane hans om korleis menneska kan gjere betre val, sunnare val, dersom samfunnet og systemet dyttar oss på rett veg, gir oss nokre nudges.

Harvard-kollega og professor Lawrence Lessig er begeistra for Holbergprisen, som han synest verkar vel så bra som den andre prisen, den dei deler ut i Stockholm. Lessig har ikkje jobba med Obama, men stilte derimot som presidentkandidat i 2016. Dessutan dukkar han opp i ein episode av TV-serien West Wing, spelt av ein skodespelar vi ikkje hugsar namnet på. Han har garantert skrive fleire bøker enn den slovakiske presidenten.

No er han her, blant bunader, dekanar, instituttleiarar og andre feststemte menneske som er dyr og hyller sin venn Cass Sunstein med vakre ord.

Det har på alle måtar vore ein strålande dag på Universitetet i Bergen.  

Forresten er Cass Sunstein også ein varm forsvarar av dyrs rettar.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed