Dei publiserer null på norsk

Publisert:14. juni 2018Oppdatert:14. juni 2018, 10:53
Fleire av fakulteta har liten vitskapeleg produksjon på norsk. Mat.-nat, som vert leia av matematikkprofessor Helge Dahle, har minst: Null prosent.

Null prosent av Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet sine vitskapelege publiseringar skjedde på norsk.

– Med unntak av kanskje didaktikk så kjem eg ikkje på ein einaste aktuell publiseringskanal på norsk, seier Helge Dahle.

Han er dekan ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet ved Universitetet i Bergen. Det er fakultetet som publiserer minst på norsk. Som På Høyden har skrive fekk UiB totalt over 3000 publikasjonspoeng i fjor. Dei aller, aller fleste kom frå publikasjonar på engelsk. Fire fakultet og universitetsmuseet har alle nesten berre publiseringar på engelsk – meir enn åtti prosent.

Må formidla på norsk

I Realfagbygget og dei andre bygga som huser mat.-nat, er det engelsk som gjeld. Null prosent av dei vitskapelege publiseringane skjedde på norsk, men to av institutta hadde ein prosent av publiseringane sine på eit anna spåk. Kva språk er ikkje oppgitt i statistikken frå Universitetsbiblioteket.

– Er det problematisk at de ikkje publiserer på norsk, Dahle?

– Ikkje så lenge forskarane våre er flinke til å formidla på norsk og skriva populærvitskaplege artiklar på norsk. Den vitskapelege diskursen er engelsk, men den er svært teknisk og kan vera vanskeleg å forstå for dei som ikkje kjenner faget.

Nordisten er uroa

I HF-bygget sit Johan Myking. Han leiar Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium – der ein mellom anna finn nordistane. 30 prosent av dei vitskapelege publikasjonane som kom frå instituttet i 2017 var på norsk. Hos naboen arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap var 33 prosent av dei vitskapelege artiklane publiserte på norsk.

– Eg er ikkje overraska over tala. Dette er ein tendens me har sett ei stund, og det er ei sterk haldning i akademia at engelsk er forskingsspråket, seier Myking.

Han legg ikkje skjul på at han er uroa over at det norske fagspråket kan forsvinna.

– Som professor i språkvitskap og instituttleiar tilhøyrer eg ein minoritet. Og eg er uroa. Dersom ein ikkje har vitskapeleg arbeid på norsk utarmar ein kontakten mellom samfunnet elles og akademia, seier Myking.

– Universiteta har ansvar for norsk fagspråk. No ser me at med unntak av nordisk-faga og juss vert det nytta mest engelsk. Eg synest det er ein tankekross at ein prøver å isolera forskingsspråket, og me som seier at me er for norsk som forskingsspråk får beskjed om at me er mot internasjonalisering.

– Eit dilemma, seier prorektor Margareth Hagen.

– Universiteta skal òg røkta dei norske fagspråka, og det kan ikkje gjerast utan at norsk vert ein del av den faglege utviklinga og forskinga. Samstundes er kunnskapen globla, og forsking bør verta gjort tilgjengeleg internasjonalt for å kunne delta i forskingsfellesskapet.

Hagen understrekar at det innan nokre fagfelt, som juss, finst sterke tidsskrift på norsk. Ho understrekar òg at forskinga skal ut til folket.

– Forskinga skal mellom anna bidra til ein kunnskapsbasert, offentleg debatt – og den må då skje på norsk.

Kloke språkval

Språkrådet har arrangert fleire frukostmøte for universitets- og høgskulesektoren denne våren. Tema: Norsk fagspråk og parallellspråk.

I universitets- og høgskulelova heiter det at universitet og høgskular har ansvar for å halda ved like og vidareutvikla norsk fagspråk.

– Dette er ei oppgåve som må prioriterast. Mange institusjonar har gode retningslinjer, men desse retningslinjene må takast i bruk på alle nivå.

Det seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Ho seier at når ein skal publisera vitskapeleg arbeid som først og fremst skal lesast av andre forskarar, og når ein treffer kollegaer i internasjonale samanhengar, kan engelsk vera eit naturleg val – men ikkje alltid. Wetås er oppteken av at forskarane ikkje låser seg i ei ramme som seier at så og så mykje av forskinga må vera publisert på engelsk, og oppmodar til kloke språkval.

– Mange vitskapelege artiklar vert lese av få andre. For å verta relevant for fleire må forskingsresultata formidlast. Både gjennom lærebøker, under førelesingar og til samfunnet. Her er det viktig at det vert gjort gode språkval, ein treng gode insentivordningar som gjer at ein får lærebøker og fagbøker på norsk, seier Wetås.

Språkrådet har laga ein vegvisar for gode språkval. Her vert det mellom anna føreslege at engelske forskingsartiklar kan ha samandrag på norsk, og omvendt.

Går ikkje heim frå samfunnet

– Når det gjeld parallellspråkbruk handlar det nok mest om terminologi og formidling. Det er nok ikkje aktuelt å skriva alle tekstar på både norsk og engelsk, seier Myking.

UiB har som regel at tilsette i fast stilling skal meistra norsk etter to år.

– Eg er prinsippfast. Eg snakkar norsk, seier Myking.

– Men samstundes er verken eg eller andre ved instituttet fanatiske. Sjølv nordistar kan publisera på engelsk, og me snakkar engelsk på konferansar og i andre samanhengar der me treffer internasjonale kollegaer. Òg mitt institutt har fagmiljø som underviser på engelsk, seier Myking.

– Eg har dei siste åra vore meir obs på språkkravet. Me har mange internasjonale tilsette, seier Dahle.

Å ikkje meistra norsk fører mellom anna til at ein ikkje kan gjera ein del administrative oppgåver. Dette har tidlegare vore omtalt som problematisk.

– Eg har vorte meir insisterande på at i samanhengar som ikkje er reint faglege så snakkar eg norsk, seier Dahle.

 Språkdirektøren er oppteken av at utanlandske tilsette må integrerast på ein god måte.

– Dei utanlandske arbeidstakarane som kjem til universitets- og høgskulesektoren kan samanliknast med andre utanlandske arbeidstakarar. Ein ønskjer at dei skal finna seg til rette, og dei skal kunne vera med barn til tannlege, gå på foreldremøte og gjera alle dei andre tinga ein må i eit samfunn. Dei går ikkje heim frå det norske samfunnet klokka 16, seier Wetås.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed