Desse skal gå gjennom lovverket for høgare utdanning

Publisert:22. juni 2018Oppdatert:26. juni 2018, 14:30
UiBs juss-dekan Karl Harald Søvig (til venstre) og NHH-professor emeritus Victor Normann er blant medlemmene i Aune-utvalet, som skal gjennomgå lovar og reglar i høgare utdanning.

Juss-dekan Karl Harald Søvig ved UiB er blant dei som skal gå gjennom regelverket for høgare utdanning, og foreslå endringar i lov og forskrift.

Advokat  og tidlegare stipendiat og postdoktor Helga Aune skal leie lovutvalet, som skal føreslå eit nytt regelverk som tydeleggjer ansvar, rettar og plikter for både institusjonar, tilsette og studentar. Utvalet skal levere ei offentleg utgreiing innan 1. februar 2020. Professor emeritus Victor Norman er òg blant medlemmene i utvalet. 

Regjeringa vil at lovutvalet skal foreslå ei ny universitets- og høgskulelov, endringar i forskriftene til lova og endringar i lov og forskrift for studentsamskipnadar. 

Universitets- og høyskoleloven er frå 2005, og var sist endra i 2016. Men regjeringa ønskjer no ein full gjennomgang av lova. 

– Det er viktig at alle universitet og høgskular har og framleis skal ha lovfesta fagleg fridom og ansvar. Eg er glad vi har fått eit godt og kompetent utval som kan sjå på heilskapen i regelverket og vurdere ulike omsyn opp mot kvarandre. Utvalet har ei viktig og spennande oppgåve framfor seg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø i ei pressemelding. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed