– Eg nyt å vere borte frå bamseklubben  

Publisert:29. juni 2018Oppdatert:29. juni 2018, 13:10
Også rektorar fortener å slappe av i blant. Dag Rune Olsen skal til Røros og Spania, og innom Kina på ferden. Foto: Privat

Italia, Italia, Italia, Røros og Fræna. Det er ferietid for universitetsrektorane.

Det er stille i Lucy Smiths hus på Blindern. I Bergen  er det berre støvet som flimrar i solskinet frå dei store glasa på Museplass 1. Kornåkrane blafrar einsame utanfor Universitetstunet på Ås.

Kor er rektor no?

Det er kanskje ikkje så mange som stiller spørsmålet, men vi har no ein gong tatt ein stikkprøve av feriesituasjonen i det øvste sjiktet av UH-sektoren.

Oslo-Roma

– Eg skal blant anna til Italia og nyte mat, vin og historie. Kanskje stikke eg innom Det norske senteret i Roma når eg først er i ein av mine favorittbyar, seier rektor ved Universitetet i Oslo (UiO), Svein Stølen.

Han går ikkje nærare inn på korleis historia skal nytast, om det er moderne, eldre eller antikk, men det er jo rikeleg av alt i Roma.

– Eg liker å ha menneske rundt meg og variasjon. Dessutan er det viktig å kople av frå jobb, så eg prøver å ta fri både frå blogg og sosiale media, seier Stølen.

Spørsmålet om kva ferie han aldri kunne reist på:

– Det finst ikkje noko riktig svar.

Bergen-Calahonda-Røros (via Qingdaou)

Kollega ved Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen har derimot, etter ei kort tenkepause, eit klart svar.

– Charterferie med bamseklubb, det er eit tilbakelagt stadium, seier Olsen med ei lette i stemma.

Men om han ikkje skal til Syden, skal han til Spania. Han og kona skal besøke eit vennepar i Calahonda.

For å få perspektiv på dette ringer vi sosiolog Vegard Jarness, som nettopp har slutta ved UiB og fått seg jobb på NIFU. Men Calahonda kjenner han ikkje til. På kartet ligg Calahonda mellom Marbella, kjent som som leikeplass for dei rike og meir eller mindre berømte, og Fuengirola, som er noko meir orientert mot karaoke. Det Jarness kan seie rimeleg sikkert, er at han aldri var der den gongen han turnerte Spania som punkegitarist.

Om du skal legge ei sosiologisk, eller bourdieusk*,  lupe over rektorane, seier sosiolog og gitarist Jarness, må rektorane plasserast i den kulturelle overklassen.

– Det er  jo eit skilje mellom den kulturelle og økonomiske overklassen. Det typiske for den økonomiske overklassen, næringslivsfolka, er å dra dit det er dyrt og eksklusivt. Rektorane satsar nok heller på kunst, kultur og historie.

Og natur. Natur er bra. Olsen scorar dermed i begge endar:

– Etter Spania blir det truleg hytta på Røros, kanskje padle kano på Femunden. Det aller beste er å vere på fjellet, der kan eg slappe av, seier Olsen.

Spot on, seier sosiolog Jarness.

Veneto-Fræna

Rektor Olsens kollega, prorektor Margareth Hagen, er professor i italiensk, og skal til – Italia.

– Eg er altfor rastlaus til berre å ligge på stranda, og då er Italia fint – det er alltid noko sjåverdig, og dagane kan lett fyllast med bading og utflukter. Kvar einaste region i Italia har sitt særpreg og si historie, derfor har vi nesten systematisk feriert rundt i heile landet. I år reiser vi til Veneto, men Puglia, på hælen, er ein favoritt på grunn av strendene, landsbyane og meir naturleg turisme, seier Hagen.

Deretter skal ho køyre til Fræna.

– Få ting kan måle seg med naturen i Møre og Romsdal.

Rektor ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) stemmer i.

– Sør-Europa er ein favoritt i sommarferien, og barna ville gjerne til Italia. Det var litt tilfeldig at det blei Sicilia denne gongen, seier Mari Sundli Tveit. Deretter ber det ut på fjorden med seglbåten. Det skal helst vere ein både «sol, sjø og spennande historie og kultur», for Tveit.

Kryss i taket for Bourdieu der, altså.

Ferieminnesota

Så var det dette med cruise.

– Eg kunne aldri ha reist på cruise. Eg ville føle meg veldig framandgjort og ville nok stengt meg inne på lugaren med ei bok, seier Hagen.

Rektor ved OsloMet, Curt Rice, har det på same måte, Cruise og Rice går ikkje i hop.

– Eg får klaustrofobisk anfall berre ved tanken på å vere fanga på ein båt med ti tusen menneske som eg ikkje klarer å komme meg unna når eg begynner å kjede eg, noko eg reknar med vil skje ganske fort.

Cruise var jo ein gong noko sofistikerte rikfolk heldt på med.

– Cruise er blitt billegare etter kvart, meir for vanlege folk, seier sosiolog Jarness. Han trur absolutt – berre for å smette inn eit lesetips med høg kulturell kapital for sommaren – at både Hagen og Rice kunne hatt glede av å lese David Foster Wallace’ skildring av sju dagar på cruise, «Shipping Out. On the (nearly) lethal comforts of a luxury cruise».

Om Rice er representativ for den norske eliten er ikkje heilt godt å seie. Han er amerikanar, men kjem frå Minnesota, den «norske staten», og har budd i Noreg ganske lenge. I alle fall, ein god ferie, meiner han, er omtrent akkurat det dei brukar å seie på norsk radio rett før ferien at er ein god ferie:

– Å halde på med andre ting enn det ein held på med elles i året.

Nord-sør (ikkje Syden)

Kva så med Noregs nordlegaste?

– For meg er ferie å pakke i bilen, køyre gjennom det lange landet vårt til hytter der dagane er late. Bading, fjellturar, padleturar bærplukking. Vere saman med venner og familie, fortel rektor ved UiT – Norges arktiske universitet, Anne Husebekk.

Vi gløymer å spørje om biltype, om ho reiser med eller utan campingvogn, type hytte m.m. som kunne ha kasta lys over analysen frå sosiolog Jarness. Turen går til Sør-Noreg. Syden kunne ho ikkje reist til, seier rektoren nord for polarsirkelen. Ikkje fordi det er harry eller noko, nei, det er berre for varmt.

Jarness er ikkje overraska over at ingen opplyser at dei skal på dansebandfestival i Dalarna i sommar.

– Det ser ut til at kartet og terrenget, teori og praksis, stemmer bra, seier han.

* Pierre Bourdieu, fransk sosiolog, m.a. kjent for sine verk om kulturell kaptial. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed