Får støtte til idrettsdag og konsertar – og nei til gallamiddag

Publisert:12. juni 2018Oppdatert:12. juni 2018, 09:04
Fleire av fakulteta har søkt - og fått - pengar til idrettsarrangement under fadderveka. Biletet er frå fotballturnering på Møhlenpris i samband med fadderveka 2015.

Når over 900 000 kroner må verta til 540 000, er det nokre faddeveketiltak som må kuttast.

– Alle forslag om gallamiddagar og avslutningsfestar har vorte kutta, seier Per Gunnar Hillesøy.

Han er seniorrådgivar og sekretær for læringsmiljøutvalet. Utvalet har handsama faddervekesøknader for totalt 977 062 kroner. Potten frå UiB er 540 000.

– Generelt kan eg seia at ingen har fått pengar til premiar. Arrangement som har lagt opp til store utgifter til mat har fått dette kutta, og tiltak som treffer få studentar har fått mindre pengar enn det som treffer mange, seier Hillesøy.

35 søkte

Ferske studentar inntek byen mellom dei sju fjella i veke 33, eller frå 13. august. I tillegg til møte med studiet og dei ein skal studera saman med, kan dei ferske studentane som vil vera med på fadderveka.

Fadderveka har fått mykje omtale, og særleg for bråk og fyll i sentrum. Dødsfall og valdtekt har og skjedd i etterkant av fadderarrangement. Men dei siste åra har det vorte rapportert om færre negative hendingar. Det har òg vore meir oppfølging frå UiB sentralt, både i form av kursing av fadrar og ei faddervaktordning. Og dessutan altså ei slags sikring av arrangement, som går ut på at UiB løyver pengar til ulike arrangement denne veka.

Totalt vart det søkt om midlar til 35 arrangement. På lista finn ein alt frå havrafting, idrettsdagar og tur over Vidden til kinokveldar og konsertar på Kvarteret og Hulen.

Hillesøy seier at læringsmiljøutvalet ikkje ønskjer fokus på alkohol.

– Men: Me veit at det vert drukke alkohol på mange av arrangementa, så me kan ikkje seia nei til alt der det kan henda at nokon vil nyta alkohol. Men støtte til kjøp av alkohol er det ingen som har fått, seier Hillesøy.

Konsertar på Hulen

Fakulteta går òg inn med pengar til arrangement, og i tillegg har nokre av dei som ønskjer å arrangera noko fått på plass sponsorar. Den vel halve millionen frå UiB sentralt er det læringsmiljøutvalet kan bidra med. Då må det kuttast: Saksofon, buss, programblad og artist er blant det det ikkje er råd til. Ei utflukt til Kollevåg på Askøy skulle til dømes kosta 74 600, men medisinstudentane får 20 000 og beskjed om å kutta kostnadane til transport.

– Arrangement som treffer mange og som er ganske enkle å få til får mest pengar. Når det gjeld større kveldsarrangement med artistar har me prøvd å kutta noko, til dømes ein av artistane, slik at ikkje heile arrangementet vert sett i fare, seier Hillesøy.

Hulen får 60 000 til å arrangera konsertar gjennom heile opningsveka. I tillegg har fadderkoordinatorane ved fleire av fakulteta gått saman om å leiga heile Kvarteret ein kveld, såkalla heilhus. Det humanistiske og det samfunnsvitskapelege fakultetet går dessutan saman om felles opningsarrangement på Ricks.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed