La vekk størsteparten av varsla

Publisert:13. juni 2018Oppdatert:13. juni 2018, 10:54
Njord Svendsen jobba tidlegare som kommunikasjonsrådgivar i NSD. Han slutta i jobben etter å ha varsla om eit dårleg psykososialt arbeidsmiljø.

NSD-styret har valt å berre gå nærare inn i tre av ni varsel som fortel om eit dårleg psykososialt arbeidsmiljø.

– Etter kvart vart eg fråteken arbeidsoppgåver, ekskludert frå møte og meir eller mindre ignorert. Det toppa seg med ein regulær «dritpakke» der fleire tilsette, både leiarar og andre, over mange sider skildra meg som udugeleg, men òg gjekk laus på min karakter og eigenskapar som menneske – signert av ein advokat.

Dette seier Njord Svendsen. Han  vart tilsett som NSD sin første kommunikasjonsmedarbeidar i 2014. Han skildrar eit arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som han sette stor pris på, men samstundes ein organisasjon med eit, i arbeidsmiljøperspektiv, dysfunksjonelt leiarskap. Han inngjekk ein sluttavtale med NSD for om lag eit år sidan.

– Ein slik avtale legg visse avgrensingar på kva eg kan seia. Men mykje har alt kome fram om forholda på NSD, og slik eg har sett styret handsama saka, kjennest det uansvarleg å ikkje seia ifrå, seier Svendsen. 

Kan hamna i trøbbel

Svendsen seier det same som andre tidlegare NSD-tilsette På Høyden har snakka med: Det eksisterer ein fryktkultur i NSD, og det handlar i stor grad om den øvste leiinga sin leiarstil. Heilt sidan i fjor sommar har Arbeidstilsynet vore inne i biletet, og dei har no kome med pålegg om at verksemda må gjera noko for å betra arbeidsmiljøet.

Verneombodet mottok ni varsel, og sendte i tillegg sjølv, saman med tillitsvalte, eit brev til Kunnskapsdepartementet i fjor sommar. Her heiter det at «varslene viser at NSD har store utfordringer når det gjelder det psykososiale arbeidsmiljøet. Det som går igjen er beskrivelen av at det eksisterer en fryktkultur ved NSD, og at dette er tett knyttet opp mot adm.dir og øverste ledelse sin lederstil».

– Trakkar du feil, det vil seia om du ytrar tankar eller idear, faglege eller andre, som på ein eller annan måte kan oppfattast som kritikk av leiinga, kan du raskt hamna i trøbbel. Du treng ikkje ein gong skjøna at det er kritikk du held på med. Dette er kjent og omtalt blant dei fleste som har vore på innsida, seier Svendsen.

Han seier at han personleg kjenner til fleire som ikkje er blant varslarane – men som trygt kunne vore det.

Fleire har slutta i NSD eller er sjukmelde på grunn av arbeidsmiljøet, mellom anna representantar for fagforeiningane. Begge tilsettrepresentantane til NSD-styret har trekt seg i perioden varslingssakene skulle handsamast.

På Høyden har fått vita at det er ein representant som er er langt nede på varalista som stiller som representant for dei tilsette på styremøtet onsdag.

– Det er etter kvart mange som har fortalt På Høyden om korleis det har vore å jobba i NSD. Det er vanskeleg å vera blind for summen av alt dette. Eg forstår godt at ein ikkje ønskjer å ta den ekstra påkjenninga med å stå fram, seier Svendsen.

Ny faktaundersøking

I fjor haust tok NSD-styret kontakt med Stamina helse for å få laga det styreleiar Petter Aasen tidlegare har omtalt som ei faktaundersøking. I eit brev til Arbeidstilsynet i november i fjor skreiv Aasen at styret hadde utarbeidd eit mandat for faktaundersøkinga i samråd med Stamina Helse.

Stamina Helse har levert frå seg materiale til NSD, det stadfesta regionansvarleg Kathrine Mørch til På Høyden. Men Aasen skreiv i ein epost til alle tilsette at Stamina har meldt frå om at dei ikkje kan levera ein rapport til styret om dei konkrete varsla innan rimeleg tid.

Styret valte så å kontakta Eli Glambek, som driv Glambek Hrutvikling. Ho har tidlegare vore tilsett som seniorrådgivar ved dåverande Høgskulen på Vestlandet og som assisterande personaldirektør ved UiB. Ho har òg vore konstituert hamnedirektør i Bergen.

Glambek fekk oppdraget i april og leverte frå seg ein rapport førre veke. På Høyden veit at ho har intervjua langt færre enn Stamina gjorde. I eit brev frå styreleiar Aasen til Arbeidstilsynet heiter det at «styret har iverksatt undersøkelse av varslingene fra to ansatte og en tidligere ansatt som var tilsatt ved NSD på varslingspunktet».

Glambek seier til På Høyden at ho ikkje kan omtala detaljar i oppdraget frå NSD. Ho vil heller ikkje seia noko om kva ho har konkludert med.

– Dette er persondata og opplysningar det er knytt teieplikt til, seier ho.

– Kor mange tilsette har du intervjua?

– Det ønskjer eg ikkje å kommentera. Eg har snakka med nokre, og eg har jobba ein god del innan den tidsfristen eg fekk. Resten er no opp til arbeidsgivar og styret, seier Glambek.

– Var det styret som definerte kven du skulle intervjua?

– Styret definerte oppdraget mitt, og det held eg meg til. Eg har levert ei rapportering til styret.

Skulle vera med

Svendsen er ikkje blant dei som er intervjua av Glambek, og heller ikkje av Stamina, som gjennomførte den første undersøkinga. Han seier han fekk beskjed om at han skulle takast med i ei arbeidsmiljøundersøking, men at det aldri skjedde.

– Eg tok kontakt med den eksterne konsulenten som no jobbar med ei undersøking. Ho var tilsynelatande ukjent med mi sak. Ho kontakta styreleiar i NSD og fekk beskjed om at eg ikkje var relevant. Saka mi opna på mange måtar opp dei andre varslingssakene, så det er forsiktig sagt underleg. Men overraska er eg ikkje, seier Svendsen.

Tilsynsleiar Marita Scott i Arbeidstilsynet viser til NSD når det gjeld om rapporten som Glambek no lagar skal sendast inn til Arbeidstilsynet. Men ho er klar på at fristen for å gjennomføra pålegget er 15. juni, altså fredag.

– Me har gitt klare vilkår i pålegget vårt, seier Scott.

I brevet frå Arbeidstilsynet heiter det at «det foreligger brudd på bestemmelsene knyttet til generelle krav i arbeidsmiljøet», og det heiter at arbeidsmiljøet har ført til helsemessige utfordringar for fleire tilsette. For å gjennomføra pålegget må NSD mellom anna lista opp tiltak som skal ta vare på tilsette som er råka av konflikter og det skal verta sagt noko om korleis verksemda skal ha eit systematisk HMS-arbeid.

Sarkastisk og insinuerande

Svendsen seier at dei første åra i NSD var gode. Det var først på seinsommaren 2016 at problema starta. Då vart han kalla inn til administrerande direktør, utan å vita noko om agendaen for møtet.

– Eg opplevde kort sagt det same som fleire andre har gitt uttrykk for at dei har opplevd. Etter gjennomgåande positive tilbakemeldingar ga administrerande direktør brått uttrykk for at han ikkje var nøgd med meg og arbeidet mitt, og eg opplevde tonen som svært ubehageleg. Beskjeden vart gitt på hans kontor, med ordre om å ikkje ta notatar, seier Svendsen.

Han gjekk vidare til sin næraste leiar, slik han ifølgje verksemda sin HMS-rettleiar skal.

– Eg forventa støtte og opning for dialog. I staden let ho vera å snakka med meg om dette i minst tre månader. Ho informerte òg administrerande direktør om innhaldet i det som var ein fortruleg samtale, som eg bad om at skulle vere konfidensiell. Det er eit klart brot på NSD sine eigne etiske retningslinjer, seier Svendsen.

Han seier at det er ein ukultur når det gjeld leiarstil i NSD som er etablert frå toppen.

Det same seier andre tidlegare tilsette som På Høyden har snakka med. Ein tidlegare tilsett skreiv i eit varsel til styreleiar Petter Aasen at «fryktkulturen skyldes etter undertegnedes oppfatning i all hovedsak adm.dir sin lederstil, som har fått gjennomsyre virksomheten i årevis. Lederstilen hans er også adoptert – frivillig eller ufrivillig – nedover i systemet».

Svendsen seier at å verta møtt slik av den næraste leiaren sin, etter at han hadde kome i ein situasjon han opplevde som svært vanskeleg, opplever han som det mest graverande.

– Eg har ofte tenkt at eg er glad eg ikkje var ung og fersk i denne situasjonen. Dette er slikt som kan øydelegga arbeidstakarar for livet, seier Svendsen.

Han seier at han heldt ut så lenge som han gjorde fordi han fekk massiv støtte frå gode kollegaer. Svendsen vart òg valt inn som tilsettrepresentant i NSD-styret, med samla mandat frå begge fagforeiningar på huset i denne perioden.

– Det er eg djupt takksam for, seier Svendsen.

Han arbeidde ei tid som frilansjournalist etter at han slutta i NSD. Frå mars i år har han arbeidd som journalist i På Høyden. Svendsen har ikkje vore involvert i det redaksjonelle arbeidet med sakene om NSD.

Styremøte på Gardermoen

Onsdag skal styret i NSD ha møte på Gardermoen. Styreleiar Petter Aasen seier til På Høyden at rapporten frå Eli Glambek skal handsamast i styremøtet. Han ønskjer ikkje å kommentera kva Glambek har konkludert med.

– Denne typen saker er personalsaker og vert unntatt offentlegheit, seier Aasen.

Glambek vart engasjert i april for å følgja opp varsla og fremja ei innstilling til styret. Parallelt har styret, med støtte frå Glambek, arbeidd vidare med ein gjennomgang av det generelle arbeidsmiljøet. På Høyden veit at det har vore sett ned ei arbeidsgruppe der Bjørn Henrichsen sjølv har vore medlem, trass i at mange peikar på han som problemet. Denne gruppa har no levert ein rapport.

Aasen ønskjer ikkje å kommentera kva saker Glambek har gått nærare inn i.

– Hennar mandat har vore å gjennomføra ei faktaundersøking med utgangspunkt i nokre varslingssaker og følgja opp Arbeidstilsynet sitt pålegg.

– Slik me forstår det er det tre saker ho skal gå inn i. Kvifor berre tre, når det kom ni varsel?

– Eg vil ikkje seia noko i detalj om kva saker ho har gått inn i. Men generelt er det slik at arbeidsgivar har ansvar for dei som arbeider i verksemda. Desse har andre rettar når det gjeld å få følgt opp sine varsel enn dei som har slutta i jobben for ei tid tilbake. Styret er opptekne av å setja lys på sakene til dei arbeidstakarane me har ansvar for. Sakene frå dei som arbeidde i NSD for mange år sidan er med i ei vurdering av det generelle arbeidsmiljøet, seier Aasen.

– Styret meiner dette er den korrekte måten å gjera det på, legg han til.

Stamina brukte fleire månader på det som var kalla ei faktaundersøking. Glambek vart engasjert av styret etter styremøtet 16. april. Ho har no levert frå seg ein rapport.

– Korleis kunne ho gjera arbeidet så mykje kjappare?

– Det er viktig å skilja mellom varsel og konkrete saker og breiare problematikk knytt til arbeidsmiljøet. Det kan ha noko med arbeidsmetodikk å gjera, seier Aasen.

– Det vert hevda at administrerande direktør har ein stil som kan kallast mobbande eller trakasserande. Har styret tatt tak i dette?

– Min generelle kommentar er at styret har tatt tak i arbeidsmiljøet både i forkant og etterkant av pålegg frå Arbeidstilsynet, seier Aasen.

Han ønskjer ikkje å svara på om han som styreleiar har teke opp Henrichsen sin leiarstil med Henrichsen.

– Mine medarbeidersamtalar vert mellom meg og dei eg har hatt medarbeidersamtale med.

På Høyden har prøvd å koma i kontakt med både Bjørn Henrichsen og avdelingsdirektør Vigdis Kvalheim per telefon – utan å lukkast. Begge har òg fått tilsendt spørsmål via epost, men har ikkje svara.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed