Omstridd instituttleiar sluttar ved IKP

Publisert:19. juni 2018Oppdatert:20. juni 2018, 10:44
Åsa Hammar blei tilsett av tidlegare dekan Jarle Eid, men gir seg etter eitt år i jobben. Ho skal no ut i forskingstermin. Foto: Hilde Kristin Strand

Etter eitt år i jobben sluttar Åsa Hammar i jobben som leiar for Institutt for klinisk psykologi.

Hammar vil no ta ut opparbeidd forskingstermin. Ho skal og jobbe med å få i gang samarbeid mellom Det psykologiske fakultetet og dei andre aktørane i Alrek helseklynge, med særleg vekt på å utvikle gode forskingsprosjekt. Ho skal og jobbe med å få til ein forskarskole for studentar på psykologi, som eit samarbeid mellom Divisjon for psykisk helse i Helse Bergen, og Det psykologiske fakultet ved UiB.

– No har vi funne ei god løysing. Det er ikkje til å stikke under ein stol at dette har vore ei vanskeleg tid for instituttet, men no tenkjer eg at vi er ferdige med det, og ser framover mot nye oppgåver, seier dekan Bente Wold. 

Hammar sat i førre dekanperiode på fakultetet i fakultetsstyret, der ho ivra for etableringa av Alrek helseklynge. Men motstanden mot helseklynga var stor på Institutt for klinisk psykologi, som opplevde å bli tvangsflytta til klynga, bort frå dei forskingsmiljøa dei samarbeider mest med.

Dåverande dekan Jarle Eid tilsette Hammar i jobben som instituttleiar på IKP, sjølv etter at 17 tilsette hadde skrive under på eit opprop mot ho.

I tida etterpå har konflikten prega arbeidsmiljøet på instituttet. I vinter lagde konsulentselskapet AFF ein rapport om arbeidsmiljøet. Rapporten der psykologar i AFF skulle hjelpe dei kliniske psykologane med arbeidsmiljøet kosta rundt ein halv million kroner.

Men instituttet skal ikkje ha klart å komme forbi konflikten på ein forsonande måte, og prosessen ender no med at Hammar sluttar.

Det er så langt ikkje klart kven som skal ta over etter Hammar, verken på kort eller lang sikt. Det noverande dekanatet har gått inn for valde instituttleiarar, men det kan ikkje gjennomførast val no.

Dekan Bente Wold håper å få plass ein mellombels instituttleiar før sommarferien.

Forskarforbundet har tidlegare vore bekymra for situasjonen på IKP

– Vi er veldig glad for at ein har funne ei løysing som vi håper at alle kan vere nøgde med, seier leiar av Forskarforbundet ved UiB, Steinar Vagstad. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed