Ønskjer meir open tilgang

Publisert:13. juni 2018Oppdatert:18. juni 2018, 10:52
Universitetsbiblioteket lagar kvart år ein stor analyse av publiseringsdata. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Halvparten av den samla UiB-forskinga vert publisert i tidsskrift som gir open tilgang til forskingsresultata. Men det er store skilnader mellom fakulteta.

All norsk vitskapeleg publikasjon som er finansiert av offentlege midlar skal vera ope tilgjengeleg innan 2024, seier regjeringa. Ved UiB vert no om lag halvparten av forskingsresultata publiserte i tidsskrift som gir lesaren open tilgang – altså at ein slepp å betala for å lesa. Ein må derimot ofte betala for å publisera.

Men det er skilnader mellom fakulteta når ein ser på kor dei publiserer. Tal frå Universitetsbiblioteket sin analyse av publiseringsdata viser at ved Det medisinske fakultetet er 56,34 prosent av artiklane publisert på måtar som gjer at dei er ope tilgjengeleg i lovlege kanalar. På Det juridiske fakultetet er talet 18,18. Det humanistiske og Det samfunnsvitskapelege fakulteta ligg begge rundt tretti prosent.

Mest frå mat.-nat

– I tråd med regjeringa sine ambisjonar bør så mykje som mogleg publiserast i opne tidsskrift, men samstundes må val av kanal òg ta omsyn til at ein når relevante mottakarar. Det er stor skilnad mellom fagområda på kor mange opne kanalar som er tilgjengelege for forskarar, og det vil vera faglege variasjonar.

Det seier prorektor Margareth Hagen.

Universitetsbiblioteket lagar kvart år ein eigen publiseringsstatistikk. Her finn ein tal for kva fakultetet som publiserer mest og minst, gjennom kva kanal og på kva språk, ein kan samanlikna UiB med andre universitet og sjå det eine året i forhold til det neste.

Som tidlegare år er det Det matematisk-naturvitskapelege og Det medisinske fakulteta som publiserer mest. Mat.nat står for 35 prosent av den totale publiseringa, medisin for 28 prosent. I snitt produserte dei fleste forskarane nærare to publiseringspoeng i 2017. Det er tal for tilsette i førstestilling, tek ein med alle forskings- og undervisningsstillingar vert talet lågare. Det kjem av at mellom anna universitetslektorar ikkje har forskingstid i stillingane sine.

Generelt er det forskarar frå UiO som publiserer mest, men NTNU på andreplass og UiB som nummer tre. Slik har det vore i nokre år.

Ingen sentrale krav

Då Sigmund Grønmo var rektor hadde UiB ei ordning der ein kunne få ekstra midlar dersom ein produserte minst eitt publikasjonspoeng tre år på rad. Ordninga vart debattert i universitetsstyret, og Grønmo sa at eitt publikasjonspoeng i året var eit mildt krav. Men det noverande rektoratet har ikkje eit definert mål for kor mykje ein forskar bør publisera per år.

– Den største faren med slike krav er at ein risikerer å måla kvantitet, som ikkje automatisk samsvarar med kvaliteten. Rektoratet har ingen planar om å laga sentraliserte ordningar for individbaserte insentivmidlar av publiseringskvalitet, seier Hagen.

Ein vitskapeleg tilsett skal bruka like mykje tid på forskning som på undervisning. Dette gjer at ein kan forventa at forskarane publiserer jamnt og solid, meiner Hagen.

– Men fagleg leiing har eit stort ansvar for å legga til rette for ressursar og tid til forsking.

25 000 artiklar

Jamnt og solid, seier Hagen. Som På Høyden tidlegare har skrive, vart det totalt sett publisert over 25 000 vitskapelege artiklar frå norske forskarar i fjor. Mesteparten av dette skjer framleis på nivå 1, men stadig meir vert publisert på det høgaste nivået, altså nivå 2. 26 prosent av den samla UiB-forskinga vert publisert på dette nivået. Det samfunnsvitskaplege fakultetet toppar med 36 prosent nivå 2-publisering, medan Det medisinske fakultetet har minst med 18. Ser ein på institutta får ein store skilnader, til dømes kom seksti prosent av forskinga til Senter for kvinne- og kjønnsforsking på trykk i nivå 2-publikasjonar.

Publikasjonane er stort sett artiklar. Her er det òg skilnader mellom fakulteta, med 99 og 98 prosent artiklar hos mat.-nat. og medisin, til 63 prosent hos samfunnsvitarane og humanistane. Monografiar er det ikkje så mange som skriv lenger, men både SV, HF og jus publiserer mykje i form av antologikapittel.

– Boka er ikkje død, slær Margareth Hagen fast.

– Men det er naturleg at artiklar er den vanlegaste publiseringsforma. Sjangrar og publiseringsformat varierer med faga, dette vitnar om ulike tradisjonar og forskingsmetodar. Artikkelantologien vitnar om at forskarar arbeider tett saman om prosjekt og problemfelt, sjølv om dei ikkje er samforfattarar på same artikkel.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed