Ordbok på nett tok av under eksamen

Publisert:8. juni 2018Oppdatert:8. juni 2018, 12:01
Kverv, åssen og fruentimmer var blant orda flest elevar søkte etter på eksamen. Ordet det var søkt på flest gonger: skrive.

Søketala i ordbøkene på nett nærast eksploderte under eksamen i norsk. - Det ser lyst ut for ordboksarbeidet ved UiB, seier professor Johan Myking.

På det meste hadde ordbøkene meir enn 360 000 oppslag på ord på eitt døgn. Den dagen (24. mai) var det eksamen i norsk sidemål i vidaregåande skule. Også på hovudmålseksamen var tala langt over det normale med rundt 150 000 oppslag.

Dagen etter var tala meir kvardagslege, då godt under 50 000 oppslag vart registrerte.

Ser ein på dei dagane det var eksamen i grunnskulen, gjer den same tendensen seg gjeldande, særleg under sidemålseksamen. Då var det totalt nesten 230 000 oppslag i ordbøkene, ei mangedobling i forhold til normalen.

Registreringane viser at på eksamensdagane går søka i vêret litt før klokka ni, for å så å dale gradvis utover ettermiddagen.

Også på bøyingar var det svært høge søketal på eksamensdagane, hovudsakleg på den nynorske lista. 120 000 søk vart registrert på nynorske bøyingar av ord den dagen sidemålseksamen gjekk føre seg. Sidan dalte søketala til under 6000.

Gjekk opp med app

Universitetet i Bergen (UiB) tok i 2016 over språksamlingane etter at Universitetet i Oslo ønskte å legge dei ned. Nedlegginga omfatta også ordboksprosjekta som har vore drive der sidan 1960-talet. Ordbøkene på nett, Nynorskordboka og Bokmålsordboka, er eit produkt av språksamlingane.

I fjor lanserte UiB ein app til ordbøkene. Det trur Johan Myking, leiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, har vore viktig.

– Gode krefter ved Universitetsbiblioteket og IT-avdelinga har gjort eit veldig godt arbeid saman. Det at dei fekk opp appen har vore svært viktig for bruken av ordbøkene, seier Myking.

Etter at språksamlingane hamna i Bergen ser det lysare ut for norsk ordboksarbeid. Eit prosjekt for revidering av innhaldet i orbøkdene har fått finansiering og er under oppstart denne våren. UiBs ferske humaniorastrategi nemner òg digitalt ordboksarbeid som eit satsingsområde.

– Det betyr ei omdefinering av dei strategiske vilkåra våre. Vi ser spiren til eit nytt fagområde ved UiB, leksikografi kopla med digital dokumentasjon, og etter at Oslo la ned ordboksarbeidet sitt, finst det berre her, seier Myking.

Å vere eller ikkje være

Når det gjeld kva ord som var mest ettersøkte av elevane var det dette: skrive. Under sidemålseksamen i vidaregåande slo nesten 3300 elevar opp dette ordet. Om dette skriv seg frå ei tanke om at bokmål og nynorsk er ulike måtar å skrive på, eller om det er bøyingsmønsteret som er blitt undersøkt, er uvisst. Også på hovudmålseksamen er skrive ordet det oftast er søkt etter. Kverv, åssen og fruentimmer kjem også høgt på lista på denne eksamensdagen.

Kanskje er elevane i grunnskulen meir eksistensielt orienterte. På den dagen det var hovudmålseksamen i grunnskulen var vere og være høgt på søkelista, etter turne, vedkjem og – skrive.

Universitetet i Bergen og Språkrådet eig og driv ordbokportalen for Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Universitetet i Bergen er ansvarleg for IKT og teknisk støtte og utvikling for ordbokportalen, og for redigering av ordbøkene i samsvar med dei offisielle rettskrivingsnormene.

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed