På jakt etter Alzheimer-pasientar

Publisert:25. juni 2018Oppdatert:27. juni 2018, 15:24
Stipendiat Ulvhild Færøvik ønskjer seg totalt 135 Alzheimer-sjuke. Målet er å finna ut om musikk og fysisk aktivitet kan forseinka utviklinga av sjukdommen.

Kan musikkterapi og fysisk aktivitet forseinka utviklinga av Alzheimer? UiB-forskarar treng fleire Alzheimer-pasientar for å finna ut om teorien deira stemmer.

362 800 kroner per pasient kvart år. Det betyr ein total kostnad på om lag 28 milliardar kroner i året knytt til demenssjuke i Noreg. Hovuddelen av utgiftene kan knytast til institusjonsplassar.

UiB-professor Stefan Kölsch fekk i fjor 18 millionar kroner til å forska på Alzheimer, som er den mest kjende forma for demens. Prosjektet heiter «Effects of music lessons on brain plasticity, mood, and quality of life in Alzheimer patients».

– I teorien trur me at musikk kan forseinka utviklinga av demens. Me vil difor gjennomføra hjernescanning for å sjå om ein finn skilnader mellom dei pasientane som får musikkterapi, dei som får eit opplegg for fysisk trening og dei som ikkje får tilbod om slik aktivitet.

Det seier Ulvhild Færøvik. Ho er stipendiat knytt til prosjektet “Almuth”, og no er ho på jakt etter totalt 135 pasientar som har Alzheimer i tidleg fase.

Kan ein sjå endringar i hjernen?

Tidlegare forsking viser at Alzheimer-pasientar kan læra og hugsa ny informasjon med synging. Forsking viser òg at personar med demens, som òg var deprimerte eller hadde angst, hadde god effekt av musikkterapi.

No skal forskargruppa hjernen- og musikkgruppa, som er ein del av fMRI-gruppa til Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, bruka hjernescanning for å sjå om dei ser endringar i hjernen hos dei pasientane som får musikkterapi.

– Dette handlar om platisitet i hjernen, seier Færøvik.

Så langt er om lag ti Alzheimer-sjuke rekruttert, via både fastlegar og avisannonsar. Men det trengs langt fleire dersom studien skal vera sikker nok. Færøvik fortel at den eine gruppa vil få tilbod om individuell musikkterapi heime ein gong i veka. I tillegg vert det ein felles aktivitet, som kor, eit par gongar i månaden. Den gruppa som får tilbod om fysisk aktivitet skal vera med på trening ein gong i veka.

– I tillegg får begge gruppene konkrete øvingar dei skal gjera heime. Dei kan mellom anna få beskjed om at dei skal stå på ein fot medan dei pussar tennene, eller dei får songar dei skal øva på. På denne måten bryt me opp kvardagen deira og gir dei eit fast opplegg kvar dag. Målet er at fleire skal klara seg lenger heime, seier Færøvik.

Nervecellene døyr

Enkelt forklart vert hjernen eten opp når ein person utviklar demens. Nervecellene i hjernebarken vil verta skada og etterkvart døy. Hjernen hos alle menneske vert meir fylt av vatn etter kvart som ein vert eldre. Men hos Alzheimer-pasientar skjer utviklinga raskare, og ein vil òg kunne sjå meir spesifikke endringar i hjernen.

– I tillegg til å sjå på endringar i hjernen ønskjer me å sjå om livskvaliteten til Alzheimer-pasientar vert betre når dei får tilbod om eit fast opplegg med anten musikkterapi eller fysisk aktivitet. Mange Alzheimer-sjuke utviklar depresjonar. Det er ein både deprimerande og isolerande sjukdom. Mange prøver å skjula at dei er sjuke. Dei vil ikkje innrømma at dei har endra seg og prøver å gjera ting sjølve, seier Færøvik.

Inga behandling

I dag finst det inga behandling for Alzheimer. Men ein studie frå 2009 identifiserte musikk eller musikkterapi som den mest effektive, ikkje-medisinske behandlinga, med fysisk aktivitet som nummer to.

– Det er ikkje god nok forsking på behandling av demens, så eg vil oppmoda personar som sjølve har demens i tidleg fase eller pårørande om å ta kontakt, seier Færøvik.

For å kunne vera med i studien må ein framleis bu heime. Både den Alzheimer-sjuke og pårørande må skriva under på samtykkeskjema. I tillegg vert personen med Alzheimer grundig kognitivt testa av Færøvik og kollegaene hennar.

Målet er at dei første resultata frå prosjektet er klare om to år.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed