Skal bygge opp senter for kunstig intelligens i Kina

Publisert:15. juni 2018Oppdatert:15. juni 2018, 09:39
UiB-forskar Thomas Ågotnes er ein av få utlendingar som har fått prisen Changjiang Scholar Award. Foto: Njord V. Svendsen

Med den prestisjetunge Changjiang Scholar Award i lomma er UiB-professor Thomas Ågotnes klar for fem år i den kinesiske forskningsfronten.

Etter ein lang og omstendeleg nominasjonsprosess fekk Ågotnes for nokre månader sidan ein telefon han ikkje heilt hadde trudd han skulle få.

– Ei stor glede, seier Ågotnes, som er professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap.

Prisen, Changjiang Scholar Award, blir gitt av det kinesiske utdanningsdepartementet til kinesiske og, langt sjeldnare, utanlandske forskarar som utmerkar seg internasjonalt i sitt fag. Som om ikkje dette var nok, skøyta universitetet Southwest University (SWU) i Chongqing på prisen finansielt. Dermed kan Ågotnes sjå fram til fem år som gjesteprofessor ved SWU.

På universitetet i Kina skal han mellom anna vere med å bygge opp eit nasjonalt forskingssenter for logikk og kunstig intelligens.

Kunstig og nyttig

Kina er som kjent i rivande utvikling, og forsking har høg prioritet.

– Det er ei stor oppblomstring og interesse for fagfeltet mitt i Kina. Kort sagt arbeider eg med teoretisk grunnforsking, der vi med matematiske metodar ser på eigenskapar i ulike logiske system. Vi ser på kor godt dei kan fungere og kor grensene for dei går, seier Ågotnes.

Det er ikkje alltid like enkelt å skape forståing for at eit så abstrakt fag også kan ha heilt konkret samfunnsnytte. Men forskinga dannar i sin tur viktig grunnlag for utvikling av kunstig intelligens, med alle sine variantar.

– Eg ser ein trend der teoretisk grunnforsking er i ferd med å hamne i bakgrunnen til fordel for meir bruksretta forsking. Det bekymrar meg, for grunnforskinga er svært viktig. Det er fundamentet for alt det andre, seier Ågotnes.

Band mellom UiB og SWU

Ågotnes er langt ifrå nokon nykomling i Kina og har alt hatt bistillingar på universitet i landet i fem år. I 2015-16 hadde han forskingspermisjon frå UiB og arbeidde ved Zhejiang University.

Det begynte med at ein kinesisk doktorgradsstudent i Noreg inviterte han med på ein konferanse i Kina. Ågotnes heldt foredrag, og det førte vidare til ei bistilling på universitet.

– Eg har reist mykje rundt i Kina og knytt mange kontaktar. Eg håper eg kan bidra til å knyte band mellom UiB og SWU, seier han.

Ikkje problematisk

Ågotnes seier han er glad for at det politiske forholdet mellom Noreg og Kina er tint opp. I fleire år var den politiske kontakten nær null, etter at den kinesiske demokrati- og menneskerettsforkjemparen Liu Xiaobo var tildelt Nobels fredspris.

– For meg personleg i arbeidet mitt har situasjonen aldri skapt problem, seier Ågotnes.

Han har alt vore Kina for setje i gang arbeidet med det nye forskingssenteret han skal vere med å bygge opp, og det blir ikkje lenge til han drar tilbake.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed