– Dagens studentar forventar meir enn det som skjer i auditoria

Publisert:12. juli 2018Oppdatert:12. juli 2018, 06:00
Ugleprisvinnarane får ein fin slump pengar. Dei skal verta brukte til å vidareutvikla det arbeidet som allereie er i gang i dei aktuelle fagmiljøa. I tillegg fekk vinnarane plakett og eit trykk laga av biologiprofessor Harald Kryvi. Foto: Hilde Kristin Strand

Jusstudentane får podcastar, sam.pol-studentane kan ha praksis. Møt årets ugleprisvinnarar.

Det er julistille på UiB. Fakulteta og institutta har gitt studentane ferie. Nokre av dei var kanskje ekstra godt nøgde med studieåret dei la bak seg.

«Færstad e sjukt godt førebudd, kjem tidleg, er på hugget, og sørgar for studiets så langt beste forelesningar». Det var ei av studenttilbakemeldingane til førsteamanuensis Jan Ove Færestad frå  Det  juridiske fakultetet. Han underviser i kontraktsrett, og er ein av to ugleprisvinnarar for 2018.

Men kanskje er det nokre studentar i samanliknande politikk som òg er ekstra nøgde. Kanskje har dei fått ein spanande sommarjobb – fordi dei fekk tilbod om praksis som ein del av bachelorgrada si. Den andre ugleprisvinnaren er Institutt for samanliknande politikk og deira praksistilbod.

– Ei anerkjenning av det me har jobba med i ti år no, seier ein nøgd instituttleiar Jan Oskar Engene.

Sam.pol nominert til nasjonal pris

Ugleprisen er altså UiB sin interne pris for studiekvalitet, og sam.pol-miljøet er no i tillegg nominert til den nasjonale prisen.

Men kva er det dagens studentar vil ha? Og kva forventar dei å få? Engene og Færstad er samde om minst ein ting: Førelesinga er ikkje død.

– Eg slår absolutt eit slag for den, men kanskje ikkje i tradisjonell form. Å førelesa i to timar om noko studentane kan lesa seg til sjølve er ikkje den beste måten å undervisa på, seier Færstad.

I staden får dei nær 300 jusstudentane førelesingar der diskusjonen står i fokus.

– Fordelen med juss er jo mellom anna at ein ikkje er samde. Me har hatt undervisningsopplegg med to som underviser, og som representerer kvart sitt syn. Så skal studentane svara, via Kahoot, på om dei vil gi medhald til saksøkte eller den som saksøkjer, seier Færstad.

– Slik kan ein diskutera seg fram til ei løysing, det meiner eg er meir matnyttig undervisning, legg han til.

Engene var lei av å høyra si eiga røyst i to gongar 45 minutt. I staden laga han eit kurs der halve tida vart brukt til klassisk førelesing og halve til gruppepresentasjonar. Med terrorisme som tema vart engasjementet stort.

– Eg trur ikkje førelesingar vil forsvinna, men me må ha meir å by på. Det er òg viktig å tenkja på at med store studentgrupper, slik både me og Det juridiske fakultetet har, treffer ein ei samansett forsamling. Studentane har ulike føresetnader, og dei lærer på ulike måtar, seier Engene.

– Hos oss er det ein del studentar som er særleg interesserte i eitt fagområde. Eg ønskjer å visa dei at fleire fag er spanande, supplerer Færstad.

Brüssel og Austevoll

På eitt punkt har dagens studentar ofte meir kunnskap enn i alle fall dei eldste førelesarane: På bruk av digitale plattformer. Institutt for samanliknande politikk let studentane laga digitale presentasjonar i staden for å skriva klassiske, skriftlege oppgåver, og nyttar gjerne læringslaben i Media City Bergen.

– Mange av studentane er heilt ukjende med å notera for hand og er uvande med skriftleg eksamen for hand. Eg trur digital eksamen er ei god løysing, seier Engene, og legg til at skuleeksamen godt kan erstattast av heimeeksamen.

Han sender ein heil del av studentane ut i arbeidslivet. Gjennom eit kurs på 200-nivå får dei ta 20 eller 30 studiepoeng ute i ei verksemd.

– Moderne studentar forventar meir av utdanningsinstitusjonen enn det som skjer i auditoria. Dei vil ha eit godt organisert studieopplegg med moglegheit for både utveksling og arbeidslivspraksis, seier Engene.

Sam.pol-studentar kan difor hamna både i Brüssel og Bergen, i Oslo og Austevoll. Nokre i privat sektor, men flest i offentleg.

– Kravet er at dei skal ha reelle faglege oppgåver, og dei må levera eit større arbeid dei har gjort for verksemda for å få godkjent emnet. Ordninga krev noko av verksemda òg, og me ser at dei som hamnar på mindre stader ofte er mest nøgde. Dei får prøva seg på mange ulike oppgåver, seier Engene.

Møter ikkje fram

Men med Kahoot og podcastar og gruppearbeid høyrest det ut som om dei tilsette i alle fall ikkje har fått mindre arbeid.

– Eg trur ikkje me kan seia at digitalisering er tidssparande, seier Engene med eit skeivt smil.

Fagmiljøa prøver òg å vera medvitne om kva dei brukar til kva. Engene fortel at når det vert lagt ut videoopptak av førelesingane så møter færre studentar fram til den fysiske førelesinga.

– Eg lagar stort sett ikkje podcastar av førelesingane. Samstundes ser eg at når eg av og til lagar tradisjonelle førelesningar som podcast så er det nokre studentar som tek nøyaktige notatar og puggar alt som vart sagt. Heilt bortkasta, seier Færstad.

Han er oppteken av at undervisning er noko som skjer der og då.

– No lagar eg nye podcastar kvar veke. Men tidlegare òg, då ein i prinsippet kunne ta fram notane frå året før, var undervisning ferskvare. Undervisning er noko som skjer i møtet med dei studentane ein har.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed