– Ein må mislykkast for å bli ein god forskar

Publisert:9. juli 2018Oppdatert:9. juli 2018, 06:00
Etter ei lang og innhaldsrik forskarkarriere blir Leiv K. Sydnes emeritus. Det betyr ikkje at han har tenkt å legge inn årane. Foto: Njord V. Svendsen

Alt handlar om å skape god kjemi, meiner UiBs profilerte professor Leiv K. Sydnes.

– Veldig mykje var bygd på gamle bogekorpstradisjonar då eg kom til Bergen. Eg kjente meg etterspurt, men det var ikkje det same som at eg kom inn i folden då eg kom til universitetet her, seier Leiv K. Sydnes.

Men verande er han blitt i eit kvart hundreår. No fyller kjemikaren sytti.

Han har militærfarga fiskevest på, genser og skjorte under, og sporty sko.

Den  første timen brukar vi på eit kjapt resymé av karrieren – så langt. Det er ikkje akkurat slik at Sydnes har planar om å legge inn årane verken her eller der berre fordi han får emeritus-skilt på døra.

Karrieren kjem vi tilbake til, men først må han få sagt litt om dei som no står der han stod for temmeleg nøyaktig førti år sidan, då han tok doktorgraden ved Universitetet i Oslo.

Må få «koke og skrive»

Punkt 1: Bruksretta forsking tar for stor del av pengepotten til norsk forsking.

– Vi brukar mykje statlege pengar på forsking i Noreg, men meir av dette burde gått til grunnforsking. Eg veit at det er eit standpunkt som står lågt i kurs om dagen, men eg meiner meir av pengane burde blitt gitt rett til universiteta der ein betre kan prioritere strategisk kompetanseoppbygging før store satsingar blir sette ut i livet av Forskningsrådet.

Det er ikkje slik å forstå at Sydnes ikkje verdset bruksretta eller næringsretta forsking, tvert imot. Det er berre det at han meiner det ikkje primært er staten si oppgåve å bruke opp pengane sine på det.

– Næringslivet burde bruke mykje meir pengar på næringsretta forsking. Oljeindustrien er eit unntak; der har mange forstått dette og tent på det.

Punkt 2: Doktorgradsstudentane har altfor tronge rammer og det hemmar kreativiteten. Dei må få «koke og skrive» friare om dei skal bryte ny jord, ikkje berre så i den gamle.

– No skal du måtte lykkast på tre år. Då seier det seg sjølv at du ikkje kan legge prosjektet særleg ambisiøst opp. Med publiseringsbaserte avhandlingar går det for mykje tid til skriving og for lite til å prøve og feile. Det tar dessutan lang tid å lære å skrive skikkeleg. Den tida det tar å skrive noko, er den tida det tar å forstå noko. All god forsking skal ha eit innslag av det mislykka om ein skal lykkast i meir enn berre å dokumentere at eksisterande kunnskap fungerer.

Punkt 3: Forskingsverda er blitt for byråkratisert og skjematisk.

– Rapportering og rapportering, men inga tilbakemelding. Og så skjema på skjema utan respons.

Einsretting er ikkje heilt Sydnes si greie. Men punktlista får han ta igjen i ein kronikk. Forresten kan byråkrati også opne dører, indirekte og ironisk, berre det blir trongsynt nok.

Bjørnson, Ibsen, Sydnes

Han hadde slett ikkje planar om bli kjemikar. Det var litteraturen som opptok den unge Leiv.

Fordi faren arbeidde som lege både her og der, blei det gymnasår i tre ulike byar på sonen. Først Molde, der ein lærar tilfeldigvis var ein lidenskapeleg ekspert på Bjørnstjerne Bjørnson, deretter Skien der ein annan hadde doktorgrad på Ibsen, før sisteåret i Stavanger, der læraren, ikkje overraskande, heldt Alexander Kielland høgt.

Leiv las og elska å lese, og så skulle han studere nordisk litteratur.

– Men i militæret kom eg over ei kjemibok. Den forklarte så logisk og klart alt eg hadde spurt læraren om på gymnaset og aldri heilt fått svar på. Nei, dette var interessant, tenkte eg, fortel Sydnes.

Det er no han kjem til det med det ironiske byråkratiet, nærare bestemt ved Universitetet i Oslo.

Han studerte litt raskare enn malen og var klar for å ta nokre hovudfagskurs siste semesteret på lågare grad. Men det fekk han ikkje, for det låg ikkje i malen til systemet. Rettleiaren kunne ikkje, eller ville ikkje, hjelpe heller.

– Dette gjorde meg så arg at eg bestemte meg for å kutte ut heile studiet. Men så vart eg kviskra i øyra om at eg burde ta kontakt med ein viss professor i organisk kjemi, Lars Skattebøl, og det gjorde eg, fortel Sydnes.

Nokre år seinare vart Sydnes sjølv professor i organisk kjemi.

– Det er ekstremt viktig at rettleiarar gir studentane tillit, gir dei ei rolle å spele. Det kan skape tru og evne slik at ein kan ta på seg større oppgåver etter kvart, seier Sydnes.

Det kan ein trygt seie at han gjorde.

In addition to research

Vi kunne festa oss ved dei meir enn 150 fagfellevurderte artiklane, dei rundt 100 studentane han har vore rettleiar for, prisane han har fått, det faglege bidraget til forståinga av cyclopropan, men det er dette punktet på cv’en vi festar oss ved: Professional activity in addition to research.

Han har skrive 19 lærebøker for vidaregåande, fem gonger stått i spissen for kjemidagar for 1700-2000 sjetteklassar frå Bergen, laga ti kjemiprogram på NRK, og han har reist rundt på eit femtitals skular og fått det til å både å koke og smelle i klasseromma. Ingen skal skulde vitskapsmannen Sydnes for ikkje å gi noko att til samfunnet.

Og det er lov å seie det.

– Ikkje alle blir spurt om å skrive for Nature – to gonger.

Sydnes har eit stort engasjement med ei svimlande mengde verv bak seg – og truleg framfor seg. Som president i den internasjonale kjemiske unionen var han oppteken av god kjemi, på alle måtar. Det førte han inn i det internasjonale vitskapsrådet og arbeid med menneskerettar. Sydnes er ein  pådrivar for etikk i kjemifaget.

– Kjemien er heilt sentral i å løyse mange av dei store problema vi har i verda. Men kjemien kan også misbrukast, seier Sydnes.

Mest kjent er han som internasjonalt anerkjent ekspert på kjemiske våpen.

Han har vore sterkt involvert i OPWC, organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen som arbeider med å handheve Konvensjonen om kjemiske våpen som vart etablert i 1993 og no er ratifisert av 193 statar. I 2002 arrangerte han konferansen i Bergen som førebudde den første revisjonen, med delegatar frå vel 30 land til stades. Og to gonger seinare, i 2007 og 2012, leia Sydnes førebuinga av revisjonen av traktaten.

Det er kunnskapen om kjemiske våpen som har fått Nature til å kontakte UiB-professoren.

Og det er den kunnskapen som gjer at Sydnes kanskje kan smykke seg med ein liten bit av Nobels fredspris. I 2013 gjekk den til OPWC.

Den vesle søvnen

Sydnes held til på eit klassisk systemrotete professorkontor på Kjemisk institutt på Realfagbygget, der bøker, skap, arkivskuffer og papir slåst om plassen. Skjønt, held til, er å ta hardt i. Dette kontoret er han innom når han ikkje er i eit konferanserom i Kyoto eller Kristiansund, i møte med paven (han har bachelor i kjemi), på eit fly til Alta eller Amman, i eit laboratorium eller ein robåt i Sunnhordland.

For nokon har døgnet litt fleire timar.

– Får eg fire timar søvn, er det rikeleg, eg jobbar gjerne om natta, seier Sydnes.

Det er så det nesten kan bli litt rikeleg å høyre på alt eit menneske kan få plass til i eit liv. Rekorden hans skal vere 68 timar jobbing på tre døgn. Sydnes finn ikkje heilt ord for å skildre den kjemiske reaksjonen som kan ha oppstått i hjernen hans etter det. Mannen kan i alle fall ikkje ha tid til fritid, hobbyar og anna fjas.

Men, jau, tid til å lese får han då framleis. Jau, han samlar på frimerke. Og jau, han har då eit småbruk – med skog – som skal haldast i stand i Sunnhordland. Han «ror fiske», som han seier, og han meiner verkeleg å ro, truleg med fiskevest. Påhengsmotor er bannlyst. Langsamt skal det gå.

Dette småbruket, i Førde i Sunnhordland, er ankerfestet i det elles så omflakkande tilveret. Her har han høyrt heime sidan han gjekk der med farfaren – småbrukaren, målmannen, politikaren, lokalhistorikaren – kort sagt kulturpersonlegdomen, Kristofer Sydnes, som sådde og stimulerte både engasjementet og interessa for lesing i barnebarnet.

Professoren spanderer lønnesirupsdrops frå Canada.

Sjølvsagt har Sydnes fått tid til familie også. Sonen (no førsteamanuensis i kjemi) vart fødd alt under hovudfaget, og med på lasset til post.doc. i Western Ontario, 1978, var tre ungar. Han legg ikkje skjul på at kona har tatt meir enn sin del av felleslasset.

Pensjonist, liksom

Nei, det skal meir enn spindelvev etter gamle bogekorps til for å stanse Leiv K. Sydnes. Kanskje har han aldri følt at han kom heilt inn i den bergenske folden han møtte då kan kom til UiB i 1993. Men kanskje har nettopp det ført til at han har utfolda seg i langt større sirklar.

– Ein må som sagt mislykkast litt for å kunne lykkast, seier Sydnes.

Utanfor Realfagbygget støyter han på Sverre Spildo, tidlegare assisterande universitetsdirektør. Er pensjonisttilveret bra, lurer Sydnes. Heilt strålande, seier Spildo.

Jau. Good for you.

Professor emeritus Leiv K. Sydnes må gå, for han skal rekke eit fly til København og så vidare til komitemøte i Athen.

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed