Her kan du følgja med på dei arkeologiske utgravingane veke for veke

Publisert:16. juli 2018Oppdatert:18. juli 2018, 09:34
Kristin Ilves, Ragnar Børsheim og Thomas Bruen Olsen (manus og regi) med pokalen som viser at filmen om utgravingane på Sotra vart kåra som nest best under den spanske festivalen. Foto: UiB

Kvar veke vert det lagt ut ein video om dei arkeologiske utgravingane på Bildøy på Sotra.

– Arkeologi er jo noko ein strengt teke ikkje treng driva med, dette er ikkje kreftforsking. Men arkeologi gir eit godt bilete av korleis menneske levde for mange tusen år sidan og korleis me er komne dit me er i dag. Fortida er vår felles kulturarv, me eig henne i fellesskap, og me som arkeologar er difor pliktige til å gi noko av vår kunnskap attende.

Dei seier Leif Inge Åstveit. Han er arkeolog og forskar, og prosjektleiar for dei store arkeologiske utgravingane på Bildøy på Sotra.

Og kanskje ei aldri så lita filmstjerne òg? Kva veke kan ein sjå ein liten filmsnutt på Facebook, på sida Arkeologi på Sotrasambandet, som fortel litt om utgravingane.

– Eg er ekstremt nøgd med formidlinga. Det har vore ein draum så langt, seier Åstveit.

2.plass under festival

Det nye Sotrasambandet skal endeleg byggjast, og ny vegtrasé skal gå over Bildøy. Her har det budd menneske i mange tusen år. Arkeologane har funne spor av fleire store buplassar. Men når utgravingane er ferdige skal vegvesenet overta området. Det er dei som er tiltakshavar og betalar for utgravingane.

– Dette er eit bynært prosjekt med flotte funn. Me opplever at dei som bur i området er svært interessert. Mange følgjer med på Facebook-sida og det var svært godt oppmøte då me arrangerte open dag her, seier Åstveit.

Han er oppteken av å få kunnskapen ut – ikkje berre publisera vitskapelege artiklar som vert lesne av nokre få.

– Det er òg greitt å visa korleis arkeologar faktisk jobbar. Ein brukar ikkje pensel heile tida, slik mange trur, og det er få dinosaurar å finna på Sotra, smiler driftsleiar Kristin Ilves.

Saman med Åstveit, Ragnar Børsheim og Thomas Bruen Olsen gjer ho en del av filminga. Bruen Olsen har også stått for manus og regi. I vinter vart det laga ein lenger film, som i hovudsak er sett saman av to kortare filmar som tidligare er publisert på prosjektets heimeside. Ferda gjekk til ein festival for arkeologifilm i Spania, og resultatet vart andreplass i kategorien dokumentarfilm.

– Filmen var då på engelsk, med teksting på spansk, seier Åstveit.

Den norske versjonen finn du her.

– Det var artig for oss å verta inviterte til denne festivalen. Me konkurrerer jo med ting som er spektakulære, ved Middelhavet har ein jo mange gamle monument som er lettare å visa fram. Det me jobbar med ligg under jorda, det set heilt andre krav til formidlinga, seier arkeologen.

Avfall og restar

Men framleis, etter mange år i faget, får Åstveit ei spesiell kjensle når han kan løfta opp ei kanskje ti tusen år gamal steinøks. Feltet på Bildøy er rikt, og arkeologane trur at menneske har budd lenge på den same staden. Når dei byrjar å grava finn dei det som vert kalla eit kulturlag. Det er ikkje vanleg jord, men mørkare på farge, og feitare å ta i. Dette er rett og slett avfall og restar etter det livet som vart levd på staden.

Og kvifor kunne ein leva her? Fordi det var hav like ved, og med havet følgte mat.

– Mange trur at det var reinsdyr som var viktigast for steinaldermenneska, og at ein flytta seg etter kor reinsdyra var. Reinsdyr har nok vore viktig for mange, men havet må ha vore viktigare. Ein finn spor etter steinaldermenneske på holmar og skjer, og på dei ytste øyane som Fedje og Utsira, forklarar Åstveit.

Dette tyder på at dei må ha hatt solide farkostar.

– Ein kan altså dra trådane langt attende, og ein finn eit marint aspekt – som òg passar godt inn i UiB sin strategi.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed