Opnar forskarskule for pedagogikk og utdanning

Publisert:16. juli 2018Oppdatert:16. juli 2018, 07:45
Den nye forskarskulen skal mellom anna fremje samarbeid på tvers av institusjonane. Bildet er frå sommar-forskarskule ved UiB tidlegare i år. Foto: Eivind Senneset/UiB

UiB vertskap for satsing på Vestlandet.

Western Norway Graduate School of Education II (WNGER II). Det er namnet på den nye forskarskulesatsinga med Universitetet i Bergen (UiB) som vertsinstitusjon. Forskarskulen opnar formelt 23. august og har som mål å skape samarbeid om forskarutdanninga på Vestlandet, frå Stavanger i sør til Molde i nord.

100 innmeldte

- I dag kan det vere ei utfordring for kvart einskild ph.d.-program å tilby 30-40 studiepoeng med doktorgradskurs åleine. Denne regionale forskarskulen vil difor vere eit godt supplement til partnarinstitusjonane sine program ved at kandidatane både kan ta doktorgradskurs ved eige ph.d.-program og ved den regionale forskarskulen, seier Rune Johan Krumsvik, professor i pedagogikk og fagleg leiar for forskarskulen.

Seks andre partnarinstitusjonar er med i satsinga: Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet, NLA Høgskolen, VID Vitenskaplige Høgskole og Høgskulen i Volda. Cirka 100 doktorgradsstipendiatar og 110 doktorgradsrettleiarar er så langt innmeldt i forskarskulen.

God røynsler

– Bakgrunnen for opprettinga er dei gode røynslene ein hadde med den NFR-finansierte forskarskulen WNGER som vi hadde frå 2007-2010 og som vi no ønskjer å vidareføre. I tillegg har strukturreforma endra svært mykje av utdanningskartet her til lands, einskilde nasjonale forskarskuletilbod vi har hatt er lagt ned og ein ser at det er eit behov for å ha eit breitt forskarskuletilbod innan pedagogikk- og utdanningsforsking her på Vestlandet, seier Krumsvik.

WNGER II vil ei rad kurs for stipendiatar, og det er alt køyrt pilotprosjekt for fire doktorgradskurs som skal gjennomførast våren 2018. Kurs skal også gjennomførast med avansert videokonferanseutstyr, med 22 stipendiatar frå UiB og 12 frå Høgskulen i Volda.

Forskarskulen har med seg fem internasjonale ekspertar som rådgivarar.

Samarbeid på tvers

– Vi ser at forskarskulen kan fremje meir samarbeid om ph.d.-rettleiing på tvers av dei institusjonane som er med i WNGR. Blant anna ønskjer vi å arrangere samlingar der vi tar opp psyko-sosiale sider ved doktorgradsløpet, held ph.d.-verktøykurs og arrangerer «master class», seier Krumsvik.

Formell opning av forskarskulen blir 23. august.

Les meir om WNGER II

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed