NTNU vil tenke nytt om nasjonal avis for UH-sektoren

Publisert:29. august 2018Oppdatert:29. august 2018, 15:39
Redaksjonsrådet for Universitetsavisa ved NTNU skal møtast kort tid etter at UiB har gjort sitt vedtak om Khrono-samarbeid. - Eit vedtak vil endre diskusjonen vi har hatt til no, seier leiar i redaksjonsrådet, Jens Barland (nr. 2 frå høgre). Foto: Kristoffer Furberg/Universitetsavisa

Dersom styret ved UiB går inn for medeigarskap i Khrono, vil det sette ny fart i diskusjonane om nasjonal avis ved NTNU og UiO.

– Dersom UiB vel å gå inn på eigarsida i Khrono, vil det endre diskusjonen vi har hatt til no, seier leiar for redaksjonsrådet i Universitetsavisa, Jens Barland. Fram til no har rådet frå redaksjonsrådet til NTNU-leiinga vore at eit sameigarskap med OsloMet om Khrono ikkje er det rette grunnlaget for ei nasjonal avis for UH-sektoren.

– Vi har sagt at viss Khrono skal vere ei nasjonal avis, må det speglast ved at der er fleire eigarar og i måten Khrono blir styrt på, seier Barland.

Kort tid etter at UiB-styret har konkludert torsdag, vil redaksjonsrådet i Trondheim samlast for å vurdere vegen vidare.

UiB-leiinga ønskjer å opprette tre nye journaliststillingar i bergensredaksjonen. Samstundes skal På Høyden halde fram som uahvengig lokalavis for UiB.

Oslo evaluerer avis

Også ved UiO kan eit vedtak i Bergen føre til kursendringar.

Leiar for styret i Uniforum, UiOs uavhengige avis, Fanny Duckert, ønskjer ikkje å kommentere prosessen i Bergen. Ho viser til at UiO er inne i sin eigen prosess som skal munne ut i avklaringar om kva universitetet skal satse på.

– Uniforum er ein del av dette, og det skal utpå hausten gjennomførast ei evaluering av publikasjonen, seier Duckert.

Det er journalist, forfattar og fagmedarbeidar ved Institutt for journalistikk, Asgeir Olden, som skal gjennomføre evalueringa.  

Rektor Svein Stølen skal i nær framtid møte både redaktør og styreleiar for Uniforum for å diskutere situasjonen i sektorpressen.

Utolmodig Khrono-redaktør

OsloMets direktør for organisasjon og virksomhetsstyring har sendt invitasjon til «avklaringsmøte» til leiinga ved UiB, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Tromsø (UiT) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN) – med Khronos redaktør Tove Lie på kopi.

– Eg er utolmodig, mest i forhold til mine eigarar. Khrono treng å komme seg vidare, seier Tove Lie til På Høyden.

– Eg håpar og trur at vi får fleire eigarar inn for å satse vidare. Kor dei kjem ifrå spelar ikkje noko rolle.

I saksframstillinga til UiBs styremøte torsdag heiter det at OsloMet har fått stadfesta interessa for å delta i ei nasjonal universitetsvis frå UiT, HVL og USN.

UiT og HVL: Ikkje tatt stilling

Til På Høyden seier rektor ved HVL, Berit Rokne, dette:

– No er vi inviterte til eit møte på Oslomet, så eg skal orientere styret om dette møtet. Styret har tidlegare uttalt positiv interesse for å sjå på eigarskap i Khrono, men saka er ikkje meir konkret enn dette førebels, seier Rokne.

UiT har ikkje tatt stilling, og då På Høyden var i kontakt med konstituert kommunikasjonssjef Hanne Karde i juni, venta UiT på kva UiBs vedtak ville bli.

USN hadde sak om eigarskap i Khrono oppe i styremøtet i juni. I sakspapira heiter det mellom anna: «Khrono er imidlertid redigert etter Redaktørplakaten og skal drive kritisk og uavhengig journalistikk. Det innebærer at USN prinsipielt ikke skal kunne forvente bredere dekning eller mer positiv omtale av vår virksomhet selv om vi skulle gå inn på eiersiden».

– Styret har sagt at USN skal legge til rette for meiningsbryting. No skal vi ha eit møte med OsloMet 10. september, og seinare vil styret vårt få ei ny sak. Men vi synest OsloMet har tatt eit sympatisk initiativ, seier Per Erik Lund, som er fungerande stabs- og kommunikasjonssjef ved USN.

UiB vil invitere

Jens Barland gir uttrykk for at han – og NTNU – er positive til å styrke den nasjonale dekninga av sektoren. Barland er også førsteamanuensis i medieleiing og innovasjon ved NTNU og har praktisk bakgrunn, mellom anna som sjefredaktør i Stavanger Aftenblad.

– Sektoren treng journalistiske organ som kan samle aktørar og ressursar for å dekke sektoren, litt som næringslivet har Dagens Næringsliv, kristenlivet Vårt Land og landbruket Nationen. Det finst fleire måtar å gjere det på. Khrono-modellen er ein variant, men det kan også gjerast på andre måtar, seier Barland.

Ifølgje UiB-leiinga må «en avtale om nasjonal universitetsavis må sikre at publikasjonen har organisering og ressurser til å dekke vår sektor også med et redaksjonelt perspektiv utenfor hovedstaden og med et tyngdepunkt i Bergen».

I sakspapira heiter det også at UiB ønskjer ei «inviterende rolle med hensyn til å redusere eierandel for å innlemme andre aktører i sektoren i samarbeidet».

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed