Startar revisjon av ordbøkene etter 30 års pause

Publisert:24. august 2018Oppdatert:24. august 2018, 14:15
Nokre har vore med ei stund, andre går i gang med ordboksarbeidet no. Torsdag og fredag var leksikografane samla til seminar for det femårige revisjonsprosjektet. Frå venstre hovudredaktør Margunn Rauset, leksikograf Tor Erik Jenstad, Bjørghild Kjelsvik, leksikograf som har vore med på forprosjektet, Oddrun Grønvik, leksikograf med lang røynsle frå Norsk Ordbok og UiO, leksikograf Gunn Inger Lyse, leksikograf Kari-Anne Selvik, Terje Svardal, leksikograf knytt til både ordbøkene og språksamlingane, Bente Selbach og Anne Engø, begge leksikografar. Foto: Hilde Kristin Strand

Er «cyclostyle» og «abbeddøme» ord du ofte brukar? Ikkje det, nei. No forsvinn dei truleg frå ordbøkene.

– Eg synest ikkje «revisjonsprosjektet» er eit glamorøst nok namn, dette er større og viktigare enn det.

Det sa HF-dekan Jørgen Sejersted då han helsa dei ferske tilsette i nettopp - revisjonsprosjektet. UiB har som kjent teke over ansvar for både Nynorsk- og Bokmålsordboka. No startar arbeidet med å revidera dei, noko som ikkje har vore gjort på tretti år. Startskotet gjekk med eit todagarsseminar frå torsdag. Der peika Språkråd-direktør Åse Wetås på arbeidet som no skal i gang som eit uhyre viktig tiltak.

– Det kan ikkje seiast på nokon annan måte, sa ho.

Frå ende til anna

– Me byrjar på «a», smiler Margunn Rauset.

Ho er tilsett som hovudredaktør for ordbøkene. Dei til saman sju tilsette skal gå gjennom ordbøkene frå ende til annan. Dei skal sjå på definisjonstekstane, på kva ord som kan gå ut og kva som bør gå inn. Leksikografane skal jobba både med Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Tidlegare var det ulike redaksjonar som gjorde dette.

– Det har ikkje vore jobba systematisk med innhaldet i ordbøkene sidan 1986, seier Rauset.

For i ordbøkene finn ein i dag ord som «abbeddøme» og «abbedgjeld», ein finn «cyclostyle», som er eit anna ord for stensileringspapir og ein finn substantivet «water», for vassklosett.

– Me må diskutera om ordet stensileringspapir i det heile skal finnast. Men «cyclostyle» kan me i alle fall fjerna, seier Rauset.

Ord som ikkje finst i ordbøkene i dag, er ord som «allemannsrett», «cava» og «vinaigrette».

– Dei to siste er døme på at mattradisjonane har endra seg. Namn på mykje av det ein i dag finn i grønsaksdiskane finn ein truleg ikkje i ordbøkene, seier Rauset.

– Kva med eit ord som «google»? Vil det koma inn som eit verb?

– Det er noko Språkrådet skal ta stilling til. Me skal ta inn ord som allereie er innarbeidde, det vil i hovudsak seia ord som er etablerte i skriftspråket.

Å belite seg

Ordbok-appen er lasta ned 40 000 gongar, kunne Johan Myking fortelja. Språkvitskap-professoren er instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, og har vore sentral i arbeidet med å få både ordbok og språksamlingar til UiB. No er har leiar i styringsgruppa for ordbøkene.

Ordet «app» finst der allereie. Men det er eit anna omgrep som manglar: Å belite seg, som er kåra til det mest bergenske uttrykket.

– Eg innrømmer at eg ikkje skjønte kva tyding ordet hadde før i sommar, sa Myking i si helsing.

Å belite seg betyr rett og slett å gi seg eller godta, i tydinga at ein aksepterer eit utfall av ei sak, basert på allment aksepterte spelereglar.

– Altså eit nøkkelord i all personalpolitikk. Ordet må inn i begge ordbøkene – og aldri kastast ut att, humra Myking.

Tilsett ved UB

5. august 2014 skreiv På Høyden den første saka om at språksamlingane kunne koma til Bergen. Knappe to år seinare, i juni 2016, tok UiB over det formelle ansvaret for både språksamlingane og dei to ordbøkene. Dei nytilsette redaktørane er formelt tilsett ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, men skal ha den fysiske arbeidsplassen sin på Universitetsbiblioteket. Men dekan Sejersted lova eit fysisk og andeleg nærver med fakultetet og fagmiljøa i HF-bygget – og truleg òg ei stipendiatstilling som kan lysast ut allereie i haust.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed