UiB-styret stemte for å bli medeigar i Khrono

Publisert:30. august 2018Oppdatert:31. august 2018, 07:07
Kjersti Fløttum og resten av UiB-styret gjekk torsdag inn for å gjere Khrono til felleseigd avis mellom UiB og OsloMet. I bakgrunnen viserektor for tverrfagleg verksemd, Robert Bjerknes (delvis skjult) og universitetsdirektør Kjell Bernstrøm. Foto: Njord V. Svendsen

UiB blir medeigar i OsloMets avis, Khrono. Det blir resultatet om det lukkast å forhandle fram ein endeleg avtale mellom dei to universiteta.

UiB-styret stemte torsdag for forslaget til universitetsleiinga om å gå inn i sluttforhandlingar med OsloMet med sikte på medeigarskap i Khrono. Målet er å etablere ei nasjonal avis for UH-sektoren som «bidrar til økt synlighet, meningsutveksling og debatt», heiter det frå UiB-leiinga.

I første omgang tek UiB sikte på ein eigarpost på 50 prosent, men denne kan bli justert dersom andre aktørar melder seg på.

Samstundes vil styret i tråd med vedtaksforslaget oppretthalde På Høyden som ei uavhengig lokalavis for UiB.

UiB vil med ein ny samarbeidsmodell garantere for å tilføre tre årsverk til redaksjonen i Bergen. 

Inviterer andre 

­– Det er veldig spennande det som skjer. No blir det viktig kva som kan komme ut av forhandlingane. Eg er glad for at UiB-leiinga inntar ei inviterande rolle med omsyn til andre institusjonar, sa styremedlem Kjersti Fløttum. 

Ifølgje vedtaket skal UiB-leiinga, saman med styreleiar i På Høyden, gå inn i forhandlingar med OsloMet om sameigarskap. Vedtaket opnar samstundes for at eventuelle «andre aktører med tilknytning til universitets- og høgskolesektoren» kan komme inn i forhandlingane.

NTNU og UiO har så langt takka nei til OsloMets tilbod om å kjøpe seg opp i Khrono. Men vedtaktet i UiB-styret vil truleg føre til endringar også hos dei uavhengige avisene ved dei andre store universiteta. Redaksjonsrådet for Universitetsavisa skal fredag møtast for å diskutere vegen vidare. Uniforum skal gjennom ei evaluering.

Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Tromsø og Universitet i Sørøst-Norge har uttrykt interesse for å bli med på eit nasjonalt avisprosjekt, men har så langt sete på gjerdet.

Har eit tilbod - no

Under debatten stilte eksternt varamedlem, Marit Warncke, spørsmål om korfor UiB-leiinga har hatt det så travelt. Ho meinte UiB burde ha musklar til å vurdere fleire alternativ, med Bergen i førarsetet. 

– Vi har eit tilbod om å få styreleiar eller redaktør, og 50 prosent eigarskap. Det ville vi ikkje fått om vi kom inn på eit seinare tidspunkt, svarte rektor Dag Rune Olsen.

Spørsmålet om korleis det nasjonale og lokale nivået skulle sjonglerast i eit samarbeid vart også tatt opp, men etter ein relativt kort debatt vart UiB-leiingas forslag til vedtak banke gjennom. 

Stiller krav

UiB har i vedtaket fleire krav og vilkår til til dei organisatoriske rammene for samarbeidet. Blant desse er:

* Khrono skal leiast av ein ansvarleg redaktør som enten skal vere tilsett ved osloredaksjonen eller bergensredaksjonen.

* UiB og OsloMet bør dele posisjonane som redaktør og styreleiar mellom seg – den eine i Bergen og den andre i Oslo.

* Avtalen må sikre at publikasjonen har organisering og ressursar til å dekke sektoren med «redaksjonelt perspektiv utenfor hovedstaden og med et tyngdepunkt i Bergen».

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed