Desse studentane slit mest

Publisert:11. september 2018Oppdatert:11. september 2018, 08:32
Studentar ved Det humanistiske fakultetet og Fakultet for kunst, musikk og design rapporterer om dårlegast psykisk helse. HF-dekan Jørgen Sejersted er uroa.

Studentar frå Det humanistiske fakultetet og Fakultetet for kunst, musikk og design rapporterer om fleire psykiske plager enn andre UiB-studentar.

– Dette er veldig bekymringsverdig, seier Jørgen Sejersted.

Han er dekan ved Det humanistiske fakultetet (HF), og kommenterer tal frå den ferske helse- og trivselsundersøkinga for studentar (SHoT). Som På Høyden skreiv onsdag rapporterer 29 prosent av dei 50 000 studentane som har svara at dei har psykiske vanskar.

Tala for UiB viser at det er ved HF og Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) at flest studentar har rapportert at dei slit psykisk.

Best på medisin

Medan 21 prosent av medisinstudentane rapporterer at dei ofte kjenner seg einsame, er talet 38 både for HF og KMD. Desse tre fakulteta er òg i topp og botn når det gjeld kor mange studentar som rapporterer om alvorlege og mange symptom knytt til psykiske vanskar: Fem prosent på medisin, 17 på HF og 19 på KMD. Sju prosent av HF-studentane seier at dei har svært dårleg livskvalitet. Her er KMD og Det samfunnsvitskapelege fakultetet nest verst, med fem prosent.

– Eg synest tala på studentar med psykiske plager er svært høge. Eg ser at det er ein nasjonal trend, men at me peikar oss ut er bekymringsfullt, seier Sejersted.

HF-studentar er nøgde med undervisninga og oppfølginga dei får. Men dei deltok i mindre grad på fadderordning då dei var ferske studentar, og sjølv om mange studentar generelt er nøgde med mottakinga dei fekk som nye studentar, er HF-studentar blant dei som er minst nøgde.

– Dette med mottak har vore vektlagt, men er noko me må sjå nærare på, seier Sejersted.

Både prorektor Margareth Hagen og viserektor for utdanning Oddrun Samdal trekte fram fagleg-sosiale møteplassar som eit godt tiltak for å få fleire studentar med.

KMD og HF har kanskje ikkje like mange arenaer for sosialt fellesskap som til dømes medisin og juss, der studentane følgjer sine kull. Men eg veit at begge desse fakulteta har hatt fokus på å etablera studentgrupper som ikkje berre skal vera saman i fadderveka, men òg jobba saman vidare. Dette kan vera med på å førebyggja einsemd, trur Samdal.

Sejersted er samd, og seier at fakultetet er i ferd med å setja fokus på dette.

– Dette er eit av fokusområda våre, og me jobbar mellom anna me då utvida tilbodet i kollokviegrupper. Ei utfordring er å gjera opplegget så meiningsfullt at studentane ønskjer å møta opp, seier Sejersted.

Sosiale skilnader?

– Eg vil ikkje vera med på å teikna eit bilete av at det er noko spesielt med kunststudentar. Det har me ikkje grunnlag for å seia. Men ein ting er spesielt hos oss: Me er tett på studentane, det er mykje undervisning og individuell rettleiing, og studentane er mykje saman i små grupper og knytt til prosjekt. Dette kan gjera at problem vert avdekka, og kanskje òg det er låg terskel for å seia i frå.

Det seier Frode Thorsen, dekan ved KMD.

Han seier at SHoT-tala vil verta studert nøye, og at dei vil verta tema på neste fakultetsstyremøte.

– Me vil setja i gang interne prosessar og sjå om det er tiltak me kan jobba med. Men for vår del er det òg viktig å vera klar over at svarprosenten for fakultetet er mindre enn for andre fakultet, seier han.

Heller ikkje Sejersted vil snakka om sarte kunstnarsjeler. Men han trur skilnad i undervisning mellom fakulteta kan ha noko å seia.

– Sosiale parameter er ikkje teke med i denne undersøkinga, så det er vanskeleg å seia noko om kva som skuldast kva, og kva me som utdanningsinstitusjon kan gjera.

Men Sejersted trur kullkjensla kan vera sterkare på profesjonsstudia,og at det kan ha noko å seia for korleis ein opplever studiekvardagen.

– Profesjonsutdanningane får inn motiverte studentar som jobbar i tette grupper. Dei har òg ein annan gjennomføringsprosent enn det me ser generelt på HF. Hos oss er det nok større spreiing både i bakgrunn og i motivasjon, trur Sejersted.

Alle SHoT-tala finn du her. UiB-tala ligg i vedlegg.

Vedlegg: 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed