Hans Petter Graver er vald til ny preses for Vitskapsakademiet

Publisert:14. september 2018Oppdatert:14. september 2018, 09:56
Jussprofessor Hans Petter Graver er vald til ny preses for Vitskapsakademiet. Foto: Ola Sæther

Jussprofessor Hans Petter Graver er vald som ny preses eller leiar for Vitskapsakademiet for dei neste tre åra.

Dermed vann jussprofessor Hans Petter Graver frå Universitetet i Oslo medlemane si røysting mellom han og motkandidaten, filosofiprofessor Olav Gjelsvik, også han frå Universitetet i Oslo.Valet gjekk føre seg på medlemsmøtet til Vitskapsakademiet torsdag kveld, skriv Uniforum

– Glad og stolt 

Hans Petter Graver er svært nøgd over å ha blitt vald til preses for Vitskapsakademiet. Han har også klare visjonar for kva han vil med akademiet.

–Eg er glad og stolt over den tilliten akademiets medlemar har vist ved å velja meg. Eg har ein visjon om eit samfunn som forstår kor viktig det er med det langsiktige i forskinga og som har tillit til forskarane sine eigne måtar å nå kvalitet på, og om eit vitskapssamfunn som viser seg denne tilliten verdig. Min visjon for Akademiet er at det nyttar rolla si som ein kvalitetsmedviten aktør, som er uavhengig både av styresmaktene og institusjonene i kunnskapssektoren, til å fremja vitskapen og bruken av vitskapen som grunnlag for samfunnet sine avgjerder, seier Hans Petter Graver til Uniforum.

– Som å begynna på universitetet på nytt

– Kva er det første du vil gjera når du begynner i vervet som preses?

– Det første eg vil gjera er å setja meg betre inn i akademiet si verksemd og å læra om alt det viktige som akademiet sine utval og fora gjer for å fremja akademiet sine mål. For meg er akademiet si styrke først og fremst rolla det har som ei plattform og ein aktør i samarbeid mellom fag og disiplinar. Akademiet representerer dei beste i kvart fag, og er den einaste staden der dei møtest regelmessig på tvers av disiplinane. Å delta aktivt i akademiet sitt arbeid er som å begynna på universitetet på nytt.

På nettsidene til Vitskapsakademiet går det også fram at sosiologiprofessor Gunn Elisabeth Birkelund frå UiO er vald til visepreses og leiar for Den historisk-filosofiske klasse. Geologiprofessor Anders Elverhøi held fram som visepreses og leiar for Den naturvitskaplege klassen, går det fram av meldinga frå Vitskapsakademiet. Hans Petter Graver overtar som preses etter medisinprofessor Ole M. Sejersted, som har vore preses dei siste tre åra. Tidlegare har jussprofessor Kirsti Strøm Bull, professor i statsvitskap, Øyvind Østerud og biologiprofessor Nils Chr. Stenseth hatt vervet som preses for Vitskapsakademiet. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed