Må ha politiet på hurtigtast

Publisert:13. september 2018Oppdatert:13. september 2018, 10:29
- Arbeidsgjevarar kan førebu forskarane og tilby støtte til dei som har behov for det, seier stipendiat Birgitte Haanshuus ved HL-senteret. Foto: Elise Løvereid

Å forske på ekstremisme, krig og konflikt kan krevje noko av det mest elementære: sjølve tryggleiken. Nokre forskarar må ha politiet på hurtigtast på telefonen.

Det blir snakka ein del om informantane sin tryggleik, men ikkje like mykje om forskaren sin, seier Elisabeth Staksrud, leiar i Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitskap og humaniora (NESH). Saman med Christian Michelsens Institutt (CMI) tok NESH initiativet til debattkveld om nettopp forskartryggleik.

Forskartryggleik blei for alvor eit tema då CMI-forskingsdirektøren Arne Strand hamna midt i eit terroråtak i januar. Forskaren var på eit hotell i Kabul då terroristar tok seg inn på hotellet, skaut og sette fyr på bygget. Mange vart drepne og Strand enda opp hardt skada.

– Kva er det som gjer oss sårbare som forskarar? Politisk sensitive tema, religion, krig og konflikt, dette er nokre faktorar. Men skal vi stille spørsmål eller halde kjeft, spør Strand, som framleis har med seg krykker.

Direktevideo frå kampane

Direktøren og forskaren poengterer kor viktig det praktiske er for tryggleiken. Fullada mobiltelefon, trygg transport, god forsikring. Noko av det aller viktigaste er tilliten mellom forskaren og tolken.

Innimellom måtte vi gjere avtalar med krigsherrar for å få tilgang til eit område. Som forskar må du vere open med tolken, men ikkje for open. Eg visste at han kunne bli avhøyrt i fleire timar etter intervjua med meg.

Mens Arne Strand har forska i 30 år på Afghanistan, har Stein Tønnesson ved Institutt for fredsforskning (PRIO), konsentrert seg mykje om Myanmar. I sitt nye forskingsprosjekt ser han på korleis Facebook blir brukt som middel i konfliktar.

Det eksisterer fleire smarttelefonar i Myanmar enn innbyggarar. Det er eit «Facebook-land», med videoar og bilde frå kampane. Nokre soldatar har eit kamera på hovudet og filmar direkte på Facebook, fortel Tønnesson.

Observerer konfliktar

I 2011 blei Myanmar eit meir tilgjengeleg forskingsobjekt, då militærdiktaturet tok slutt. Men det finst framleis 20-30 væpna grupper i landet. Gjennom Facebook kan forskarar i Noreg følge med på det som skjer – og sjølve vere trygge.

Ein ser at kampområda forflyttar seg. Vi registrerer også mykje fælt, som videoar av lik, fortel forskaren.

Sidan innhaldet i videoene bryt retningslinjene til Facebook, blir dette fjerna. Nyleg stengde Facebook også sida til hærsjefen. Det har starta ein konflikt mellom nettstaden og regjeringa i Myanmar.

Facebook har aldri etablert seg fysisk i Myanmar, men har likevel meir data om landet enn nokon annan i verda. Konflikten mellom Myanmar og Facebook blir derfor viktig å følge med på.

Trua av nynazistar

Også Birgitte Haanshuus ved HL-senteret observerer kampar på Facebook, sjølv om desse kampane kun går føre seg på nettet. I høve årsdagen til 22. juli blei ho i 2016 intervjua av Klassekampen om forskinga si på ekstremisme. Ikkje lenge etterpå kunne ho lese om seg sjølv på bloggen til Fjordman, antijihadisten som inspirerte Anders Behring Breivik.

Altså, dette er kanskje ikkje eit stort samfunnsproblem. Journalistar og samfunnsdebattantar får nok meir hets enn oss forskarar. Likevel skjer det også at forskarar blir trua, forfølgde og hetsa.

To slike forskarar er Tore Bjørgo og Christer Mattsson. I 1997 forska Bjørgo på nynazistar, eit prosjekt som enda med eit planlagt, men mislykka attentat. Mattsson har blitt oppsøkt i heimen og funne spikermatter framfor bilen sin.

Du ser stundom bilde av terrorforskarar på demonstrasjonane til Den Nordiske motstandsbevegelsen. Medlemmane er på nett og diskuterer desse forskarane, som er landssvikarar i deira auge. Noko av det dei skriv inneber latterleggjering eller forsøk på å diskreditere dei som forskarar, seier Haanshuus.

Mareritt av å forske

Forsking på ekstremisme, konflikt og kriminelle nettverk må vere forankra i balansen mellom etikk, jus og god HMS, konkluderer forskarane. Hanshuus vil ikkje slutte å forske på det ho gjer, men vedgår at ho gru-gler seg til responsen på framtidige rapportar.

Eg høyrer forskarar innan terror, vald og ekstremisme seie at dei hadde slutta dersom barna deira var små. Dei har hatt politiet på hurtigtast. Det er viktig at arbeidsgivaren er på bana og at forskarar som har behov for det, får støtte.

Det er også Strand og Tønnesson einige i. Forskarar som følger med på kampane i Myanmar har fått mareritt av det dei har sett på Facebook.

Arbeidsgjevar bør førebu forskarane på responsen og ha ein plan for kva ein gjer i tilfelle der det kan bli utrygt eller farleg. Sjølv kan forskaren sørge for å ikkje ha for mykje informasjon om seg ute på nettet, avsluttar Haanshuus.

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed