Merittering: – Kritikken liknar klimafornekting

Publisert:28. september 2018Oppdatert:28. september 2018, 11:26
Dersom vi skal heve statusen til undervisning og sidestille med forsking, er incentiv heilt klart nødvendig, meiner stipendiat og pedagog Torstein Nielsen Hole. Foto: Njord V. Svendsen

Det er liten tvil om at merittering fører til betre undervisning, meiner stipendiat ved bioCEED, Torstein Hole.

– Om vi meiner alvor med å fokusere på undervisning, må pengar og prestisje koplast til undervisning, seier Hole.

Han arbeider ved bioCEED, eit senter for framifrå undervising, lokalisert ved Universitetet i Bergen (UiB). Det var bioCEED som først tok initiativ til å etablere merittering for undervisarar på universitetet.

Som omtalt i På Høyden skal alle fakultet ved UiB innføre meritteringsordningar for undervisarar i løpet av 2019. Det Matematisk-naturvitskapelege fakultet (mat.nat.) har alt hatt ordninga i eit år, og no står Samfunnsvitskapeleg fakultet (SV) for tur.

Ikkje alle er begeistra.

– Kan ikkje ha lese kriteria

«Vi stiller oss tvilende til om de kriteriene som foreslås griper det som virkelig skiller god undervisning frå mindre god undervisning», skreiv Institutt for økonomi i høyringsrunden. Instituttet peikte på at ein formidlar som Frank Aarebrot neppe ville nådd opp i systemet.

– Aarebrot var utvilsamt ein glitrande forelesar, men det er tvilsamt om kriteria for framgang og prosess treffer slike som han, uttalte instituttleiar Kjell Vaage til På Høyden.

I eit debattinnlegg i På Høyden stiller organisasjonstillitsvald i Utdanningsforbundet i Bergen, Roar Ulvestad, seg kritisk til merittering, og hevdar «undervisning og formidling i svært liten grad blir belønnet i dagen system».  

«Verken Ulvestad eller Vaage ser ut til å ha lest kriteriene», skriver stipendiat ved BioCEED, Torstein Hole, i eit svar. bioCEED er eit senter for framifrå utdanning innan biologi.

– Basert på anekdotar

– Det er bra med inspirerande forelesarar, men vi treng også andre læringsmetodar. Nokon av desse fungerer betre enn forelesinga. Eg synest begge kjem med påstandar som er meir basert på anekdotar enn dokumentasjon. Det blir litt mykje sånn «eg har hatt ein inspirerande forelesar, derfor fungerer forelesing bra», utdjupar Hole til På Høyden.

Det er dette som har fått Hole til å samanlikne kritikarane med klimafornektarar.

«Dersom vi skal diskutere undervisning og læringsutbytte uten å legge forskning eller faktiske dokumenter til grunn begynner debatten å ligne på klimafornekterne som ikke henviser til noen kilder, men som får like mye spalteplass som ekspertene som har forsket på sitt fagfelt i mange år», skriv Hole.

Hole er sjølv ikkje biolog, men pedagog, og jobbar med ein doktorgrad i pedagogikk, og med å utvikle og legge til rette for undervisning. BioCEED satsar tungt på nye læringsmetodar med bruk av digitale plattformer og utstrakt bruk av såkalla aktivitetsbasert læring, ein metode som legg stor vekt på å aktivisere studentane i mindre grupper.

– Med denne metoden lærer studenten gjennom å gjere noko, i staden for berre å ta imot. Vi veit at dette bidrar til læring, seier Hole, og viser mellom anna til ein amerikansk studie som har samanlikna denne metoden med tradisjonelle forelesingar.

– Incentiv nødvendig

Hole seier han ikkje ser nokon store problem med merittering av undervisarar.

– Det er liten tvil om at merittering fører til betre undervisning. Dersom vi skal heve statusen til undervisning og sidestille med forsking, er denne typen incentiv heilt klart nødvendig. Det er allereie mykje pengar og status i forskinga. Om vi meiner alvor med å fokusere på undervisning, må pengar og prestisje også koplast til undervisning, seier Hole.

Regjeringa har gjennom den såkalla kvalitetsmeldinga, «Kultur for kvalitet i høyere utdanning» frå januar 2017 kravd at institusjonane skal innføre meritteringsordningar for undervisning. Ved alle fakultet ved UiB er variantar av merittering no under utarbeiding. SV-fakultetet, som i stor grad baserer seg på mat.nat.-modellen, kjem med dei første utlysingane i oktober.

Dersom ein kjem gjennom nålauget venter 50 000 i lønnsauke og prestisjetittelen «framifrå undervisar».

Om Aarebrot kunne nådd opp med dei kriteria for merittering som ligg grunn?

Ja, kvifor ikkje, meiner Hole.

– Det trur eg fint han kunne klart.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed