Nasjonal avis: Universitetet i Oslo kiler seg inn i Khrono

Publisert:11. september 2018Oppdatert:11. september 2018, 16:16
UiO-rektor, Svein Stølen, ønskjer likevel å bli med i Khrono-samarbeid. Foto: Ola Sæther/Uniforum

Universitetet i Oslo (UiO) vil inn i Khrono. Samstundes får UiB truleg innfridd sitt krav om redaksjonelt tyngdepunkt i Bergen.

UiO har tidlegare takka nei til å gå inn på eigarsida i Khrono, til liks med NTNU. No endrar universitetet kurs og ønskjer å legge pengar i potten til prosjektet.

Det melder universitet sjølv i ei pressemelding.

– UiO vurderer det ikkje som hensiktsmessig å gå inn på eigarsida no, men vil støtte Khrono økonomisk i ein periode med ein betinga intensjon om vidareføring. Vi vil bruke denne perioden til å sjå på moglegheiter for å styrke det viktige arbeidet Khrono har starta og gjennom det få påverknad på vidare utvikling, sier Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo.

Uniforum består

UiO har frå før engasjert Asgeir Olden frå Institutt for journalistikk for å gjere ei evaluering av UiOs eiga avis, Uniforum, i løpet av hausten. Ifølge Stølen er det ikkje aktuelt å legge ned Uniforum, eller skjere ned på ressursane.

– UiO skal vere eineeigar i Uniforum, seier Stølen.

Måndag møttest fleire institusjonar til «avklaringsmøte» om Khrono på OsloMet. Blant desse var også UiO og Universitetet i Stavanger.  

Ifølge forhandlingsleiar ved OsloMet, organisasjonsdirektør Tore Hansen, ønskjer også Universitetet i Stavanger å gå i drøftingar om eigardel i Khrono.

Til Khrono seier Hansen at ingen på same måte som UiB har «signalisert ønske og behov om en redaksjonell forankring i egen region».

Bergen som tyngdepunkt

– Eg oppfattar at OsloMet har slutta seg til intensjonane i styrevedtaket frå Bergen, seier Jan Heiret.

Han er styreleiar for På Høyden og deltek saman med UiBs assisterande direktør, Tore Tungodden, i forhandlingane om nasjonal avis.

I klartekst betyr det at krava som er formulert frå UiBs side, blant anna om eit «redaksjonelt tyngdepunkt» i Bergen, vil ligge til grunn for prosessen vidare.

– No skal det forhandlast om dei konkrete løysingane for korleis ei nasjonal avis skal organiserast – og ein redaksjon i Bergen skal organiserast, seier Heiret.

I prinsippet kan ansvarleg redaktør for nye Khrono bli lokalisert ved UiB, og styreleiar ved OsloMet, eller omvendt. I praksis peikar likevel det meste mot ein sjefredaktør i Oslo, der Khrono i utgangspunktet er etablert. Og ifølge Heiret er det semje om at det skal vere ein redaksjonsleiar i Bergen.

Uavklarte spørsmål

Blant dei uavklarte spørsmåla som forhandlarane til OsloMet og UiB no skal finne ei løysing på er forholdet mellom På Høyden og Khrono. UiB har bestemt at På Høyden skal halde fram som lokalavis for UiB, med ein eigen ansvarleg redaktør – samstundes skal UiB opprette tre stillingar i Bergen til Khrono-redaksjonen.

–  Det er frå mi side klart at det må vere eit redaksjonelt samarbeid. I motsett fall risikerer vi å få to redaksjonar side om side som konkurrerer og jobbar med mange av dei same sakene, og det er ikkje målet. Eg kjenner meg rimeleg sikker på at vi har viljen og tilliten mellom partane til å finne gode løysingar på dette, seier Heiret.

– Det er svært positivt at alle går inn for å styrke den uavhengige journalistikken. Å gå inn i den nasjonale avisa, skal ikkje vere eit tiltak for å profilere eigen institusjon. Det er eit klart premiss.

USN: – Vil støtte

Det er eit premiss Universitet i Sørøst-Norge (USN) stiller seg bak. USN står på nippet til å gå inn i Khrono.

– Styret stiller seg generelt positivt til å gå inn og er opptatt av at et blir lagt til rette for meiningsbryting i sektoren. Det er noko vi gjerne vil gi støtte til ei vidare utvikling av, seier Per E. Lund, som er rektors stabssjef ved USN.

Leiinga skal no vurdere kva slags ressursar dei kan gå inn med. I løpet av neste veke skal USN levere meir konkrete forslag til korleis dei ser for seg både organisering og finansiering, til liks med Universitetet i Stavanger.

Ifølge Lund er spørsmålet om kor redaksjonelle medarbeidarar bør sitje, eit tema som vart diskutert på avklaringsmøtet på OsloMet.

UiB har fått gjennom kravet om ein eigarpost på 50 prosent i Khrono, men har signalisert at dei kan redusere denne om andre institusjonar melder seg på.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed