VID-forskar vann Forskar Grand Prix

Publisert:26. september 2018Oppdatert:27. september 2018, 13:25
Marte Bygstad Landro frå VID Vitenskapelige høgskole vann bergensfinalen. - Det krev ein del å få forskinga kokt ned til fire minutt, seier ho. Foto: Tor Farstad

Marte Bygstad-Landro frå VID Vitenskapelige høgskole vann bergensfinalen i Forskar Grand Prix onsdag kveld. Med til finalen i Tromsø vert òg Frida Johanne Lundevall frå UiB.

- No må eg få på plass det praktiske kring rekvisittane mine, seier ei nøgd Frida Johanne Lundevall, som skal til Tromsø lørdag saman med Marte Bygstad-Landro. Foto: Tor Farstad

- No er eg veldig overraska og glad, seier Marte Bygstad-Landro.

VID-forskaren gjekk heilt til topps i bergensfinalen i Forskar GRand Prix onsdag kveld. Bygstad-Landro forskar påskam, særleg skam knytt til depresjon.

- Skam er ein a-kjendis. Skam er “styggen på ryggen, sa Bygstad-Landro.

Ho var ein av totalt ti finalistar, og kom til scena utan ein einaste rekvisitt.

- Eg synest bodskapen er sterk nok i s eg sjølv, seier Bygstad-Landro til På Høyden.

Nasjonal finale laurdag

No vert det tur til Tromsø og den nasjonale finalen. Det skjer allereie laurdag.

- Eg hadde ikkje heilt planlagt ein tur dit, smiler Frida Johanne Lundevall frå Kjemisk institutt ved UiB.

Ho forskar på sølvmolekyl som kreftbehandling og kom på andreplass i bergensfinalen.

- Eg trur eg skjønte alt du sa, sa dommar Sverre Breivik, litt overraska, til Lundevall etter at ho hadde hatt sin andre presentasjon.

- Eg meldte meg på for å utfordra meg sjølv. Det er mange som ikkje veit kva organisk kjemi er, og det har gått med ein del tid til å forenkla bodskapen slik at eg skulle kunne forklara det for dei som ikkje er kjemikarar, seier Lundevall til På Høyden, og skryt av innspel frå kollegaer.

Ti finalistar

Ti finalistar var samla til finalen i Forskar Grand Prix. Publikum fekk mellom anna høyra om verdas sterkaste dyr, hoppekrepsen, om sms som påverka valdeltakinga, om LAR-pasientar og deira livskvalitet og VR-reknologi. I tillegg til Bygstad-Landro og Lundevall kom Siri Flagestand Kvalheim frå UiB til finalen.  Kvalheim forskar på munnstell hos alvorleg sjuke.

Ove Heradstveit vann i fjor, og måtte levera tilbake vandrepokalen onsdag kveld.

- I året som har gått har eg fått formidla mykje, og hatt kurs og presentasjonar. Det har vore ein fryd å vera her i kveld, og verkeleg flott  å sleppa å stå er framme, sa han.

På Høyden kjem attende med ei fyldigare sak og fleire bilete torsdag.

 

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed