Ei veke meir studiestøtte

Publisert:8. oktober 2018Oppdatert:8. oktober 2018, 12:55
Ein gir med den eine handa og tek med den andre, seier NSO-leiar Håkon Randgaard Mikalsen. Foto: Njord V. Svendsen

Studentane vil få ei veke meir studiestøtte enn dei får i dag. For lite, seier NSO.

Ti månader og tre veker med støtte. Det kjem studentane til å få neste år, dersom regjeringa får det som ho vil. Det er lagt inn studiestøtte i ei ekstra veke, og dette er eit ledd i målet om studiestøtte i 11 månader, seier Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

I kroner og øre vil dette bety at ein student vil få 8 100 kroner meir våren 2019 enn våren 2016. Men i same periode har det vore ein prisvekst på fem prosent, ifølgje SSB.

Norsk Studentorganisasjon (NSO) meiner at auken er for liten.

- Dette svarar ikkje til behovet. Det er studia som må vika plassen når økonomien ikkje strekkjer til, seier NSO-leiar Håkon Randgaard Mikalsen i ei pressemelding.

Mikelsen er òg kritisk til at endringa for å få stipend vert endra. I dag får studentane alt som lån, men 40 prosent vert gjort om til stipeng etterkvart som studentane får studiepoeng ved å stå på eksamen. No føreslår regjeringa at femten prosent av stipenddelen skal verta gitt etter at ein har fullført ei grad.

- Dette forslaget tek ikkje dei reelle utfordringane i studiekvardagen på alvor, seier ein kritisk NSO-leiar.

Han meiner truslag om auka gjeld bidreg til å mistenkeleggjera studentane sin innsats, snarare enn å skapa gode, utfordrande og trygge utdanningar.

Regjeringa ønsker å halda fram med å prioritera nye studentbustader. Det vert lagt inn tilskot til 2200 nye studentbustader i 2019, det er det same som har vorte gitt dei siste åra. I tillegg ønskjer regjeringa å gi studiestøtte til vaksne. Det er sett av 15 millionar kroner til dette, og meininga er at til dømes dei som tek lastebilsjåførutdanning ved godkjende trafikkskular vil kunne få støtte til dette.

 

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed