Endeleg er Lønningen lystgård nyopna

Publisert:1. oktober 2018Oppdatert:1. oktober 2018, 14:02

Søndag kunne små og store endeleg prøva seg gjennom den 1,8 meter høge labyrinten utanfor Lønningen lystgård.

Lønningen lystgård måtte flyttast då flyplassen på Flesland skulle utvidast. Det har teke tid, og det vart dyrt, men søndag kunne endeleg huset opna dørene for nyfikne. No er det ein del av UiB sitt anlegg på Milde, nærare bestemt i Botanisk hage.

Inne har det vorte undervisningsrom, sal med kjøkenkrok, og i øvste etasje arbeidsrom for UiB-tilsette. Bygget skal òg romma ein frøbank.

– Fylkeskonservatoren har vore oppteken av vidareføring, og det vart valt ein tidsepoke. Det betyr at første etasje vil verta innreia i stil frå 1820-åra, med lerret malt med linoljemaling på veggane og måla tregolv, har kulturminneansvarleg ved UiB, Åse Tveitnes, tidlegare sagt til På Høyden.

Utan for det gamle, kvite trehuset, som mellom anna har vore barneheim, er det kome ein stor labyrint. 1 330 barlind, 1,8 meter høge, er planta i ein formasjon teikna av matematikkprofessor Hans Munthe-Kaas. Namnet? Arkimedes’ labyrint.

– Labyrinten vil vera open for alle. Det er berre ein inngang og ergo ein utgang, sa førsteamanuensis Heidi Lie Andersen til Fanaposten før opninga.

Andersen er fagleg ansvarleg for botanisk hage.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed