Får meir pengar – fordi ein er best

Publisert:8. oktober 2018Oppdatert:8. oktober 2018, 13:30
UiB ligg an til ei løyving på 3,6 milliardar kroner neste år. Det var omlag det universitetsdirektør Kjell Bernstrøm hadde rekna med.

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm bomma med ein million kroner då han gjetta på kor mykje pengar UiB får å rutta med til neste år.

3 606 474 000 kroner. Det er summen UiB får i løyving over statsbudsjettet neste år. Og det var omtrent det universitetsdirektør Kjell Bernstrøm hadde rekna med.

– Me bomma med ein million kroner, smiler han.

Summen ein får er ein vekst i forhold til det ein har fått i 2018. Men det skuldast i hovudsak at ein får meir resultatbaserte midlar.

– Så ein får fleire pengar fordi ein har vore flink?

– Det stemmer. Me vinn i konkurransen med dei andre både på utdanningssida og resultatsida, seier Bernstrøm.

Men ein må kutta

Samstundes må UiB som dei andre i statleg sektor kutta. Effektiviseringskuttet som har lagt inne dei siste åra, vert vidareført i 2019. For UiB betyr det 17,4 millionar kroner.

– Det betyr at me må redusera med om lag tjue årsverk. Det kan gjerast ved å ikkje tilsetja på nytt etter naturleg avgang, seier Bernstrøm.

– Men vil ikkje dette kuttet forsvinna når ein på den andre sida får meir pengar?

– Nei, ein må følgja dette kuttet, som i hovudsak rettar seg mot administrasjonen. Viss ikkje vil det gå ut over fagleg verksemd, seier Bernstrøm.

Pengar til Griegakademiet

Det UiB hadde håpa å få pengar til, men ikkje har fått, er Entek-bygget. I år ligg det ikkje inne pengar til eit einaste nytt, stort byggeprosjekt i sektoren. Men nybygg for Griegakademiet får prosjekteringspengar, for andre år på rad.

– I fjor låg det inne i ein sekkepost. No har me fått vita at me får pengar til å prosjektera. Me er kjempeglade for det, då kan me halda fram arbeidet med å revidera romprogrammet, seier UiB sin eigedomsdirektør Even Berge.

Nybygget for Griegakademiet skal plasserast ved sidan av bygget der Institutt for kunst og Institutt for design held til, altså på Møllendal. Det kjem bybanestopp like ved, og i 2021 skal arbeidet med det vera ferdig. Berge sitt mål er at ein då skal ha eit ferdig prosjekt, som har vore ute på anbod. Bygget skal etter planen byggast og eigast av Statsbygg, og det skal på same måte som det andre UiB-bygget på Møllendal verta omfatta av staten si husleigeordning.

– Det viktige er at Griegakademiet får tenlege lokale. Det kan me ikkje tilby dei per i dag, seier Berge.

– Hadde de rekna med å få pengar til Entek-bygget?

– Nei, me hadde eigentleg ikkje det, me hadde ikkje fått nokre signal om det på førehand. Men me held fram med arbeidet med å få regulert tomten.

Eigedomsdirektøren seier at ein ikkje må gløyma at UiB dei siste åra har fått pengar til både aula og rehabilitering av Universitetsmuseet.

– Det er ein kamp om midlane. Framover trur eg me kan rekna med at samlokaliseringa ved NTNU vil ta ein stor del av potten, det same vil UiO sitt bygg for livsvitskap. Dei siste åra har ein stor del av  pengane gått til nybygg på Ås, seier Berge, og legg til:

– Det har fungert slik at ein har fått pengar til store byggeprosjekt etter tur, og om lag kvart sjuande år.

Skuffa i Trondheim og Oslo

Både i Trondheim og i Oslo er ein skuffa etter at verken Elgseter gate 10, der helse- og sosialfaga ved NTNU skal integrerast med dei andre helse- og medisinfaga, eller Vikingtidsmuseet, får midlar.

– Me har stått i byggekø i meir enn ti år, og bygget er ferdig prosjektert og klart for igangsetjing, seier NTNU-rektor Gunnar Bovim til Universitetsavisa.

NTNU har bede om 100 millionar kroner til campusutvikling. I fjor fekk dei femti, i år ligg det inne 14.

Ved UiO fortvilar rektor Svein Stølen over manglande pengar til Vikingtidsmuseet på Bygdøy. Dette prosjektet er òg ferdigprosjektert, men har førebels ikkje fått tidspunkt for byggestart.

– Politikarane synest dessverre ikkje å ha tatt innover seg kor dramatisk situasjonen er, seier Stølen i ei pressemelding.

Det siste åra har det vorte oppdaga skadar på både Gokstadskipet og Osebergskipet, og UiO har sendt ei bekymringsmelding til statsråd Iselin Nybø.

– Me er overraska over å ikkje verta høyrt. Det er snakk om nasjonale ikon, og det er høgst merkeleg at regjeringa ikkje prioriterer sikring av desse, seier Håkon Glørstad til Uniforum.

Han er direktør ved Kulturhistorisk museum.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed