Feira ordbok-millionar med kakelunsj

Publisert:8. oktober 2018Oppdatert:8. oktober 2018, 13:00
Peder Gammeltoft (til høgre) leiar Språksamlingane, og fekk spretta kaka som markerer fleire ordbok-millionar over statsbudsjettet for 2019. Foto: Tor Farstad

Norsk Ordbok får to millionar til digitalisering. Det betyr at ord som «automobil» kan lukast ut.

Dei første banda av Norsk Ordbok kom på 1930-talet. Då var det ikkje så mange bilar som køyrde rundt på vegane, og dei vart heller ikkje kalla bil. «Automobil» var ordet, og det er det ein finn i Norsk Ordbok. Ordboka viser det norske folkemålet, altså dialektane, og det nynorske skriftspråket. Siste band vart lansert i 2016, og bokstavane frå I-Å er digitalisert. Men det er ikkje resten.

Før no. På Universitetsbiblioteket var det kake til lunsj måndag. I forslaget til statsbudsjett ligg det inne to millionar ferske kroner til Norsk Ordbok.

– Me er veldig glade for dette, seier Margunn Rauset.

Ho er tilsett som hovudredaktør ved Språksamlingane.

– Dette betyr at me kan koma i gang med digitaliseringsarbeidet, dette er noko ein har venta på i fleire år.

Seks millionar til revisjon

I tillegg ligg det inne seks millionar til revisjon av Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Som På Høyden har skrive, er dette arbeidet allereie i gang.

– Det er kjempefint at revisjonsprosjektet går vidare. Det hadde me håpa på, seier Rauset nøgd.

Både Norsk Ordbok og Bokmåls- og Nynorskordboka er ein del av språksamlingane ved UiB. No håpar Rauset at ein kan tilsetja fleire. Desse vil få ansvar for Norsk Ordbok.

– Eg reknar med at arbeidet no kan starta. Det er ikkje berre behov for digitalisering, men òg for ei oppdatering, smiler ho.

Totalt ti millionar

Pengar til ordbøkene litt under kulturdepartementet. Kulturminister Trine Skei Grande seier i ei pressemelding at ordbøker er ein levande infrastrktur for norsk språk.

– Norsk språk er vår fremste berar av kultur. Korleis vårt kollektive minne har vorte til, ser vi av brukseksempla frå litteraturen, avisspråket og dialektane – kjelder til norsk språk. Dokumentasjon av norsk språk er ei nasjonal oppgåve for oss som kulturnasjon, seier kulturministeren.

I tillegg til pengar til revisjonsprosjektet og Norsk Ordbok, vert det løyva to millionar kroner til Det Norske Akademis Ordbok. Dette er som Norsk Ordbok, eit dokumentasjonsprosjekt, men for bokmål.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed