– Ingen vil at norsk berre skal brukast til å bestille øl

Publisert:29. oktober 2018Oppdatert:29. oktober 2018, 10:28
Statsråd Iselin Nybø er ikkje overraska over den markante nedgangen i bruk av norsk som publiseringsspråk i humaniora. - Men eg synest det er synd, seier ho.

Universitet og høgskular bør jobbe meir aktivt og gjennomtenkt med å legge til rette for norsk og engelsk som parallelle språk, meiner Iselin Nybø.

– Ingen ønsker at norsk skal bli eit språk vi berre brukar til å bestille øl, seier forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø, til På Høyden.

Som eit bidrag til at ikkje så skjer, inviterer ho no saman med kulturminister Trine Skei Grande til konferanse om norsk fagspråk 13. november. Der står nettopp forholdet mellom bruk av norsk og engelsk i akademia på dagsorden.

– Eg vil ta opp behovet for at institusjonane jobbar meir aktivt og gjennomtenkt med å legge til rette for norsk og engelsk som parallelle språk, seier Nybø.

– Akademia har viktig rolle

Som På Høyden tidlegare har skrive, er no berre 10 prosent av vitskapelege tidsskriftartiklar og bøker frå forskarar i Noreg på norsk. På dei største universiteta er andelen lågare – på NTNU vart berre 5 prosent publisert på norsk i 2017. Særleg innan humanistiske fag går bruken av norsk som publiseringsspråk ned, ifølgje tal gjengitt i bladet Forskningspolitikk.

Dette gjeld både målt i prosentdel og i absolutte tal, ifølgje tal frå NIFU og Forskningsrådet.

– Akademia har ei viktig rolle i å sørge for at norsk er eit levande språk, og at det er eit språk vi brukar i alle aspekt. Det er eit lovfesta ansvar for universitets- og høgskulesektoren, seier Nybø.

HF-dekan: – Fin ting at vi har engelsk

Norsk har lenge vore nær fråverande som publiseringsspråk innan realfag, teknologifag, medisin og helsefag. No peikar også kurvene i humanistiske fag bratt nedover, særleg ved Universitetet i Oslo (UiO) og NTNU. Ved UiO har andelen norsk dalt frå 43 prosent i 2011 til 24 prosent i 2017. Humaniorafaga ved NTNU har gått frå 35 til 21 prosent 

UiB held seg derimot meir stabilt med rundt 30 prosent publisering på norsk. Dekan ved Humanistisk fakultet (HF) ved UiB, Jørgen Sejersted, har ikkje noko enkel forklaring på kva dette skuldast.

– Kanskje har ein i Oslo vore raskare med å tilpasse seg forskingspolitiske føringar for internasjonalisering. UiB er dessutan eit nynorskuniversitet. Ein kan spekulere i om det speglar eit generelt språkleg medvit og fører til ei tydelegare språkpolitisk linje her, seier Sejersted, som sjølv er nordist.

Han meiner det er eit naturleg mål at alle på HF publiserer både på norsk og engelsk.

– Det er ein fin ting at vi har engelsk til å kommunisere med globalt og på tvers av nasjonsgrenser. Då er det viktig at vi utviklar eit høgt nivå på engelsken. Samstundes må ein oppretthalde norsk på alle nivå. Innan humaniora er det gjerne reflekterande argumentasjon der språket er viktig, og det kan gå utover kvaliteten om ikkje språket er godt nok, enten det er engelsk eller norsk, seier Sejersted.

– Samstundes er det forskingspolitiske trykket for meir internasjonalisering ei utfordring for delar av humaniora. Vi merkar at forpliktinga til å ta vare på fag forankra i nasjonal kultur og språk ikkje er like klar som før, seier Sejersted.

Språkpolitikk bak open publisering

Statsråd Nybø viser mellom anna til at «det er språkpolitiske grunnar» til at regjeringa har sett av 16 millionar til å støtte overgangen til open publisering i norske humanistiske og samfunnsvitskapelege tidsskrift.

– Det er viktig å ta vare på tradisjonen for å publisere på norsk i desse faga, blant anna for kompetanseheving, livslang læring og ein opplyst offentleg samtale, seier Nybø.

Når det gjeld humaniora, seier Nybø at ho ikkje er overraska over den markante nedgangen i bruk av norsk. 

– Men eg synest det er synd.

– Vi kan gjere meir

Direktør for Språkrådet, Åse Wetås, seier universiteta ikkje gjer nok for å demme opp for presset frå engelsk og styrke norsk språk. Er du einig i det?

– Eg meiner også vi kan gjere meir. Eg forstår dilemmaet, seier statsråden.

– I tillegg til å peike på det lovfesta ansvaret til universitet og høgskular, kva tiltak ser du for deg?

– Lova er jo det sterkaste verkemiddelet vi har, men eg ser problemstillinga, og det er difor vi også har invitert til denne konferansen om norsk som fagspråk saman med kulturministeren.

På språkkonferansen, som går av stabelen 13. november ved UiO, skal mellom anna den amerikanskfødde rektoren ved Oslomet, Curt Rice, debattere med nynorskprofil og dekan ved Høgskulen i Volda, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed