Rice tilsett i Oslo, framleis valt rektor i Molde

Publisert:26. oktober 2018Oppdatert:26. oktober 2018, 13:17
Curt Rice vert rektor ved Oslomet fram til 2023.

Ein høgskule og eit universitet drøfta rektortilsetjingar denne veka. Ingen av vedtaka var samrøystes.

Ved Oslomet vart Curt Rice tilsett som rektor i fire nye år. Det vedtok universitetsstyret torsdag. Rice har vore rektor i snart fire år, og fekk fire utfordrarar då stillinga vart lyst ut på nytt. Den mest reelle var truleg Jan Gulliksen. Han er viserektor ved Kungliga Tekniska Högskolan i Uppsala i Sverige. Gulliksen har norske foreldre, men vaks opp i Sverige.

To for Gulliksen

Bjørn Smestad og Tatjana Felberg, som berre representerer dei vitskapeleg tilsette i styret, røysta for Gulliksen som rektor. Det skriv Khrono. Dei ni andre representantane røysta for Rice.

– Heile styret er samde om at begge kandidatane skulle innstillast. At vedtaket ikkje er samrøystes betyr at Oslomet har hatt to gode kandidatar til jobben. Det viser ein styrke for Oslomet, seier styreleiar Trine Syvertsen til Khrono.

Sju mot fire i Molde

I Molde skulle styret bestemma om høgskulen framleis skal ha valt rektor, eller om ein skulle gå over til tilsett leiing. Til slutt vart det fleirtal for framleis valt rektor, med sju mot fire røyster. Det skriv Panorama.

Det var berre dei eksterne styremedlemmene som røysta for tilsett rektor. Dette er modellen Kunnskapsdepartementet tilrår. Molde Næringsforum hadde òg tilrådd denne modellen i eit brev dei sendte til styremedlemmene dagen før møtet, skriv Panorama.

Terje Dyrseth er ein av dei eksterne representantane i styret. Han var svært tydeleg på at han ønskjer tilsett rektor.

– Det demokratiske vert teke vare på om me tilset ein rektor òg, de er godt representer i styret, og styret vil aldri tilsetja ein despot. Systemet i dag gjer rektor til ein småkonge, medan ein tilsett rektor vil gjera slik som styret vil, meinte Dyrseth.

Rektor kunne tenkt seg å vera tilsett

Steinar Kristoffersen er i dag valt rektor ved Høgskolen i Molde. Under debatten sa han at han ville venta med å flagga sitt eige synspunkt, for å hindra at debatten vart for polarisert. Etter kvart sa han kva han meiner, skriv Panorama.

– Todelt leiing og valt rektor fungerer godt i dag, men eg ser at det kanskje hadde vore enklare å vera leiar om eg var tilsett av oppdragsgivaren i departementet. Eg ønskjer likevel å halda fast ved dagens ordning, og lyttar særleg til alle høyringssvara som peikar i ein retning, sa Kristoffersen.

Ved Oslomet kan Curt Rice gå i gang med sin andre periode som rektor.

– Me har kome langt på tre år – me har vorte universitet og teke ein tydeleg posisjon i samfunnsdebatten, og utviklar kontinuerleg kvaliteten på utdanningane og forskinga vår. Dette arbeidet skal me halda fram med, i tillegg til at eg gler meg til å utvikla nye, spanande satsingsområde framover, seier Rice i ei pressemelding.

Han skal vera rektor fram til 2023. Så lenge vil det òg i alle fall vera valt rektor i Molde.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed